Foto frå utdeling av bedriftsutviklingsprisen for landbruket 2019.
Foto frå utdeling av bedriftsutviklingsprisen for landbruket 2019.

F.v. leiar i hovudutval for næring og kultur, Karen Marie Hjelmeseter, Ole Jakob Nedrebø (SMOK), Kjartan Åsnes (SMOK), fylkesordførar Jenny Følling, Hilde Åsnes (SMOK), Jo-Helge Sunde i Storfeprosjektet i Sogn og Fjordane, Bjørn-Harald Haugsvær hjå Fylkesmannen i Vestland.

Landbrukssamarbeid heidra med pris

Straumsnes Mjølk og Kjøt (SMOK) DA og Storfeprosjektet i Sogn og Fjordane ved Jo-Helge Sunde vinn Bedriftsutviklingsprisen i landbruket for 2019 i Sogn og Fjordane. 

I dag vil vi heidre ein standhaftig entusiasme og ei gjennomføringsevne i særklasse, seier Kristine Kopperud Timberlid, avdelingsleiar i Innovasjon Norge Vestland, om dagens vinnar.

I år er 16 år sidan Storfeprosjektet i Sogn og Fjordane såg dagens lys med Jo Helge Sunde som prosjektleiar. Og det er 12 år sidan Kjartan Åsnes, Ole Jakob Nedrebø og Hilde Åsnes etablerte samdrifta Straumsnes Mjølk og Kjøpt DA.

– Bedriftsutviklingsprisen i landbruket skal synleggjere og heidre innovative bedrifter i landbruket. Det er eit stort mangfald og ei spennande utvikling i norsk landbruk i dag, noko Straumsnes Mjølk og Kjøt DA er eit godt døme på, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

Samarbeid og sosialt samhald

Straumsnes Mjølk og Kjøt DA (SMOK) driv felles mjølke- og storfekjøtproduksjon, for å oppnå best mogeleg utnytting av jordbruksareala på Straumsnes i Fjaler. SMOK er ei samdrift i ordet si rette tyding. Her tek alle eit tak, analyserer drifta og set opp felles mål for den vidare drifta.

– Vi var samde om at vi alle skulle delta aktivt i arbeidet. Samdrifta skulle ikkje berre vere eit samarbeid på papiret, med mange passive eigarar. Den sosiale sida ved samarbeidet er utruleg viktig for trivselen vår, seier Kjartan Åsnes, dagleg leiar i SMOK og heiltidsbonde.

Driftsopplegget til SMOK er inspirert av metodikk frå andre delar av næringslivet. Det er ikkje kvardagskost i norske landbruksforetak.

– Management basert på regelbunde styremøte, der eigarane diskuterer og legg planar på grunnlag av  oppdatert informasjon om den økonomiske og driftsmessige stoda – avlingsnivå, kvalitet på fôrprøvar, mjølkekvalitet og avdrått, er avgjerande for at vi har dagens produksjonsomfang, hovudsakleg basert på lokale ressursar, seier Kjartan Åsnes. 

Optimisme og moderne bygg

Storfeprosjektet i Sogn og Fjordane har vore ein viktig bidragsytar til at SMOK og om lag 140 andre gardsbruk, har satsa på framtida og bygd moderne driftsbygningar i fylket.

– Utan mobiliseringa og rettleiinga frå Jo Helge Sunde og Storfeprosjektet i Sogn og Fjordane hadde vi truleg følgd straumen her på kysten og langt ned gardsbruka våre. I staden har vi i dag ein god arbeidsplass i landbruket, kultiverer om lag 850 dekar og produserer 430 tonn mjølk og 15 tonn storfekjøt, seier Åsnes. 

- Storfeprosjektet i Sogn og Fjordane har klart å skape tru på framtida og bruksutbygging i ei næring som var prega av pessimisme. Frå å vere eit fylke prega av stillstand og liten investeringsvilje innan storfe, har mjølk- produsentane i Sogn og Fjordane gjennom ei målretta satsing lagt om til lausdrift og robotmjølking, seier Bjørn Harald Haugsvær, leiar i styringsgruppa.

Framtida og ressursutnytting

Hovudmålet med Storfeprosjektet i fylket, er å ta vare på Sogn og Fjordane sin relative del av mjølkeproduksjonen i landet. Det har dei klart så langt, sjølv om fylket har dei minste gardsbruka i landet, og meir enn 50 prosent av gardbrukarane har lagt ned mjølkeproduksjonen i denne perioden.

– Kravet om lausdrift frå 2034 gjer det heilt nødvendig med framleis store investeringar i næringa dei neste 15 åra. Godt fagmiljø, driftsopplegg basert på tilgjengeleg ressursgrunnlag, gjennomarbeidde planar for investeringane og høg tillit til rådgjevarane vil vere avgjerande for å lukkast, seier Kristine Kopperud Timberlid, avdelingsleiar i Innovasjon Norge Vestland.

Fakta om bedriftsutviklingsprisen i landbruket

  • Innovasjon Norge deler kvart år ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet.
  • Det er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i bygdene og landbruket sine ressursar.
  • Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50 000 kroner.
  • Dei fylkesvise vinnarane deltek så i den nasjonale konkurransen om 250 000 kroner.
  • Den nasjonale prisen vert delt ut under Grüne Woche i Berlin i januar 2020.

Juryen har bestått av

  • Karen Marie Hjelmeseter, juryleiar og leiar i hovudutval for næring og kultur
  • Merete Støfring, Sogn og Fjordane Bondelag
  • Randi Erdal, Fylkesmannen si landbruksavdeling
  • Ann Elisabeth Tveit, Innovasjon Norge

Kontaktpersonar

  • Straumsnes Mjølk og Kjøt DA, ved Kjartan Åsnes, 991 60 341
  • Storfeprosjektet i Sogn og Fjordane, ved Jo Helge Sunde, 971 69 845
  • Innovasjon Norge Vestland, v/Kristine Kopperud Timberlid, 952 26 051
  • Juryleiar og leiar i hovudutval for næring og kultur, Karen Marie Hjelmeseter, 918 47 736

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut