Foto frå utdelinga av Innovasjon Norge sin bedriftsutviklingspris i landbruket. Biletet syner fylkesordførar Jenny Følling og nestleiar i hovudutval for næring og kultur Jakob Andre Sandal, som delte ut prisen, og Ruth Guddal, Oddrun Guddal og Frank S. Guddal, som tok imot han.
Foto frå utdelinga av Innovasjon Norge sin bedriftsutviklingspris i landbruket. Biletet syner fylkesordførar Jenny Følling og nestleiar i hovudutval for næring og kultur Jakob Andre Sandal, som delte ut prisen, og Ruth Guddal, Oddrun Guddal og Frank S. Guddal, som tok imot han.

Innovasjon Norge sin bedriftsutviklingspris i landbruket gjekk i 2017 til Matstova AS i Stryn. Ruth Guddal, Oddrun Guddal og Frank S. Guddal tok imot prisen, som vart delt ut av fylkesordførar Jenny Følling og nestleiar i hovudutval for næring og kultur, Jakob Andre Sandal. (Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Bedriftsutviklingsprisen i landbruket til Matstova

Matstova AS er tildelt Innovasjon Norge Sogn og Fjordane sin Bedriftsutviklingspris for landbruket for 2017.

Prisen blir tildelt med bakgrunn i at Matstova AS er ei bedrift som har vore eit føregangsdøme her i fylket når det gjeld utvikling og satsing på kortreist mat. Prisvinnaren har vokse mykje dei siste åra og har vorte ein betydeleg arbeidsplass lokalt, der neste generasjon i familien no har overteke og vidarefører det som grunnleggjaren, Ruth Guddal, har bygd opp.

Gjennom utviklinga av bedrifta har prisvinnaren også vore eit føregangsdøme i kafe- og serveringsbransjen med å promotera menyar og tilbod av lokalmat. Dette er spesielt viktig i ein stor reiselivsregion som Nordfjord. Bedrifta har også hatt stor fokus på samarbeid på utveksling av kompetanse og har t.d. hatt lærlingar på Gloppen Hotell.

Bedrifta kan visa til god vekst både i omsetning og lønsemd. Dette har dei greidd gjennom hardt og målretta arbeid ved å halde på og vidareutvikla gode relasjonar både til sine kundar og samarbeidspartar. I dag har bedrifta 16 tilsette fordelt på 9 årsverk.

Ruth Guddal har med utgangspunkt i ein gard med sauehald, over mange år bygd opp eit spennande bakeri som tilleggsnæring til garden, med produksjons- og serveringsverksemd og med base på Fosnes i Oppstryn og seinare ei serveringsavdeling i Stryn. Det har heile tida vore ei familiebedrift med mor, og etter kvart dotter og svigerdøtrer. Barnebarnet Frank Sanchez Guddal fører no denne bedrifta trygt vidare.  

Matstova AS fyller kriteria som er lagt til grunn for Bedriftsutviklingsprisen i landbruket fullt ut. Målretta arbeid med bygging av bedrifta steg for steg, kundefokus, nettverk og samarbeid har vore oppskrifta for etableringa og utviklinga av denne suksessbedrifta.

Avgjerda i juryen var samrøystes. Prisen er på 50 000 kr og blir utdelt av juryleiar og nestleiar i hovudutval for næring og kultur, Jakob Andre Sandal, under opninga av Fylkestinget i Florø, tysdag 17. oktober. Som prisvinnar i Sogn og Fjordane går Matstova AS vidare som kandidat til Innovasjon Norge sin nasjonale Bedriftsutviklingspris.

For meir informasjon

Frank Sanchez Guddal
Matstova AS
917 47 889

Halvor Flatland
Innovasjon Norge Sogn og Fjordane
957 81 493

Del dette: