Fotocollage som syner eit stort bilete av myntar i midten. På sidene er det fire mindre bilete som syner ein ungdom som spelar slagverk, ei jente som leikar i eit klatrestativ, eit turskilt og nokon som dansar gamaldans.
Fotocollage som syner eit stort bilete av myntar i midten. På sidene er det fire mindre bilete som syner ein ungdom som spelar slagverk, ei jente som leikar i eit klatrestativ, eit turskilt og nokon som dansar gamaldans.

Foto pengar: KaVass/www.flickr.com. Foto klatrepark: me, charlotte/www.flickr.com

Finn fram i jungelen av tilskot

Er du engasjert i frivillig sektor? Bli med på gratis samling 1. april for å lære meir om kvar du kan sikre deg pengar, og korleis du søkjer.

Det finst ulike tilskotsordningar for ulike felt og aktivitetar innan frivillig sektor. Kommunane, fylkeskommunen, ulike stiftingar og organisasjonar sit på ulike pengesekkar, og det er ikkje alltid like lett å finne fram.

Det vil Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Gjensidigestiftelsen no gjere noko med.

Eigen del om spelemidlane

Laurdag 1. april inviterer dei tre til gratis samling på Thon Hotel Jølster på Skei. Målet er å orientere om kva som finst av tilskotsordningar, men også å samle flest mogleg frå frivillig sektor i fylket og skape rom for å utveksle erfaringar.

Dagen vert delt inn i to hovuddelar, der del ein er ei felles økt med informasjon om kva tilskotsordningar som finst, og korleis ein kan søkje. Deretter vert det parallellsesjonar med eigne kurs om spelemidlar til anlegg for fysisk aktivitet og idrett og spelemidlar til kulturbygg.

Du finn meir praktisk informasjon om samlinga og lenke til påmelding her.

Fristen for å melde seg på er 24. mars.

Presentasjonar frå samlinga

Presentasjonar Sogn og Fjordane fylkeskommune:

For meir informasjon

Atle Skrede
rådgjevar fysisk aktivitet og idrett, Sogn og Fjordane fylkeskommune
atle.skrede@sfj.no
415 30 716

Guro Høyvik
rådgjevar kulturbygg, Sogn og Fjordane fylkeskommune
guro.hoyvik@sfj.no
415 30 608

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00