To personar tek kvarandre i handa over bordet
To personar tek kvarandre i handa over bordet

Foto: rawpixel/unsplash

Kronikk: Kompetanseløft på offentlege anskaffingar

Det offentlege kjøper varer og tenester for ca 500 milliardar kroner kvart år. Berre i Sogn og Fjordane gjer det offentlege anskaffingar for nærare 1 milliard kroner kvart år, fordelt på kring 3000 leverandørar. Korleis kan fleire lokale bedrifter nå opp i anbodskonkurransar? Og korleis få innpass i denne marknaden? 

NHO Vestlandet og Sogn og Fjordane fylkeskommune ønsker å sjå fleire lokale bedrifter ta del i og vinne anbodskonkurransar. Derfor inviterer vi næringslivet og offentlege innkjøparar til kurs i offentlege anskaffingar i Førde i haust.

Verdien av offentlege anskaffingar

Norske bedrifter si moglegheit til å konkurrere om oppdrag for det offentlege skapar nye jobbar. Kompetanse på å levere profesjonelle tilbod i anbodskonkurransar, samt kunnskap om korleis offentlege innkjøp blir gjennomført er svært avgjerande for bedrifter som har det offentlege som marknad. Vidare er offentlege innkjøp ein drivkraft til å endre marknaden sin karakter og bidra til innovasjon og næringsutvikling. Offentlege innkjøp kan bidra til å skape ein heimemarknad for løysningar som seinare kan vere aktuelle for ein internasjonal marknad. Det ligg også ein stor potensiell innovasjonseffekt i offentlege anskaffingar. I framtida vil fleire offentlege organisasjonar ta i bruk metoden for innovative anskaffingar, som handlar om å gå i dialog med marknaden før anskaffinga, formidle behovet og overlate løysinga til leverandørane.

Spørsmålet vi stiller oss er om næringslivet har kompetansen dei treng for å nå opp i offentlege anbodskonkurransar? Og motsett, har det offentlege god nok kompetanse for å gjere gode innkjøp?

Endringar i regelverket

I januar 2017 kom det eit nytt regelverk for offentlege anskaffingar. Ein av endringane var at terskelverdien blei heva til 1,3 millionar kroner. Ein konsekvens av dette er at kunngjeringar i Doffin om kontraktar under terskelverdien står i fare for å forsvinne. Tilgang til kontraktane og marknaden for små og mellomstore bedrifter blitt meir krevjande viss oppdraga ikkje blir utlyst. Nykommarar og små ukjende bedrifter som verken har salsavdeling eller store marknadsføringsbudsjetter, kan lett falle utanfor den offentlege marknaden, fordi den offentlege innkjøpar ikkje veit om dei. Korleis kan vi syte for at små og mellomstore bedrifter, som vi har flest av i vår region, får tilgang til marknaden på 500 milliardar kroner?

NHO har blant anna tatt til ordet for oppretting av «Lille Doffin» - ein enkel obligatorisk kunngjeringsplikt for anskaffingar under den nasjonale terskelverdien på 1,3 millionar kroner. Dette kunne sikre ein enkel, open og ryddig konkurranse og reell marknadstilgjenge for små og mellomstore bedrifter.

Kurs 25. september

For mange representerer det offentlege ein stor del av marknaden og når det offentlege bruker store rammeavtaler blir det vanskeleg for dei mindre bedriftene å være med å konkurrere om oppdraga. For små og mellomstore bedrifter kan det da være gunstig å inngå i eit samarbeid med andre bedrifter for å kunne levere. Dette har vi gode døme på her i fylket.

For å kunne utnytte potensialet som ligg i dei offentlege anskaffingane på ein god måte treng både oppdragsgivarar og leverandørar god kompetanse i offentlege anskaffingar. Dei må kjenne regelverket. NHO og fylkeskommunen ønskjer å bidra til det. På kurset 25.september i Førde kjem ein av dei fremste ekspertane på temaet for å ta deltakarane gjennom viktige endringar i regelverket.

Vi meiner det er behov for eit kompetanseløft som viser at offentlege innkjøp er eit strategisk verktøy for å vidareutvikle offentlege tenester, syte for god offentleg forvaltning og vidareutvikle regionalt næringsliv.

Av Silje Rødeseike, NHO Vestlandet og Ingvild Andersen, Sogn og Fjordane Fylkeskommune.

Innlegget stod på trykk i Firda 12. september.

Del dette: