Tale til fylkestinget 6. desember 2016

Velkomne til det siste fylkestinget i 2016. Eit fylkesting som markerer slutten på eit spennande og krevjande år som har utfordra både oss som politikarar og heile den fylkeskommunale organisasjonen. Samtidig veit vi at året som ligg framfor oss også vil kunne verte krevjande. Det er fleire store saker med stor innverknad på fylket vårt som skal landast i Stortinget i 2017.

Denne tingseta skal vi vere med å handsame ei historisk viktig sak som kan endre fylket vårt for alltid. Det er regionreforma og intensjonsplan mellom vestlandsfylka. Fylkestinget skal gjennom sitt vedtak gje Sogn og Fjordane sitt råd til regjeringa og til Stortinget om kva vi ynskjer.

Vi har gått inn i denne diskusjonen med ambisjonar og tru på at dersom Vestlandsregionen vert eit faktum, så skal Sogn og Fjordane vere ein sterk part i ein slik region. Forhandlingsresultata som ligg i intensjonsplan er eit vitnesbyrd om dette og eg trur på framtida til fylket anten innanfor dagens grenser, eller som del av ein ny region.

Trua på Sogn og Fjordane er vi ikkje åleine om å ha. I 2016 er vi faktisk blant topp 5 av fylka med størst folketalsvekst i landet. Vi har største veksten på Vestlandet. Berre Oslo, Akershus, Vestfold og Sør-Trøndelag har ein sterkare %-vis vekst enn oss.

Folketeljinga for tredje kvartal 2016 viser at vi er blitt 832 fleire innbyggjarar i fylket vårt, og det berre på 9 månader. Dette svarar til ei veksttakt på om lag 1% på års-basis.

Og ikkje nok med det. I 2016 viser tala så langt vekst i 21 av 26 kommunar. Dette er kjekt, og det viser at vi gjer mykje bra.

Til dei som vil forklare dette med høg innflytting frå utlandet vil eg seie at det er gjengs for så å seie alle fylka. Og dessutan er det mykje bra folk som kjem til landet og til fylket vårt som vi er heilt avhengige av! 

Men så var det denne fylkesøkonomien. Og her vil eg – i og med at dette er vårt årlege budsjettsete – gå litt tilbake i tid. 

Kommuneproposisjonen for 2015, som kom for 2½ år sidan, sette økonomien vår under hardt press. Vi vart då stilt i utsikt ein årleg inntektsreduksjon på 290 mill. kr, med fullt utslag etter 5 år – dvs. frå 2019.

I fylkeskommunen vart vi samde om at vi måtte tilpasse oss desse nye utsiktene gjennom ein 3-delt startegi:

  1. Vi måtte arbeide for å få betra inntektsutsiktene våre – dvs. å jobbe for å trappe opp tapskompensasjonen i inntektssystemet.
  2. Vi måtte få vurdert ei rekke innsparingar i den løpande drifta.
  3. Vi måtte få realisert delar av eigarpostane våre.  

Vi greidde, gjennom godt arbeid og støtte i Stortinget, å få ein tapskompensasjon som i år er kome opp i 80 mill. kr. Økonomiplanen vår av juni 2016 legg til grunn at dette beløpet vert trappa opp med nye 68 mill. kr frå 2017-19. Det siste som har skjedd i Stortinget, jf. gårsdagens finansdebatt, viser at vi kan nå dette delmålet. Som fylkesordførar vil eg takke dei som har bidrege til dette. Men vi må alle hugse at åra 2018-19 framleis står att.

Eg er glad for at støttepartia V og Krf har fått opp tapskompensasjon også i år. Så er det positivt at breibandmidlane og Regionale utviklingsmidlar er påplussa.         

På driftssida har vi fått på bordet 60 utgreiingar som kan gje ei årleg innsparing på ca. 150 mill. kr. Både fylkestinget og dei tilsette har her bidrege positivt. Vi hadde i haust eit eige møte med leiinga i Kommunaldepartementet og viste då fram den samla lista vår. Det er ingen tvil om at denne gjorde inntrykk. Dette fordi vi også kunne fortelje at vi hadde gjort tunge strukturendringar i skuleverket og at vi no også hadde gjort tilsvarande vedtak innanfor tannhelsetenesta. Vedtak som på ingen måte har vore enkle eller kjekke å gjennomføre, men som vi har vorte tvinga til å gjere grunna inntektsreduksjonen.

I arbeidet med å få realisert verdiar er det ingen tvil om at fylkestinget sitt samrøystes vedtak om å selje seg ned i Fjord1 AS kjem i ei særstilling. Det er semje om at vi oppnådde ein god pris. Alt i år har vi – gjennom F1 Holding – mottatt over 300 mill. kr av samla avtalebeløp. Resten får vi tilført i løpet av 3 ½ år dersom innebygde opsjonar vert nytta.

I tillegg vil eg nemne at vi dei tre siste åra også har avhenda om lag 10 ulike eigedomar, fordelt på like mange kommunar. Dette dreier seg om tomter, bustader og tidlegare skulebygg. Samtidig har vi også gjort visse investeringar. Dette viser at vi omstiller oss og prøver å tilpasse oss nye rammevilkår.

I Fjord1-vedtaket vårt står det at salsinntekta skal nyttast til sanering av gjeld, alternativt til fondsavsetjing. Dette siste relaterer seg til den moglege regionetableringa på Vestlandet.

Gjennom desse forhandlingane fekk vi aksept for å byggje opp eit fond på inntil 1,5 mrd. kr. Dette kan nyttast til investerings- og utviklingstiltak i fylket. Det betyr at vi, avhengig av korleis denne saka utviklar seg, må vere opne for å satse på fondsoppbygging som alternativ til sanering av gjeld.    

I denne samanhengen må eg og innom den prosessen som no er starta i høve Sogn og Fjordane Energiverk AS. Vi ønskjer her å få vurdert korleis dei verdiar som ligg i eigarskapen vår kan bli verande i Sogn og Fjordane. Og som vi alle veit kjem denne saka til handsaming i denne tingseta.  

Alt i alt har det vore jobba godt og breitt med fylkesøkonomien. Vi har likevel store utfordingar. Og det vil vi ha, uansett om vi er eige fylke eller del av ein større region i frå 2020.

Regionreforma er ei av dei store sakene som har prega det politiske miljøet og vårt arbeid i 2016. Særleg frå ettersommaren og framover hausten har denne saka fått stor merksemd, og har sjølvsagt også kravd ein stor innsats.

I desember i fjord vedtok fylkestinget å ta initiativ overfor dei andre tre vestlandsfylka Rogaland, Hordaland og Møre og Romsdal om å starte «nabopraten». For oss var det naturleg å vende oss til dei tre samarbeidspartane våre i Vestlandsrådet. Som ei konkret oppfølging av vedtaket sende eg ein invitasjon til fylkesordførarane om å ta dialogen med oss. Vi fekk raskt svar frå Rogaland og Hordaland om at dei ønskte å starte ei sondering omkring mulegheiter og utfordringar ved ein større region på Vestlandet. Møre og Romsdal valde å ikkje kople seg på, noko fylkesordførar Jon Aasen stadfesta i møte med meg i slutten av juni. Vi ynskjer likevel, uavhengig av dette, å signalisere at vår dør står open for Møre og Romsdal.

Dialogen mellom Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane har resultert i fleire viktige dokument og fellesaktivitetar. «Forventningsbrevet» til kommunal- og moderniseringsdepartementet som vart sendt i mars var fylkesordførarane svært tydelege på oppgåve- og demokratisida ved regionreforma. Vi peikte på konkrete statlege oppgåver og ansvarsområde som vi meiner må overførast til det nye regionale folkevalde nivået. Vi peikte på at oppgåver og ansvar er avgjerande for å vitalisere det regionale folkevalde nivået. Vi sa at ei regionreform utan ei reell oppgåveoverføring vil ha svært lite føre seg.

Utgangspunktet for forhandlingane om ein intensjonsplan, som vi starta rett etter sommarferien, var handsaminga av stortingsmelding 22 «Nye folkevalde regionar – rolle, struktur og oppgåver». Her fekk vi stadfesta at det er fleirtal på Stortinget for å redusere talet på fylkeskommunar i Noreg til om lag 10 folkevalde regionar frå dagens nitten fylke.

Det viktigaste vedtaket i regionreformprosessen – så langt – skal vi gjere i dette tingsetet. Vi veit ikkje kva dei to fylkeskommunane sør for oss landar på, men mykje tyder på at Hordaland seier «ja» medan signala frå Rogaland er mindre klåre.

Fylkesutvalet har i si tilråding til fylkestinget lagt stor vekt på det som har kome av høyringsinnspel, spesielt frå kommunane som vi har eit utstrekt samarbeid med. Det har vore eit stort engasjement for det nynorske skriftsspråket. Det tykkjer eg er bra! Eg kjenner meg trygg på at vi vil kunne lande denne saka slik dei fleste av oss ynskjer.

Eit anna tema som har skapt engasjement i høyringa, er spørsmålet om overføring av statlege oppgåver til det nye regionale folkevalde nivået. Eg er kritisk til at ikkje fleire oppgåver er avklara. Mi klare forventning og mitt krav til statsråd Sanner er difor at dersom regionreforma skal ha livets rett, så må det til ei massiv overføring av makt, myndigheit og oppgåver frå staten til regionane.

Dialogen om Vestlandsregionen har ført til eit tettare forhold og betre kjennskap mellom oss som er politikarar på Vestlandet. Prosessen har også ført oss saman som politikarar i Sogn og Fjordane: Vi står samla om at vi vil møte framtida som eit samla fylke. Ei deling av fylket er heilt uaktuelt. Dette har slik sett ikkje vore ein bortkasta prosess, men ein prosess som har styrka både fylkes- og vestlandsidentiteten.

Eg ser fram til ein god og konstruktiv debatt i fylkestinget i denne saka i morgon, og er spent på korleis regionreforma vert landa nasjonalt.

Kommune- og regionreforma er ikkje dei einaste tunge reformprosessane som er i gang. Våren 2015 starta Kommunal og moderniseringsdepartementet ei omfattande utgreiing om framtidig struktur og storleik for fylkesmannsembetet. Målsetjinga var å finne ei tenleg inndeling ut i frå dei oppgåver og roller fylkesmannen skal ivareta framover. Sogn og Fjordane har vore tydlege på at fylkesmannembetet skal leiast frå Sogn og Fjordane, uavhengig av om vi held fram som eige fylke eller vert ein del av ein ny region jf. intensjonsplanen.

Frå 1. januar 2016 vart 27 tidlegare politidistrikt slegne saman til 12 politiregionar. Nærpolitireforma har hatt som målsetjing å gjere politiet meir operativt, synleg og tilgjengeleg.

Vi har i år også sett strukturendringar i universitets- og høgskulesektoren. Høgskulen i Sogn og Fjordane har vore gjennom krevjande prosessar men er no formelt ein del av den nye Høgskulen på Vestlandet som skal opnast av statsminister Solberg i Sogndal, 10. januar. Strukturreforma har hatt som overordna mål å styrke kvaliteten på utdanningane og heve forskingsaktiviteten. Det er gjennomført fleire samanslåingar av universitet og høgskular frå 1. januar i år, og fleire prosessar er i gang.

Like eins vart Mattilsynet si nasjonale organisering redusert frå åtte regionar til fem. Frå før har vi hatt NAV-reforma, ny regionstruktur innanfor vegvesenet, sjukehusreforma og eg kunne visst nemnt fleire andre reformer med effektivisering og forenkling som hovudfokus.

Alle endringane vi er vitne til har eit overordna perspektiv: Samfunnet sine ressursar skal brukast meir effektivt. Til dette er det grunn til å stille nokre grunnleggjande spørsmål: Fører reformene til at innbyggjarane får eit betre og tryggare tilbod der dei bur? Gjer dei ikkje det, er ikkje endringane formålstenlege.

Regjering og Storting burde her ha vore meir opptekne av å sjå dei ulike reformene i samanheng, og ha eit samla blikk for dei samla konsekvensane. Det som no skjer er fragmentert og blir gjennomført stykkevis og delt. Det er kritikkverdig! 

Samferdsle vil alltid vere viktig i Sogn og Fjordane. Den saka som vi har hatt størst trykk på siste året er valet av hovudvegtrasear mellom Austlandet og Vestlandet.

Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane vedtok samrøystes å gå for at rv. 52 Hemsedalfjellet skal vere den prioriterte aust-vest traseen på nordvestlandet, og E134 Haukelifjell som den sør-vestlege traseen. Vi har støtta at E134 vert bygd med arm til Bergen og at rv.52 vert bygd med arm til Sunnmøre og Ålesund. Eg meiner dette er ei framtidsretta løysing der vi ser utover eige fylke og prioriterer dei vegløysingane som famnar heile Vestlandet. Regjeringa sin konklusjon i saka kjem i samband med NTP 2018-2029. Denne kampen må vi vinne!

Så må eg også nemne rv. 5 - etter siste rasa mellom Førde og Florø. Vi kan ikkje leve med at ein av dei mest trafikkerte strekningane i fylket har ein så rasutsett veg. Det er mi klare forventing både til vegmyndigheiter og dei som løyver samferdslekronene sentralt at dette prosjektet vert løfta fram.

Dette understrekar også kor viktig arbeidet med å auke den nasjonale rassikringspotten er. At vi har store utfordringar med rassikring viste også raset på rv. 13 mellom Vik og Vangsnes. Heldigvis er denne strekninga prioritert med midlar. Uansett har vi alle ein viktig jobb å gjere for å synliggjere overfor nasjonale myndigheiter dei store behova fylket vårt har for rassikring.

Også andre viktige samferdsleprosjekt i fylket, som strekningar på E39 med fleire må jobbast målretta og tverrpolitisk med. Vi må få inn nye prosjekt i NTP-en som skal handsamast våren 2017. I grunnlagsdokumentet ligg det ikkje inne oppstart på eit einaste nytt vegprosjekt. Berre rassikringsprosjekt har fått tilslag. Det er ikkje godt nok. Vårt fylke har eit stort behov for fornying, utbetring og sikring av vegnettet.

Fylkesrådmannen har i år vurdert arealsituasjonen for dei vidaregåande skulane i Førde med tanke på ei meir heilskapleg løysing. Vi har i dag hovudbygga våre med allmennfag på Hafstad og yrkesfag på Øyrane - i tillegg leiger vi undervisningslokale fleire stader i Førde. Ei samlokalisering av den vidaregåande opplæringa kan gi ei betre arealutnytting, samstundes som det gjev ei betre resursutnytting på skuledrifta, kompetanse og utstyr. Samlokaliseringa av opplæringstilbod andre stader i fylket, som til dømes Sogndal, Eid, Stryn og Sandane har vore svært vellukka. Kanskje er det aller viktigast omsynet at vi kan samle elevane i eit felles miljø.

Det er eigedomen vår på Øyrane som har peika seg ut som det mest aktuelle for ei samlokalisering fordi vi her har bygningsstruktur og utvidingspotensiale. Samstundes har Førde kommune vist interesse for ei overtaking av Hafstad vidaregåande skule.

Det vert arbeidd langs fleire liner for å finne dei gode løysingane på samlokalisering. Det er god dialog med Førde kommune når det gjeld innspel til det pågåande reguleringsarbeidet på Indre Øyrane. Og det er sett i gang kartlegging av arealbehovet ved ei eventuell samanslåing og ei verdivurdering av eigedommen vår på Hafstad. 

Vi er i ein tidleg fase og står overfor problemstillingar som utfordrar oss på mange område når det gjeld forsvarlege rammer. Men, det vert svært interessant å fylgje dette prosjektet vidare.

Eg er sikker på at eg har heile fylkestinget med meg når eg seier at ein vital frivillig sektor gjev god samfunnsutvikling. Deltaking i frivillig arbeid skapar identitet, fremjar helse, aktivitet og sosiale fellesskap. Det er arenaer for demokratiopplæring, inkludering og intergrering.

Norsk kulturindeks i 2016 gjev Sogn og Fjordane fleire gode plasseringar, og Solund tronar heilt oppe på ein 3. plass. 

I 2014 vart utført nærare 148 000 frivillige årsverk i Norge. Verdien er rekna til svimlande 71,9 milliardar kroner. Ikkje noko offentleg budsjett kan erstatte det frivillige arbeidet.

I 2003 gjennomførte Møreforsking ei analyse av frivillig sektor i fylket. Indikasjonen var klar, Sogn og Fjordane er eit organisasjonsfylke med aukande medlemsaktivitet i motsetnad til landet elles. Frivillig sektor i Sogn og Fjordane hadde ein aktivitet som i verdi kunne samanliknast med Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt driftsbudsjett. Dei fann ein klar samanheng mellom frivillig innsats og nyetableringar innan næringsliv i dei ulike regionane i fylket.

Verdien av frivillig innsats berre innan idretten i Sogn og Fjordane vert anslått til 700 årsverk. Dei engasjerer 44 500 frivillige.

Fylkestinget har sagt at det skal utarbeidast ein regional plan for kultur i 2017 og 2018. Eg meiner at det må gjerast ein jobb for å finne ut av omfang og innretning av frivillig innsats i fylket, og at ein i planarbeidet viser korleis vi kan utvikle ein meir heilskapleg frivillig-politikk.

Fylkeskulturkonferansen som skal vere i mars 2017 skal ha kulturpolitikk i reformtider som tema. Frivilligheit må vere eit naturleg tema under denne konferansen.

Fylkeskommunen må også oppretthalde trykket mot statleg og nasjonal politikk for å påverke rammene for frivillig sektor, t.d. moms-kompensasjonsordning for frivillig sektor til både investeringar og drift, og vidareføring av einerettsmodellen.

Å avklare korleis fylkeskommunen skal medverke til at frivillig arbeid i lag og organisasjonar held fram med å skape trivsel, identitet og verdiar i heile fylket vert viktig i åra som kjem.

Eg har i denne talen stort sett hatt blikket retta mot vår eiga verksemd og kva konsekvensar nasjonal politikk har på våre lokalsamfunn. Det er likevel slik at vi blir påverka av det som skjer utanfor våre landegrenser. Vi er ikkje åleine i verda. Noreg har ein liten og open økonomi som er avhengig av det som skjer rundt oss. 2016 har vore prega av at folk i fleire land, verda over, har markert at ein ynskjer ei anna retning på politikken, og ei veksande misnøye med dagens situasjon som har gått under radaren. Det byrja med at eit fleirtal i Storbritannia valde å røyste for Brexit og dermed utmelding frå EU, eit EU mange meiner har fjerna seg for mykje frå folkeviljen og fått for mykje maktkonsentrasjon. I USA har vi nett vore vitne til ein valkamp prega av hard skyts, grove skuldingar og uakseptabel ordbruk. Resultatet vart at republikanarane kom til makta både i kongressen og det kvite hus med Donald Trump som ny president. Sjølv skarpskodde analytikarar har ikkje sett føre seg kva krefter som har vore i sving.

I 2017 skal fleire europeiske land gjennomføre val, og eg vil i spenning følgje med på kva som vert utfallet i Frankrike, Tyskland og Nederland med fleire. I tillegg er vi vitne til eit Russland som stadig vert meir aktive i grenseområda aust for oss, og som rustar opp forsvaret sitt aktivt.

Alt dette påverkar stabiliteten, marknaden og det internasjonale samarbeidet vi er ein del av. Vi observerer at det bles ein politisk vind prega av framandfrykt og isolasjonisme som eg trur ingen er tent med. Det er delte meiningar om korleis det internasjonale samarbeidet bør organiserast, men uavhengig av kven som sit med makta i det enkelte land, så må dei europeiske landa og sine samarbeidspartar elles i verda aldri vike frå at vi er gjensidig avhengig av kvarandre både sikkerheitspolitisk og økonomisk.

Til slutt vil eg komme inn på ei sak som har rysta oss alle langt inn i hjarta. For, kva er meir sårbart og kjært for oss enn borna våre? Eg trur dei fleste vil slite med å finne noko viktigare. For når små, uskuldige og tillitsfulle born vert unytta på det grovaste, så reagerer vi på det sterkaste.

For kort tid sidan vart det avdekka eit svært omfattande overgrepsnettverk, «Dark room», der vaksne og tilsynelatande ansvarlege menneske hadde planlagt, overvåka, sett på og delteke i overgrep mot born. I utgangspunktet «vanlege» folk frå eit urovekkande breidt spekter av samfunnslag. Det slo ned som ei sjokkmelding. Eg reagerte med både sinne og vantru. Korleis er det mulig? Det avslørte mennesket sine mørkaste sider, handlingar som dei fleste av oss ikkje trudde var mulig å gjere mot små barn. Eg har neste ikkje ord. Men, samtidig så er det nettopp ord, og mange ord både i skriftleg og munnleg form i full offentlegheit som må til for å ta knekken på desse brutale og perverse overgrepa. Vi må bevare fatninga og rive denne mørkaste aktiviteten opp med rota slik berre eit sivilisert samfunn kan. Vi skal ikkje tie dette i hel, men varsle, snakke og skrive det i hel til desse personane ikkje finn nokon stad å gøyme.

No, når vi går inn i den tida på året som for mange av oss vert forbunde med lys, varme og omtanke for kvarandre, så må vi hugse på at det sit ungar og ungdomar, kanskje også i nærområdet vårt, som opplever tunge tider. Mi oppmoding til oss alle er at vi er litt ekstra oppmerksame, litt ekstra omtenksame og over gjennomsnittet rause i møtet med dei som kanskje ikkje har det like godt som oss. Denne saka viser med full styrke at behovet for ein trygg og god heim er viktigare enn nokon sinne.

Eg vil aldri miste trua på det beste i mennesket, difor trur eg også at vi som fellesskap og samfunn skal komme styrka ut av det som også er tungt i livet. Men, det krev meir nestekjærleik, meir respekt for det ukrenkelege enkeltindividet, meir fellesskap og eit samfunn der born alltid får vere born.

Jula er ei fin tid der vi kan vere i lag med dei som betyr mest for oss. Ta vare på kvarandre, ver observante og lyttande både for dei nærmaste, og også dei de ikkje kjenner så godt.

Kjære fylkesting. Eg vil takke dykk for året som har gått og ynskje dykk alle ei fredeleg og høgtidsstemt julefeiring. Så ser eg fram til ein god debatt og nye tak og nye politiske diskusjonar i 2017.

Takk for meg!

Jenny Følling
fylkesordførar, Sogn og Fjordane