logo for dagsturhytta

(Foto: Sparebanken Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Gaular: Skaraly

Dagsturhytta til Gaular kommune kjem i desember 2018. Den vil få solcellepanel for å ha lys innvendig. I tillegg skal den ha eige sanitæranlegg. 

Tilkomst og parkering

Parkering ved Nygjeldshaugane. Køyr til bygstad, forbi Rytne gard og betal bompengar.

Stien til hytta

Turen går i fint og luftig turterreng i same trasè som Storehesten opp. Stien er godt opparbeidd med grus, singel, steinheller og rekkverk enkelte stader. På veg opp mot hytta går ein forbi eit fint støylsområde. Frå hytta er det fint å ta turen vidare til både Litlehesten og Storehesten. 

Avstandar

Turen opp tek om lag 40 minutt i normalt gåtempo. Turen har variert stigning og er middels krevjande. Hytta ligg på om lag 750 moh, og hødeskilnaden frå parkering til hytta er om lag 200 meter.