Det siste fylkestinget i bilete
10. desember 2019 var tidspunktet, Sogndal var staden – for det siste møtet for fylkestinget i Sogn og Fjordane.
Fylkesordførar Jenny Følling tok plass ved dirigentbordet for siste gong, flankert av fylkesrådmann Tore Eriksen og juridisk sjef, Svein Hågård. Sakslista for møtet var kort, men på agendaen stod fleire innslag som markerte slutten for Sogn og Fjordane fylkeskommune og starten på noko nytt med Vestland fylkeskommune.
Fem av distriktsmusikarane deltok ved opninga av fylkestinget, Elin Schei Stuhaug og Håkon Høgemo på hardingfele, Ole Nilssen og Tom Karlsrud på trekkspel og Malin Alander med folkesong.
Fylkeskulturprisen for Sogn og Fjordane blir delt ut på desembertinget kvart år – også i 2019. Den siste fylkeskulturprisen gjekk til Ann Lundekvam og Bjørg Hovland for arbeidet deira med drakt- og bunadstradisjonar i fylket. Prisen vart delt ut av fylkesordførar Jenny Følling og leiar for hovudutval for næring og kultur, Karen Marie Hjelmeseter.
– Både Ann og Bjørg er damer med eit stort engasjement for det lokale kulturlivet. Vi snakkar ofte om at kultur er limet i samfunnet. Eg tenkjer at desse damene er gode døme her. Dei bind saman generasjonar og aktivitetar og skapar samhald, dei formidlar verdien i tradisjonar og legg grunn for vidareføring, utvikling og nyskaping. For tradisjonane vert alltid omskapte, sa Hjelmeseter.
Sjølve sakshandsaminga på det siste fylkestinget var relativt raskt unnagjort. Fylkestinget handsama tre saker: økonomisk støtte til biomedisinsk forsking på ME, endringar i budsjettet for 2019 og utviding av låneavtalen for nytt opplæringsfartøy.
Møteboka for fylkestingsmøtet 10. desember 2019 kan du lese her.
Professor Oddmund Hoel ved Høgskulen på Vestlandet er ein av dei fem forfattarane bak "Soga om Sogn og Fjordane", som kom ut i fire band 2017. På det siste fylkestinget var han invitert til å kome med eit historisk tilbakeblikk på både fylket og fylkeskommunen Sogn og Fjordane. Han var innom ulike tema og større og mindre hendingar, blant anna sjukehusstriden på 1970-talet.
Medan Hoel såg bakover, såg Frøy Gudbrandsen framover. Sjefsredaktøren i Bergens Tidende reflekterte over korleis ein kan utvikle området Sogn og Fjordane innanfor nye Vestland fylkeskommune.
Dans utan grenser stod for kulturinnslag nummer to på Quality Sogndal Hotel denne historiske dagen. Dansande ungdom frå Balestrand, Leikanger og Sogndal bidrog med dans i ulike sjangrar og med ulike uttrykk.
På slutten av fylkestinget var det tid for å takke av. Fylkesvaraordførar – og tidlegare fylkesordførar – Åshild Kjelsnes fekk ordet først. Ho vart først valt inn i fylkestinget i 1992 og var med fram til avslutninga i 2019. Ho hadde såleis mange historier å fortelje då ho takka for seg. Kjelsnes hadde også laga ein presentasjon med mange av bileta frå åra sine i fylkespolitikken, noko dei andre politikarane sette stor pris på.
Fylkesrådmann Tore Eriksen og fylkesordførar Jenny Følling nytta også høve til å takka for seg. Følling har vore fylkesordførar dei siste fire åra og var fylkesvaraordførar fire år før der att. No held ho fram som folkevalt i Vestland fylkeskommune og som varaordførar i Sunnfjord kommune. Tore Eriksen har vore fylkesrådmann sidan 2012 og går no inn i ei rolle som spesialrådgjevar for fylkesrådmann Rune Haugsdal i Vestland.
Avslutninga på det siste fylkestinget var det distriktsmusikarane Leif Aslaksrud, Akiko Anazawa og Bjørn Gisle Seter som stod for. Dei framførte "O Vestland Vestland" og fekk fylkestinget med seg på allsang.
Etter at det formelle fylkestinget var avslutta, var det tid for fleire helsingar og gåveoverrekking på kvelden 10. desember. Der vart det overrekt gåver til fylkesrådmannen, fylkesordføraren, fylkesvaraordføraren og til alle fylkestingsrepresentantane.