Foto av fylkesordførar Jenny Følling som klypper snora og opnar den første dagsturhytta i fylket saman med ordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad og Kaja Johannessen Skrede. Dei står utanfor hytta og er kledde for tur og ruskevêr.
Foto av fylkesordførar Jenny Følling som klypper snora og opnar den første dagsturhytta i fylket saman med ordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad og Kaja Johannessen Skrede. Dei står utanfor hytta og er kledde for tur og ruskevêr.

Den første dagsturhytta i fylket vart opna i Trivselsskogen på Sandane 8. desember 2017. Fylkesordførar Jenny Følling, ordførar Leidulf Gloppestad og Kaja Johannessen Skrede stod for snorklypping og offisiell opning. (Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

No er den første dagsturhytta opna

Den første dagsturhytta i fylket vart opna med hytteboogie, då Good Time Charlie spelte opp til opningskonsert i Trivselsskogen på Sandane.

Hytta vart løfta på plass med helikopter og montert dagen før opninga, og i dag kunne fylkesordførar Jenny Følling og ordførar i Gloppen Leidulf Gloppestad endeleg klyppe snora.

Krafttak for å få folk på tur

– Vi tek no eit krafttak for å for folk på tur, og dette er eit flott tiltak for å få fleire ut på tur og nytte turmoglegheitene som ligg i nærmiljøet. Dette skal vere turar for heile familien, og eg er sikker på at denne og dei andre hyttene vil bli mykje brukte, seier Følling.

Trivselsskogen var fylt med skuleelevar, barnehagebarn og andre då opninga av den første dagsturhytta gjekk føre seg i skikkeleg vestlandsk seinhaustvêr. Men vêret sette ingen stoppar for stemninga, og det vart både turstemning og førjulsstemning – med kvikk lunsj til alle frammøtte og snø i lufta.


Foto teke over dagsturhytta i Gloppen på opningsdagen 8. desember 2017. Hytta ligg i Trivselsskogen på Sandane. Vi ser ned mot hytta, der det er samla mykje folk, og vidare ned mot fjorden.

Samarbeidsprosjekt for folkehelsa

Hytta i Gloppen får i løpet av 2018 selskap av 25 like hytter rundt om i alle kommunane i fylket. «Sogn og Fjordane»-hytta er eit samarbeidsprosjekt mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebanken Sogn og Fjordane, fylkesbiblioteket og kommunane i fylket. Sparebanken Sogn og Fjordane har løyvd 5,2 millionar kroner til prosjektet.

– Dette tykkjer vi er eit sprekt prosjekt å få vere med å støtte. Her får vi fleire folk ut i naturen på ein måte som er smart tilrettelagt, interessant, barnevenleg, som aukar tryggleiken, og som gir fylket eit flott fortrinn med omsyn til turisme, seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Stor dugnadsinnsats

Gloppen kommune har dei to siste vekene hatt ein solid dugnadsgjeng i sving for å førebu tomta. Berre kvelden før opninga var 18 mann i sving til klokka var over 21. Dugnadsgjengen har rydda skog, fått på plass skilt, montert og innreidd hytta. Sjølve hytta vart flydd på plass og montert torsdag denne veka – dagen før ho vart opna. Ordførar Gloppestad roste alle for innsatsen og er glad for å vere første kommune ut med dagsturhytte.

– Dugnadsinnsatsen som er lagt ned i skogen her er rett og slett imponerande. De som har vore med, har sett ein ny standard for kva som er mogleg. At vi er første kommune ut med dagsturhytte er også ekstra stas. Det er eit sjølvstendig mål for oss med aktivitetar som er nære, tilrettelagde og gratis. Ei dagsturhytte går rett inn i den filosofien seier Gloppestad.

Natur og kultur

Dagsturhyttene skal ligge på populære turmål og skal vere ein plass å gå inn og får varmen i seg, ete nista si og bla i bøker. Utgangspunktet for dagsturhyttene er visjonen i Regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv – fysisk aktivitet for alle.

I tillegg inneheld hytta eit nynorsk turbibliotek med bøker til bruk på staden. Opninga i dag starta difor med ei lesestund for barnehagebarn med lesegledar Marthe Holien Bø frå Stryn.


Foto frå inni dagsturhytta på Sandane. Vi ser både det nynorske turbiblioteket og kunstutstillinga elevar ved Nordstranda skule hadde laga til opninga.

Fylkesbiblioteket har fått midlar frå Nasjonalbiblioteket til eit prosjekt som skal skape aktivitet i og ved hyttene, og prøve ut kombinasjonen kultur og fysisk aktivitet/tur. Den kulturelle skulesekken skal også kunne bruke hyttene som konsertarena.

Good Time Charlie hadde laga ein eigen dagsturhytte-sang til opninga og spelte både den og hytteboogien sin:

For meir informasjon

Atle Skrede
Sogn og Fjordane fylkeskommune
atle.skrede@sfj.no
415 30 716

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00