Foto av Vemund Eldegard som tek imot gründerprisen for ungdom 2017. Han held eit diplom, ein blomsterbukett og er flankert av fylkesordførar Jenny Følling og leiar for hovudutval for næring og kultur, Karen Marie Hjelmeseter.
Foto av Vemund Eldegard som tek imot gründerprisen for ungdom 2017. Han held eit diplom, ein blomsterbukett og er flankert av fylkesordførar Jenny Følling og leiar for hovudutval for næring og kultur, Karen Marie Hjelmeseter.

Vemund Eldegard og Elde cosmetics tok imot gründerprisen for ungdom i 2017. Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Kven fortener gründerprisen for ungdom i 2019?

No kan du nominere kandidatar til gründerprisen for ungdom. Prisen på 50 000 kr skal stimulere unge menneske i Sogn og Fjordane til å etablere nye verksemder og skape nye arbeidsplassar i fylket.

Aktuelle kandidatar til gründerprisen må vere mellom 18 og 35 år og busett i Sogn og Fjordane. Verksemda må vere lokalisert i fylket og etablert i løpet av dei siste fem åra. Nyetableringa skal ha eit tydeleg forretningspotensiale.

Føreslå deg sjølv eller andre

Skjema for nominasjonar finn du på denne sida. Der finn du òg meir informasjon om kriterium for prisen. Du kan nominere di eiga verksemd eller nokon andre som fortener prisen innan 21. mars. Prisen vert delt ut på fylkestinget 24. april.

Juryen for prisen er samansett av representantar frå Innovasjon Norge, NHO, Fylkesmannen i Vestland og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Høgthengande pris

Gründerprisen for ungdom vart sist delt ut på fylkestinget desember 2017. Då gjekk prisen til Elde Cosmetics, som no sel hudpleieprodukta sine til land som Thailand, Australia og USA. Bedrifta held til i Førde og vart starta av gründeren Vemund Eldegard i 2009.

Tidlegare har mellom andre SGN Skies, Videonor og Moods of Norway vunne prisen.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ingvild Andersen
rådgjevar
Ingvild.Andersen@sfj.no
​952 89 291

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00