– Hugs refleks i haustmørket

I dag – 17. oktober – er den nasjonale refleksdagen. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes nyttar høvet til å oppmode alle om å hugse refleks når dei går ut i haust- og vintermørket.

Fylkeskommunen har arbeidd med trafikktrygging i mange år. Ein viktig del av dette arbeidet er å få fleire til å bruke refleks. Fylkeskommunen deler blant anna ut refleksprodukt og ha vore med og markert refleksdagen fleire gonger.

Eigen reflekskolleksjon

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes er særleg oppteken av å få endå fleire til å hugse refleksen. Som tidlegare leiar i det fylkeskommunale trafikktryggingsutvalet, tok ho initiativet til det som no har blitt til ein kolleksjon designklede med innebygde reflekselement.

– Vi såg at vi med utdeling av tradisjonell refleks nådde berre ei avgrensa gruppe. Vi kom ikkje over ein viss prosent når det gjaldt refleksbruk. No håpar eg Remerk-kolleksjonen kan bidra til at fleire, særleg vaksne, nyttar refleks. Dette er noko av det aller viktigaste vi kan gjere når vi bevegar oss i trafikken på mørke haust- og vinterkveldar, seier Kjelsnes.

Designmiljøa i Stryn står bak Remerk-prosjektet, saman med Trygg Trafikk, Norsk Designråd og Reflexconsult.

Meir om Remerk.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
post@sfj.no