Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger
post@sfj.no
Angst for tannbehandling?
Gjennom tilskot frå Helsedirektoratet tilbyr tannhelsetenesta tilrettelagt tannbehandlingstilbod for tortur- og overgrepsutsette og personar med sterk angst for tannbehandling (odontofobi). Tilbodet vert forkorta TOO og vart oppretta i 2015 i Sogn og Fjordane .
Hos oss vil du få samtalar med psykolog og tilvenning til tannbehandling av tannhelsepersonell med spesialkompetanse. Behandlingsmetoden som blir brukt er hovudsakeleg kognitiv åtferdsterapi og blir utført i samarbeid med psykolog. Teamet som møter deg består av psykologen, tannhelsesekretær, tannpleiaren og/eller tannlege. Teamet vert kalla Tverrfagleg-team TOO.
Hovudmålet med behandlinga
Hovudmålet med behandlinga er å trene deg opp til å meistre delar av tannbehandlinga som er vanskeleg for deg, slik at du i etterkant kan fortsette tannbehandling hos din faste tannlege eller tannpleiar. Om du ikkje har ein tannlege allereie vil vi hjelpe med å finne ein tannlege til deg.
Det tverrfaglege teamet behandlar hovudsakleg den tannbehandlingsrelaterte angsten, men utfører også varierande grad av tannbehandling som ein del av angstbehandlinga.
Behandlingskostnader
Behandlinga som vert utført innanfor TOO er kostnadsfri. Det same er naudsynt tannbehandling utført av tannlegar knytta til det tverrfalglege teamet. Eventuell framtidig tannbehandling hjå ein anna tannlege må du betale, dersom ein ikkje har andre spesifikke tilstandar i munn og tenner som gjev rett til trygderefusjon.
Tilvisning
Barn og unge mellom 10 og 20 år skal tilvisast frå sin offentlege tannlege. Vaksne kan vende seg direkte til TOO-teama på eige initiativ eller vere tilvist frå tannlege, lege eller psykolog.
Om du trur at vi kan hjelpe deg eller har spørsmål om tilbodet er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt med oss!
Teama held til ved:
Sogndal Tannklinikk
Parkvegen 17
6856 Sogndal
Tlf. 57 62 71 80
E-post: odontofobiteam.sogndal@sfj.no
Florø Tannklinikk
Hamregata 6, postboks 1064
6901 Florø
Tlf. 57 74 66 80
E-post: odontofobiteam.floro@sfj.no
Fylkesdirektør

Clara Øberg