Foto frå eit trafikkbilete med fire syklistar og fleire bilar, alle kjem mot kameraet. Dei to fremste bilane er elbilar. Det står osgå bilar parkerte langs vegen. Oppå biletet er det lagt ein del tekst med kvit skrift. Det er orda gjenbruk, sykkelveg, kortreist mat, klimavenleg landbruk, rassikring, dritvêr og elbil eller hybridbåt.
Foto frå eit trafikkbilete med fire syklistar og fleire bilar, alle kjem mot kameraet. Dei to fremste bilane er elbilar. Det står osgå bilar parkerte langs vegen. Oppå biletet er det lagt ein del tekst med kvit skrift. Det er orda gjenbruk, sykkelveg, kortreist mat, klimavenleg landbruk, rassikring, dritvêr og elbil eller hybridbåt.

Foto: Knut Opeide

Fotokonkurranse – klimaomstilling

Vil du vere med å skape blest om klimaarbeid og -omstilling i Sogn og Fjordane? Dra på jakt med kameraet ditt i haust og vinn 5000 kr og ei framside. 

Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til fotokonkurranse med klimaomstilling som tema. Innsende bilete skal syne eitt eller fleire motiv du meiner fortel noko om korleis vi best bur oss på dei klimatiske endringane som kan kome. Korleis vi kan omstille oss til eit grønare, smartare og betre samfunn?

Fristen for å sende inn bilete er 6. november.

Kva er klimaomstilling?

Klimaomstilling er den heilskaplege samfunnsendringa vi treng for å kunne skape eit samfunn med lågare utslepp, og der vi er budde på klimatiske endringar som kjem. Du avgjer kva klimaomstilling er for deg!

Det kan vere sikring mot ras, dritvêr, klimavenleg landbruk, kortreist mat, kjøtfri mat, sirkulær økonomi, gjenbruk, sykkelveg, elbil, elsykkel eller hybridbåt. Motiva er mange. Vi oppmodar alle til å nytte både kreativitet, fantasi og kunnskap til å tenkje ut og ta bilete av gode motiv.

Vinn ei framside og 5000 kr

Vinnarbiletet i fotokonkurransen vil bli brukt på framsida på den nye regionale planen for klimaomstilling, som Sogn og Fjordane fylkeskommune vedtek i 2018.

Det overordna målet for planarbeidet er å definere kva som skal til for å få til klimaomstilling i fylket. Planen konsentrerer seg hovudsakleg om sju plantema:

  • Energiforsyning og energibruk i bygg
  • Areal og transport
  • Næringsliv og teknologi
  • Klimavenleg landbruk
  • Klimatilpassing
  • Forbruk
  • Klimakunnskap og klimakommunikasjon.

Treng du meir inspirasjon, kan du lese meir om klimaarbeidet i fylkeskommunen her.

Premiar

Det blir plukka ut ti finalistar. Vinnarbiletet vinn 5000 kr, i tillegg til framsida på den nye klimaplanen. Dei andre finalistane vinn premiar på 500 kroner. Alle bileta som blir sende inn kan bli nytta som illustrasjonar i klimaplanen og til anna profilering av Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Konkurransen er open for alle. Les meir om konkurransereglane under.

Juryen er sett saman av medlemmar i regional klimagruppe, ungdomspolitisk utval og fylkeskommunen. Dei vurderer fotografia etter skjønn, med vekt på at klimaomstilling vert portrettert på ein interessant og eller estetisk måte.

Konkurransereglar

  • Innsending av bilete skjer ved at du legg dei på Facebook i Facebookgruppa FOTOKONKURRANSE SFJ, og tek vare på originalfila til konkurransen er avslutta.
  • Kvar deltakar kan delta med maks. tre bilete.
  • Bileta må vere i så høg oppløysing som mogleg, helst minst 2 MB og fortrinnsvis i jpg-format.
  • Du kan delta berre med bilete du har teke sjølv.
  • Dersom personar på bileta som er attkjennbare eller hovudmotiv, er det innsendar/fotograf sitt ansvar å få samtykke til offentleggjering av bileta.
  • Namn på personar på bileta må vere med dersom det er mogleg å identifisere personane. Ved bilete av born under 15 år må foreldre samtykke på vegne av borna.
  • Det må opplysast om kvar biletet er i frå.
  • Sogn og Fjordane fylkeskommune tildeler seg retten til å nytte innsende bidrag vederlagsfritt. Bileta kan då bli nytta i fylkeskommunale kommunikasjonskanalar, som nettsider og sosiale medium, i publikasjonar og til generell profilering av fylkeskommunen.
  • Fotograf vil alltid bli kreditert ved bruk.
  • Innsendingsfrist er 6. november, vinnaren blir offentleggjort 1. desember 2017.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette