Aksjonskomiteen håpar på gjevarglede i Sogn og Fjordane

Årets tv-aksjon går til forsking på demens, informasjon og opplæring om demens og frivillig arbeid for personar med demens. Aksjonskomiteen i Sogn og Fjordane håpar nok ein gong på rekordstor gjevarglede på aksjonsdagen 20. oktober.

Over 70 000 menneske i Norge har demens, og 10 000 får sjukdommen kvart år. Sjukdommen går til angrep på hjernecellene og råkar funksjonar som språk, hukommelse og orienteringsevne. Minst 300 000 personar er pårørande til ein demenssjuk. Dessverre opplever over 60 prosent at familie og vener trekkjer seg unna.

Gi til viktig føremål

Sogn og Fjordane har alltid utmerka seg med stor gjevarglede i tidlegare tv-aksjonar. Årets aksjonskomité lovar å leggje til rette for at Nasjonalforeningen for folkehelsa skal få inn så mykje som råd til eit godt føremål.

– Eg håpar innbyggjarane i fylket er rause også i år og gir til dette viktige føremålet. Eg oppmodar alle om å ta godt imot bøsseberarane søndag, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes, som er med i aksjonskomiteen.

Dei innsamla pengane skal nyttast til ei rekkje tiltak, mellom anna til å

  • lære opp frivillege til å bli aktivitetsvener
  • styrke arbeidet med møteplassar og aktivitetar for personar med demens og pårørande
  • auke kunnskapen om demens i samfunnet slik at dei med sjukdomen vert møtt med aksept og forståing
  • etablere eit langsiktig forskingsprogram, forstå årsak til demenssjukdomar, korleis ein kan førebyggje, bidra til å utvikle betre behandling

Aksjonsdagen er søndag 20. oktober.

Meir om tv-aksjonen 2013.

Meir informasjon

Kristin Sandal
fylkesaksjonsleiar
tlf. 952 85 015
e-post: sognogfjordane@tvaksjonen.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut