Foto frå eit møte i fylkestinget, som syner heile fylkestinget.
Foto frå eit møte i fylkestinget, som syner heile fylkestinget.

Fylkestinget hadde møte på Hotel Alexandra i Loen 8. oktober.

Fylkestinget erklærer klima- og miljøkrise

Fylkestinget vedtok 8. oktober å erklære klima- og miljøkrise. Fylkesordførar Jenny Følling tek til orde for ein ambisiøs klimapolitikk.

– Vi i fylkestinget i Sogn og Fjordane tek klima- og miljøutfordringane på alvor. Klimaomstillinga må no skje endå fortare enn vi tidlegare har lagt opp til. Å erklære krise no er startskotet for ein ambisiøs klimapolitikk, og dette må integrerast i alt vi gjer, slår fylkesordførar Jenny Følling fast.

Treng nye løysingar

Debatten i fylkestinget gjekk blant anna på om ein skal bruke eit ord som krise, om dette blir oppfatta som symbolpolitikk, men også at det har vore ei rivande utvikling på dette området dei siste fire åra. Fleire av politikarane viste til at fylkeskommunen i nytt båtanbod ber om åtte utsleppsfrie hurtigbåtar frå 2024.

– Vi er i gang med klimaomstillinga, og klimaperspektivet skal vere eit viktig premiss for alt vidare arbeid i både Sogn og Fjordane og seinare i Vestland fylkeskommune. Vi må finne miljøvenlege løysingar på mykje, alt frå energikjelder og næringsutvikling til matproduksjon. På Vestlandet er det særs gode høve for å delta i ei spanande og nødvendig utvikling, seier Følling.

Vedtaket i fylkestinget vart gjort mot ei røyst, Frank Willy Djuvik (FrP) si.

Oppmoda til nasjonal klimakrise

Fylkestinget vedtok også å oppmode til ei nasjonal kriseerklæring, då mykje av handlingsrommet ligg på nasjonalt nivå. Vedtaket vil difor bli sendt vidare til statsministeren sitt kontor og klima- og miljøminister Ola Elvestuen for å oppmode om at dette på nytt vert handsama på nasjonalt nivå.

– Vi skal ta det regionale ansvaret vi har, men treng støtte frå nasjonalt nivå for å nå måla våre. Vi må tenke globalt, men handle lokalt. Her må nasjonalt nivå støtte oss som ønskjer å gå føre i klimaarbeidet, seier fylkesordføraren.

Innbyggjarinitiativ

Klimakriseerklæringa kjem som eit resultat av eit innbyggjarinitiativ og ein underskriftskampanje. Organisasjonen World Saving Hustle har samla inn over 500 underskrifter i kampanjen «Erklær klimakrise NÅ! Sogn og Fjordane», noko som gjer at fylkestinget pliktar å ta stilling til det.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut