Fotocollage med tre bilete frå fylkesmeisterskapen i yrkesfag ved Sogndal vidaregåande skule i februar 2018. Det første biletet syner ein elev ved ei grøn maskin i ein stor verkstad, det neste er ei jente i kokkeuniform, som rører i ei panne, og det tredje er ein gut i ei gravemaskin.

Foto: Medium og kommunikasjon, Sogndal vidaregåande skule

Fagdag om fleirspråklegheit i yrkesfagleg opplæring

Fylkesdirektøren for opplæring inviterer deg som arbeider med fleirspråklege elevar, lærlingar eller tilsette til fagdag i Sogndal, Førde eller på Eid.

Målgrupper for fagdagen er faglege leiarar og instruktørar i lærebedrifter, arbeidslivskontaktar og programfaglærarar på dei vidaregåande skulane – og andre med interesse for temaet.

Det vert fagleg påfyll, nyttige rettleiingsverktøy og rom for erfaringsutveksling. Programmet er sett opp frå kl. 10.00 til kl. 14.30.

Smakebitar frå programmet

  • situasjonsbiletet om opplæring i bedrift 
  • grunnleggjande om kultur og kommunikasjon på ein fleirkulturell arbeidsplass
  • "den gode samtalen" – å forstå og bli forstått på ein arbeidsplass
  • tilbakemeldingar til vekst og utvikling

Tid og stad

  • Sogndal vidaregåande skule 3. desember
  • Eid vidaregåande skule 4. desember
  • Hafstad vidaregåande skule i Førde 5. desember

Meld deg på fagdagen.

Fristen for å melde seg på er 15. november.

For meir informasjon

Essi Mäki
Essi.Annika.Maki@sfj.no

Yrla Klein
Yrla.Klein@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut