kart over sørnorge, ny inndeling Hordaland og Sogn og Fjordane slått saman til Vestlandsfylket
kart over sørnorge, ny inndeling Hordaland og Sogn og Fjordane slått saman til Vestlandsfylket

Illustrasjon

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane – ein seier

Kommunal- og moderniseringsdepartementet stadfesta 2. juni at hovudsetet for fylkesmannsembetet i regionen Vestlandet skal vere på Leikanger. Dette oppfyller eit viktig punkt i den framforhandla intensjonsplanen mellom Sogn og Fjordane og Hordaland. 

Samstundes er Lars Sponheim, fylkesmann i Hordaland,  utnemnd i statsråd til fylkesmann i Hordaland og Sogn og Fjordane. Leikanger blir kontorstad for fylkesmannen si leiing.

Absolutt vilkår

– At hovudsetet for fylkesmannsembetet skal vere i dagens Sogn og Fjordane er eit svært viktig element i oppfølginga av intensjonsplanen mellom fylka.  Dette har vore eit absolutt vilkår frå forhandlingsutvala og begge fylkestinga si side. Eg er glad for at vi har blitt lytta til. Dette er ein seier, og noko vi har jobba lenge for, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling. 

Intensjonsplanen mellom dei to fylka vart signert 17. januar i år, og vedtatt i fylkestinga 2. og 3. februar.
Her legg dei to fylkeskommunane til grunn at fylkesmannsembetet skal ha ei desentralisert forvaltning lokalisert i dagens fylke, med leiing frå Sogn og Fjordane.

Intensjonsplan for samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland.

Regjeringa.no: Leikanger vert kontorstad for fylkesmannen si leiing.
 

Samanslåing i 2019

Det er no lagt til grunn frå departementet at det skal vere om lag like mange tilsette i
fylkesmannsembetet i Sogn og Fjordane som i dag, og ikkje bli færre arbeidsplassar.
Det er kontorstad for den øvste leiinga i embetet det no er tatt stilling til.

Dei to embeta skal no sjølve fordele dei ulike funksjonane i det nye embetet tilpassa lokale behov og føresetnader.

Samanslåinga av fylkesmannsembeta skjer 1. januar 2019.

Kontaktperson:
Jenny Følling
fylkesordførar, Sogn og Fjordane fylkeskommune
tlf.: 479 05 990

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut