Opning landslinje skiskyting ved Stryn vidaregåande skule

Fylkesordføraren deltok på opninga av landslinja for skiskyting ved Stryn vidaregåande skule saman med kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. Fylkesordføraren synes det var ei flott opning av den nye landslinja, som er den tredje av sitt slag i landetandet. Les opningstala til fylkesordføraren her.

 

Statsråd, ordførar, rektor, kjære elevar, tilsette og frammøtte. Det er ei stor glede for meg å få delta på opninga av den nye landslinja for skiskyting her i Stryn.

Som fylkesordførar er eg stolt av å stå her i dag i vakre Stryn, og vere med på opninga av eit nytt studietilbod som kan bidra til at vi også i framtida kan dyrke fram skiskyttartalent i verdstoppen. Stryn kommune har engasjert seg sterkt for å få opp denne linja, og fylkeskommunen har støtta arbeidet.

Fylkeskommunen måtte gjennom fleire søknadsrundar før landslinja vart eit faktum. Fyrste søknad vart sendt i 2013, men det var tredje forsøk i 2016 som gav gjennomslag og løyving på statsbudsjettet i 2017.

Det er vi svært glade for. Eg vil takke statsråd Torbjørn Røe Isaksen for at søknaden fekk gjennomslag. Det var ein svært god kandidat!

Stryn har lange tradisjonar for vinteridrett og skiskyting og har hatt idrettsutøvarar i verdstoppen. Dei profilerte brørne Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø har ei velkjent merittliste.

Johannes har uttalt at tilbodet som no startar opp i Stryn heilt sikkert vil matche dei beste tilboda elles i landet. Han trekker fram Stryn som ei fantastisk bygd der alle støttar alle, og at denne driven gjev pågangsmot.

Og det er eg heilt einig med han i. Eg var på Ullsheim då rulleskibana opna der for nokre år sidan, og der var eit fantastisk pulserande miljø og høg aktivitet. Dette anlegget blir drive på dugnad, men også fylkeskommunen vore med, både med spelemidlar og med ein million i fylkeskommunale midlar til bygginga av rulleskibana på Ullsheim. Så her går dei frivillige, idretten, kommunen, skulen og fylkeskommunen hand i hand. Ny landslinje i skiskyting er ei viktig satsing.

Her ved skulen i Stryn er det god kompetanse og prima fasilitetar både innandørs og utandørs. Dei naturgjevne ressursane i dette flotte området dei beste. Nordfjord har verkeleg sett seg sjølv på kartet det siste året som ein ettertrakta reiselivsdestinasjon i verdsklasse. Så eg vil tru at alle elevane i dag er stolte over å bu i denne vakre bygda.

Sogn og Fjordane satsar på skulen. Vi har blant dei beste skuleresultata i landet og er best på gjennomføring. Fylkeskommunen bygde ny vidaregåande skule her i Stryn i 2007  til 127 mill. Då samla vi elevane frå yrkesfag og studiespesialisering i eitt bygg. Det har vore ein suksess, og elevane har førsteklasses rammer for opplæringa.

Det er ti elevar som i dag står på startstreken for skuleåret sitt på landslinja. Det er ti av dei beste kandidatane frå heile landet som er samla her i dag for å starte skulekvardagen sin. Det er unge, lovande skiskyttartalent som ved sidan av ein vanleg hektisk skulekvardag på allmennfag, også skal vidareutvikle skiskyttartalentet sitt. Mange av skiskyttarelevane kjem frå andre stader i landet og må bu på hybel. Fyrste skuledag på ein ny skule og på ein ny stad kan vere både spennande og tøft, og då er det godt å vite at det er fleire i same båt. Ta godt vare på kvarandre, og hugs at eit smil kan bryte barrieren, og dessutan er det heilt gratis.

Ein god arena for læring krev at vi klarer å skape eit godt sosialt skulemiljø og trygge elevar. Eit godt miljø kjem ikkje av seg sjølv, det må vere ei bevisst satsing. Og her har vi alle eit ansvar, både vi politikarar, skuleleiinga, lærarane og elevane ved skulen. Vi må skape eit inkluderande miljø der elevane har respekt for kvarandre, og der det er rom for alle.

Høflegheit, respekt og god folkeskikk er viktige verdiar som vi må halde høgt.

Gode rollemodellar og nokon å strekke seg etter er særs viktig i idretten. Og med to verdsmeistrar i skiskyting frå Stryn, så er forbilda på plass.

Eg ynskjer alle eit flott skuleår. No startar kvardagen. Eg ynskjer elevane lukke til på denne nye linja, der dei må balansere mellom skulearbeid, trening og prestasjonar. Eg trur satsinga vil bere frukter! Hjarteleg til lukke med dagen og den nye landslinja for skiskyting!