\\\\\\\
\\\\\\\

Samling om tilskotsordningar for frivillig sektor

Fylkeskommunen inviterer saman med Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Gjensidigestiftelsen frivillig sektor i Sogn og Fjordane til samling om tilskotsordningar. Samlinga vert laurdag 1. april på Thon Hotel Jølster, Skei.

Målet med samlinga er å orientere frivillig sektor om dei ulike tilskotsordningane som finst for deira felt og aktivitetar, i tillegg til å samle ulike aktørar i fylket og skape rom for erfaringsutvekslingar. Det vert også kurs for dei som skal søkje om spelemidlar til anlegg for fysisk aktivitet og idrett og kulturbygg. Dagen er ei vidareføring av spelemiddelkursa som fylkeskommunen har arrangert i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn dei siste åra. No ynskjer vi å samle flest mogeleg i frivillig sektor til eit felles arrangement med fleire tema.

Dagen vert delt inn i to hovuddelar:

  • Felles økt med informasjon om tilskotsordningar som finst og korleis ein kan søkje
    • Fylkeskommunen
    • Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane
    • Gjensidigestiftelsen
    • Kommunane
    • Andre organisasjonar
       
  • Parallellsesjonar:
    • Kurs om spelemidlar til anlegg for fysisk aktivitet og idrett
    • Kurs om spelemidlar til kulturbygg

Samlinga er gratis.

Program

09:45 - 10.15 Registrering / noko å bite i

10:15 - 13:00 Felles økt om tilskotsordningar

  • Korleis søkje om tilskot?
  • Kva ordningar finnast?
    • Fylkeskommunen
    • Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane
    • Gjensidigestiftinga
    • Kommunane
  • Erfaringsutveksling

13:00 - 13:45 Lunsj

13:45 - 14:15 Stands og mingling

14:15 - 15:45 Parallellsesjonar

  • Søknadskurs spelemidlar til anlegg for fysisk aktivitet og idrett
  • Søknadskurs spelemidlar til kulturbygg

Påmelding

Meld deg på innan 24. mars. Samlinga er gratis, men ein må melde seg på pga. matservering og møterom.

Lenke til påmeldingsskjema

Meir informasjon

Atle Skrede, rådgjevar fysisk aktivitet og idrett i Sogn og Fjordane fylkeskommune
atle.skrede@sfj.no
415 30 716
 

Guro Høyvik, rådgjevar kulturbygg i Sogn og Fjordane fylkeskommune
guro.hoyvik@sfj.no
415 30 608

Samling innandørs, menneske som høyrer på presentasjon

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00