Åtte kommunar med i satsing for å førebyggje skader og ulukker

Sogn og Fjordane fylkeskommune har invitert alle kommunane i fylket med i ei målretta og langsiktige satsing for å førebyggje skader og ulukker. Flora, Førde, Eid, Gloppen, Balestrand, Luster, Årdal og Høyanger deltek. Dei møtast til oppstartssamling og arbeidsverkstad i Førde onsdag 18. januar.

Sogn og Fjordane fylkeskommune fekk i 2005 status som trygt lokalsamfunn i det globale nettverket til Verdas helseorganisasjon (WHO). Satsinga mot kommunane går inn i dette arbeidet. Det er også ein del av det ansvaret fylkeskommunen har fått i den nye folkehelselova.

Ulukkestala går ned med lokal mobilisering

Kommunane som deltek i satsinga skal sjølve definere spesifikke fokus- og tiltaksområde. Dette kan vere ulukker hos eldre, sport- og fritidsskader, rus/vold, trafikkulukker eller andre område. Målsetjinga med arbeidet er å få til eit godt arbeid etter WHO-modellen. Fylkeskommunen krev ikkje at kommunane skal søkje om medlemskap i Trygge lokalsamfunn/Safe Communities.

Erfaringa viser at når ein får til ei lokal mobilisering på tvers av sektorar, går ulukkestala ned. Bruk av helseprofilar (skader/ulukker som indikator) kan gjere det lettare for kommunane å identifisere og følgje opp problemområde og risikogrupper.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes oppmoda alle kommunane i fylket til å bli trygge lokalsamfunn då ho opna folkehelsedagane i november i fjor.

Førebygging gjev helsegevinst og sparer kostnader

Det er gode muligheitene for å førebyggje ulukker dersom det vert lagt til rette for det. Det er god økonomi i å førebyggje framfor å behandle og reparere. Investering i førebyggande arbeid og tidleg innsats skal over tid både gje helsegevinst og spare helse- og samfunnskostnader.

Samhandlingsreforma og ny folkehelselov byrja å gjelde 1. januar og skal no utførast i praksis. Satsinga mot kommune vert ein viktig del av dette og må tilpassast den einskilde kommune sine utfordringar og ressursar. Difor vil både kursprogram og samlingar bli komprimerte og skreddarsydde etter innspel frå kommunane.

Tematisk oppbygd satsing

Kommunane får tilbod om ulike dagseminar i løpet av 2012, samt oppfølging mellom samlingane. Satsinga er bygd opp med desse tematiske hovudbolkane:

  • Samarbeid og samhandling i folkehelsearbeid – planlegging og prosessleiing på tvers av fag, sektorar, forvaltningsnivå og med deltaking frå viktige brukargrupper.
  • Planlegging og prosessleiing av tryggleik- og tilgjengelegheitsfremmande arbeid.
  • Gode skadedata, korleis ein skaffar og bruker desse – og behovet for kartlegging av tilgjengelegheit til viktige publikumsbygg og offentlege uteområde.
  • Skadeførebyggane og tryggleiksfremmande arbeid; lovverk, teori og praksis.
  • Universell utforming/fysisk planlegging; lovverk, teori og praksis.

For meir informasjon, ta kontakt med

Heidi Ekehaug
rådgjevar folkehelse
telefon: 456 61 994
e-post: heidi.karin.ekehaug@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette