Utsikt frå dagsturhytta i Aurland

(Foto: Aurland kommune)

Aurland: Vinjaåsenhytta

Vinjaåsenhytta ligg langs stien mellom Aurlandsvangen og Stegastein utsiktspunkt og Bjørgo. Frå Vinjaåsen har ein utsikt ned mot Aurlandsvangen, ut over Aurlandsfjorden mot Flennes, Skjerdal og litt oppover dalen retning  Aurlandsdalen og innover fjorden retning Flåm. 

Hytta er på plass og vart offisielt opna 9. mai. 

Tilkomst og parkering

Utgangspunktet for turen vil vere frå Aurlandsvangen. Her vil det vere mogeleg å komme med buss. Parkering ved Aurland stadion eller i sentrum. 

Stien til hytta

Følg asfaltveg frå parkeringa i omtrent 10 minutter til startpunkt for sti i terreng. Eit døme er å gå vegen Bakkane til Vinjavegen og følgje denne og så finne stien derfrå. Stien er merka med raude merker og har mellombels skilt når ein skal ta av frå stien mot hytta. Hytta er ca. 50 meter frå stien og er lett synleg. 

Stien opp til dagsturhytta er den same som går til Stegastein. 

Langs vegane frå parkeringsplassen til stien vil det vere uproblematisk å gå, trille barnevogn o.l. Når stien tar til i terreng er den ikkje eigna til anna enn gåing. Stien skal utberast på nokre punkt. Den er bratt på nokre parti, og kan og på eit parti vere glatt å gå når det er mykje regn.

Avstandar

Vinjaåsen ligg på om lag 300 meter. Turen opp til dagsturhytta tek om lag ein og ein halv time frå Aurlandsvangen i moderat tempo.

Kontaktinformasjon

Hallgeir Høydal, Aurland kommune. 

Hallgeir.Hoydal@aurland.kommune.no

Kart 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut