Foto av gangbrua på Amfi kjøpesenter i Førde. Biletet er teke seint på kvelden, det er klårt og mørkt og lys inne frå skywalken.
Foto av gangbrua på Amfi kjøpesenter i Førde. Biletet er teke seint på kvelden, det er klårt og mørkt og lys inne frå skywalken.

Foto: Oskar Andersen/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Høyring – Planprogram for regional planføresegn om lokalisering av handel og kjøpesenter

Kvar skal kjøpesenter og ulike former for handel plasserast i byane og bygdene våre? Planprogram for regional planføresegn om lokalisering av handel og kjøpesenter er no ute på høyring og offentleg ettersyn.

Fristen for å kome med innspel er 9. november 2018.

Her kan du gå rett til skjema for å sende inn høyringsfråsegn.

Planprogrammet set rammene for det vidare arbeidet med regional planføresegn om lokalisering av handel og kjøpesenter. Planprogrammet inneheld framlegg til mål, framdrift, kven vi skal ha møte med, korleis vi skal få innspel, kva utgreiingsbehov vi har i planprosessen og kva som kan bli resultatet av revideringa.

Kvifor ei regional planføresegn om lokalisering av handel og kjøpesenter?

Føremålet med arbeidet er å utabeide ei revidert planføresegn som balanserer ønskje om større handelsetableringar i og utanfor sentrum mot omsyn som klima og miljø, regional konkurranse, arealbruk og stadutvikling.

Den nye planføresegna skal bidra positivt til sentrumsutvikling og regional utvikling.

Inviterer til aktiv deltaking

Fylkeskommunen inviterer til aktiv deltaking i planprosessen frå alle som er interessert i klima og miljø, regional konkurranse, arealbruk, stad- og næringsutvikling. Vi er opne for alle innspel, men er spesielt interessert i innspel på følgjande tema:

1)      Er føremålet og måla som er skissert i planprogrammet rett?

2)      Vil medverknadsprosessen som er skissert gi oss nok og rett kunnskap til å utforme ei god planføresegn?

3)      Får vi nok og rett kunnskap til å utforme ei god planføresegn dersom vi lagar eit kunnskapsgrunnlag med utgangspunkt i kapitelet «utgreiingsbehov i planprosessen»?

For å gjere det enklare å presentere planprogrammet på møter og liknande har vi laga ein PowerPoint-presentasjon. PowerPoint-presentasjonen er tilgjengelig som både PDF og PowerPoint-fil.

 

Høyringsdokument

Planprogram for regional planføresegn om lokalisering av handel og kjøpesenter – høyringsutkast (pdf)

Saksdokument og protokoll frå fylkesutvalet 26. september

Send innspel og merknader på e-post til post@sfj.no (OBS: skriv e-sak 18/7724 i emnefeltet) eller via skjemaet under.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven