Bilete av ei av dagsturhyttene.

Foto: Magnar Egil Øren Gangsø

Fjaler: Vidsyn

Dagsturhytta i Fjaler er plassert på Bygdeheia i Ytre Fjaler, og har fått namnet Vidsyn. Bygdeheia har god utsikt i alle retningar og utover havet mot Alden. 

Hytta var flydd opp frå kaia på Lutelandet juni 2019. Offisiell opning vert i månadskiftet august/september. Fjaler kommune er ansvarleg byggherre og har ein driftsavtale med Fure IL om drifta av hytta. 

Hytta er ikkje open for publikum enda, då det skal på plass eit betre inngangsområde, skilt og merking. 

Tilkomst og parkering

Starten ligg om lag 40 minutt køyretur frå kommunesenteret Dale i Sunnfjord. Starten ved Furset ligg mellom Fure ferjekai og Våge skule. Ein kan ta av ved skilt ved fv65 og køyre 750 meter langs skogsveg der det er parkeringsplass. Ein kan også starte frå Skor ved Folkestad. Det er best parkering på Furset-sida.

Stien til hytta

Det er om lag like langt å gå frå begge sider. Stien frå Furset har nokon blaute parti som skal ordnas. Stien frå Furset startar på skogsveg, før ein går brått til høgre. Derifrå går ein slakt oppover før ein går opp ei lita kneik til høgre. Deretter slakt oppover til Bygdeheia. Bonus etter få høgdemeter er fantastisk utsikt ut i havet mot Alden.

Avstandar

Hytta ligg på om lag 280 meter. Det er om lag 2 km sti frå begge sider og ein går opp på mellom 30-60 minutt avhengig av form.

Praktisk informasjon

Ingeborg O. Tysnes, Kultursjef i Fjaler kommune, ​tlf. 988 65 054

Kart 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut