Ei smal grøft er gravd i bakken for å legge ned fiberkablar
Ei smal grøft er gravd i bakken for å legge ned fiberkablar

Foto: Olav Skarsbø

Breibandutbygging i full fart

Fylkeskommunen koordinerer arbeidet med breibandutbygging i fylket, og har offensive mål fram mot 2020. I haust vil dei 23 områda som fekk støtte i 2014 vere utbygd, og 15 nye er under bygging.

Dei siste åra har det skjedd svært mykje med breibandutbygging i Sogn og Fjordane. Fylket har motteke statstilskot på 58 millionar kroner, noko som løyste ut over 10 millionar kroner frå fylkeskommunen og 10 millionar frå kommunane. Eigendelar frå husstandane og bidrag frå leverandørane gjev ei samla breibandutbygging for rundt 170 millionar kroner.

– Dette er eit godt eksempel på at samarbeidet vi har med kommunane, IT-forum og Vestlandsforsking fungerer svært godt, seier Olav Skarsbø, prosjektleiar i næringsavdelinga i fylkeskommunen.

Fylkestinget vedtok i juli 2016 ny strategi for breiband i Sogn og Fjordane 2016-2020. Hovudmålet er ambisiøst: Alle bedrifter og innbyggarar i Sogn og Fjordane skal ha tilgang til eller prosjekt i gang for å etablere neste generasjon breiband innan 2020.

– Dette er eit ambisiøst mål som krev delfinansiering frå staten, seier Skarsbø.

Nye søknadar

Sogn og Fjordane fylkeskommune har i år søkt om støtte tre nye fylkesprosjekt på til saman 40 mill. kr. Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) skal i haust fordele 126,5 mill. kr i statsstøtte til kommunar og fylkeskommunar i heile landet. Sogn og Fjordane har enda mange områder som manglar eit fullgodt tilbod.

Desse områda har søkt om støtte 2016

Bygder som fekk tildelt breibandmidlar i 2014

Bygder som fekk tildelt breibandmidlar i 2015

Les meir om breiband i Sogn og Fjordane

For meir informasjon

Olav Skarsbø
prosjektleiar, Sogn og Fjordane fylkeskommune
olav.skarsbo@sfj.no
909 93 462

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut