Ei smal grøft er gravd i bakken for å legge ned fiberkablar
Ei smal grøft er gravd i bakken for å legge ned fiberkablar

Foto: Olav Skarsbø

Nye 30 millionar til breiband

Statleg støtte løyser ut til saman 80 millionar til breibandutbygging i 20 kommunar i fylket.

Sogn og Fjordane får nok ei storsatsing på breiband. Dei 30 nye millionane frå staten løyser ut millionar frå fylkeskommunen og kommunane. Innbyggjarane i dei 25 bygdene som no får eit fullverdig breibandtilbod må og bidra med eigne midlar eller dugnad i samband med den føreståande utbygginga. Dette gjer at leverandørane kan gå inn med sin del, noko som gjer at det vert bygd ut breiband for over 80 millionar kroner i 2017 og 2018.

– Dette gleder og inspirerer og viser nok ein gong at koordineringsjobben vi gjer gjennom IT-forum og fylkeskommunen gjer ein skilnad, seier leiar i IT-forum Gunnar Hæreid og fylkesdirektør for næring og kultur Jan Heggheim.

Fylkesordførar Jenny Følling er svært glad for pengane til utbygging av breiband. 

– Vi har fått god utteljing takka vere eit godt samarbeid i fylket. Det er stort behov for utbygging av breiband, og med 30 millionar vil mange familiar og bedrifter få breiband, seier Følling.

Forskingsleiar i Vestlandsforsking, Ivar Petter Grøtte, som var med i søknadsarbeidet, er samd.

– Fylkeskommunen, IT-forum Breiband og Vestlandsforsking har jobba med denne søknaden i lengre tid. Tildelinga er eit godt eksempel på at når forvaltning, forsking og næringsliv samarbeider, gir det gode resultat, seier han.

Samla ressursar

– Dette viser at samarbeidet har fungert veldig bra, seier Olav Skarsbø, prosjektleiar i fylkeskommunen si næring- og kulturavdeling. Han fortel at i staden for at kommunane sender inn sine eigne søknader, samla dei ressursane og søkte saman. Han trur det var ein avgjerande faktor. Midlane går til bygder og områder som har det dårlegaste tilbodet i dag og som ikkje er kommersielt lønnsame å bygge ut for leverandørane.

– Fylkestinget vedtok i april ein ny breibandstrategi for fylket. Målet er at alle bedrifter og innbyggjarar i Sogn og Fjordane skal ha tilgang til eller ha prosjekt for å etablere andre generasjon breiband innan 2020. Strategien er fylkeskommunal, men han er avhengig av statleg støtte for å bli realisert.

– Denne tildelinga gjer oss i stand til å komme eit godt stykke vidare. Kommunane i Sogn og Fjordane har i 2014 og 2015 fått over 58 millionar kroner i statstilskot. Med den nye tildelinga på 30 millionar får 1846 nye husstandar eit fullgodt breibandtilbod, avsluttar prosjektleiar Olav Skarsbø.

Tildelinga i 2016 går til følgjande kommunar og prosjekt:

Kommune

Prosjekt

Støtte frå Nkom

 Aurland

 Øvre Flåmsdalen

      600 000

 Askvoll

 Atløy

   1 000 000

 Balestrand

 Lånefjorden

      270 000

 Flora

 Øyapakke 1 og 2

   3 555 000

 Førde

 Haukedalen

   2 000 000

 Eid

 Vest for Nordfjordeid

      900 000

 Gaular

 Sande - Viksdalen

   1 600 000

 Gloppen

 Byrkjelo Sør og Hope

   1 379 000

 Gulen

 Dingja og Norgulfjorden

      600 000

 Hyllestad

 Hyllestad

   3 180 000

 Jølster

 Eikås

      700 000

 Lærdal

 Erdal

      450 000

 Luster

 Jostedalen Nord

   2 000 000

 Naustdal

 Midtredalen

   1 800 000

 Selje

 Lesto-Salt og  Årvika-Honningsvågen

   2 200 000

 Solund

 Nord Solund

      600 000

 Sogndal

 Fjærland

   2 200 000

 Stryn

 Markane - Rand

   3 765 000

 Vik

 Arnafjord

   1 000 000

 Årdal

 Øvre Seimsdalen og Fardalen

      450 000

Totalt

 

 30 249 000

For meir informasjon

Olav Skarsbø
prosjektleiar, Sogn og Fjordane fylkeskommune
olav.skarsbo@sfj.no
909 93 462

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut