Årsrapporten for 2011 er klar

Vedlikehald av fylkesvegane er ein av utfordringane fylkesrådmannen peiker på i forordet til årsrapporten.

Staten må ta vegansvar

Fagetatane har i framlegget til Norsk Transportplan 2014–23 rekna ut at forfallet på tunnelar, bruer og kaier på fylkesvegane er på 2,3 mrd. 2012-kr. Dersom vi legg til drenering, vegfundament, murar, rekkverk mm., er totalnivået no 3,8 mrd.

– I 2010 overtok vi eit vegnett i forfall. Dei økonomiske rammene våre er for små til å stogge dette forfallet. Det er heilt urealistisk å auke standarden utan eit eige statleg program for rehabilitering av fylkesvegnettet. Det burde vore løyst alt ved overtakinga i 2010. Staten må no ta dette ansvaret, oppmodar Øhlckers.

Krevjande eigarskap

Tidlegare medeigar i Fjord1, Møre og Romsdal fylkeskommune, overførte i 2011 sine 41 prosent av aksjane til Havila AS. Det aktualiserte også eigarskapen til Sogn og Fjordane, som hadde forkjøpsrett på Møre og Romsdal-aksjane. Fylkestinget vedtok å ikkje nytte forkjøpsretten, men framleis halde på våre 59 prosent av aksjane.

– Vi er no truleg den einaste fylkeskommunen som eig eit så stort reiarlag. Det vert spanande om verksemda i åra som kjem kan auke verdien og levere tilfredsstilland utbytte. Det vert òg krevjande å handtere både å vere bestillar av transporttenester og hovudeigar i ei bransje med tøff konkurranse mellom få og store aktørar, skriv fylkesrådmannen.

Han nyttar også forordet til å takke for seg. Øhlckers avsluttar no sitt seks år lange åremål som fylkesrådmann.

Årsrapport 2011

For meir informasjon

Jan Øhlckers
telefon: 415 30 963
e-post: jan.ohlckers@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker