Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Hovudutvalet for opplæring var samla til møte på Fylkeshuset 27. september 2016. Der vedtok dei blant anna å utsetja saka om fråværsreglementet. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune
Ventar på ministermøte
Hovudutval for opplæring har utsett saka om fråværsreglane i vidaregåande skule til etter dei har fått til eit møte med kunnskapsministeren.
Inntil vidare gjeld dei nasjonale fråværsreglane, med føringar gitt av Utdanningsdirektoratet. Hovudutvalet vedtok i slutten av august eit revidert fråværsreglement, som skulle gjelde for Sogn og Fjordane. Dette vedtaket er kjent ulovleg av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
Fylkesordførar Jenny Følling har bedt om eit møte med kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.
Det var eit samrøystes hovudutval som utsette saka 27. september 2016.
For meir informasjon
Karianne Torvanger
Leiar for hovudutval for opplæring
karianne.torvanger@sfj.no
996 06 484
Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim
bekka.skaasheim@sfj.no
415 30 956