Foto av tre unge jenter på ei bru i Førde. Dei er kledde i jeans og tynne jakkar. I bakgrunnen ser vi Hafstad vidaregåande skule.
Foto av tre unge jenter på ei bru i Førde. Dei er kledde i jeans og tynne jakkar. I bakgrunnen ser vi Hafstad vidaregåande skule.

Foto: Oskar Andersen/Sogn og Fjordane fylkeskommune

56 fleire søkjarar til vidaregåande opplæring

4043 søkarar med ungdomsrett har søkt vidaregåande opplæring i skule i Sogn og Fjordane til skuleåret 2018–2019. Det er 529 søkarar med ungdomsrett til opplæring i bedrift. Samla er det 56 fleire søkarar i år enn i fjor.

Primærsøkartala som er offentleggjorde i dag, syner førstevala til søkarar med ungdomsrett.

Sogn og Fjordane har 4262 elevplassar i vidaregåande skule.

Fleire søkarar til yrkesfag

Fleire søkjer seg i år til yrkesfageleg utdanningsprogram, samstundes som vi ser ein nedgang til studieførebuande utdanningsprogram. Samanlikna med i fjor er det 52 fleire søkarar til yrkesfag og 18 færre til studieførebuande.

Desse yrkesfaga har auke i søkinga:

  • helse og oppvekst
  • elektrofag
  • service og samferdsel

Desse yrkesfaga har nedgang:

  • bygg- og anleggsteknikk
  • naturbruk
  • design og handverk  

Fleire søker seg til studiespesialiserande

Til studieførebuande fag er det auke i søkinga til studiespesialisering og nedgang i søkinga til idrettsfag, musikk, dans og drama og kunst, design og arkitektur.

Søkinga til vg2 og vg3 er i hovudsak resultat av søkinga til utdanningsprogramma året før.

Det er i år 186 søkarar til vg3 påbygging til generell studiekompetanse, 11 færre enn i fjor. Det er 25 søkarar til vg4 påbygging til generell studiekompetanse etter yrkeskompetanse ved Årdal vidaregåande skule. Desse har ikkje ungdomsrett, men rett til å få plass i det særskilte tilbodet.

Søkjarar til opplæring i bedrift

Sogn og Fjordane fylkeskommune har intensjonsavtalar om 851 læreplassar i bedrift. Det er i alt søkjarar til 53 ulike lærefag.

Desse lærefaga har auke i søkinga:

  • Automatiseringsfaget
  • Yrkessjåførfaget
  • Fjell- og bergverksfaget
  • Røyrleggarfaget
  • Tømrarfaget
  • Institusjonskokkfaget

Desse lærefaga har nedgang i søkinga:

  • Salsfaget
  • Industrimekanikarfaget
  • Helsearbeidarfaget
  • Kontor- og administrasjonsfaget
  • Bilfaget – lette køyretøy

Søkarar utan ungdomsrett

301 søkarar utan ungdomsrett har søkt seg til dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane. Det er 30 fleire enn i fjor.

Dei kan få plass dersom det er ledige plassar når dei vidaregåande skulane tek over inntaket i august.

Søking til andre skular

143 søkarar med ungdomsrett i Sogn og Fjordane har skular utanfor Sogn og Fjordane fylkeskommune som førsteval. Det er om lag same nivå som i fjor. Det er søkarar som har søkt til Hordaland gjennom Hordalandsavtalen, landslinjer, privatskular i eige og andre fylke, og til tilbod vi ikkje har.

Kor mange søkarar frå Sogn og Fjordane som har søkt til andre fylke etter friare skulevar, får vi først oversikt over når alle fylka har lagt data tilgjengeleg for alle fylka.

Justerer opplæringstilbodet 3. april

Hovudutval for opplæring gjer vedtak om justering av opplæringstilbodet for skuleåret 2018–2019 i møtet 3. april

Vidare tidsplan for inntak til skuleåret 2018–2019

  • 4. juli: Melding om første inntak
  • 12. juli: Svarfrist første inntak
  • 27. juli: Melding om andre inntak
  • 3. august: Svarfrist andre inntak
  • 13. august: Skulane tek over inntaket
  • 20. august: Skulestart for elevane

Oversikt over søkarar med ungdomsrett til fylkeskommunale vidaregåande skular, førsteønske.

Oversikt over tal søkarar med ungdomsrett til bedrift, førsteønske.

For meir informasjon

Bekka Skaasheim
fylkesdirektør for opplæring
bekka.skaasheim@sfj.no
415 30 956

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00