HFU

Informasjon frå helsesjukepleiar

Då går vi inn i ferien sommaren 2020.

For mange av dokke er det ein lang ferie. Nokon fyller dagane med jobb, medan andre har få planar. Det er viktig for kvar og ein at ein prøvar å halde på rutinar, med nok søvn (ikkje snu døgnet), eit sunt og variert kosthold og at ein held seg aktive. Det er lett at slike rutinar sklir ut i feriar, så sjølv om dette er ei tid for mykje kos og hygge, er det lurt å halde nokonlunde på rutinane. 

Helsestasjon for ungdom er open i heile sommar, kvar onsdag frå kl.13-15. Vi held til i Rådhuset i Måløy, andre etg. Vi kan nåast på telefon, også andre dagar. Telefonnummer ligg på heimesida til Kinn kommune, helsestasjonen. Husk at ingen saker er for små eller store for at dåkke kan komme til oss, vi er alltid tilstades for dåkke. Terskelen for å ta kontakt med helsesjukepleiar skal være lav. Det kan gjelde;

  • Rådgjeving ved til dømes tristhet, problem i heimen eller med venar, søvnvanskar, rusproblem, eteforstyrring
  • Prevensjonsrettleiing; vi kan rekvirere resept og sette inn/ta ut p-stav.
  • Graviditetstest
  • Gratis kondomar ligg alltid tilgjengeleg
  • Elles andre ting som skulle dukke opp der du treng å prate med nokon eller for rådføring

Så husk at vi er tilgjengeleg for dåkke også i ferien.

Ynskjer alle ein riktig god sommar!

Ta vare på dykk sjølve

 

Birgitte

Helsesjukepleiar