SGN Skis tek imot gründerpris for 2015 frå fylkesordførar Jenny Følling
SGN Skis tek imot gründerpris for 2015 frå fylkesordførar Jenny Følling

SGN Skis tek imot gründerpris for ungdom 2015 frå fylkesordførar Jenny Følling. Foto: Matias Helgheim/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Gründerpris til Sogndalsski

Gründerprisen for ungdom 2015 går til SGN Skis og deira innovative ski-produksjon.

Bedrifta held til i Sogndal og tek namnet sitt frå staden. Med skimodellar som «Hurrungane» er den lokale tilknytinga i fylket tydeleg. På fylkestinget 8. desember fekk dei seks gutane i selskapet pris for deira arbeid sidan byrjinga i 2012. 

Engasjement

Karen Marie Hjelmeseter, leiar for hovudutval for kultur og næring, heldt tale for vinnarane. Ho rosa bedrifta for å produsere ski som skil seg frå mengda, både på teknologi og design. SGN Skis sel ski for topptur og frikøyring med ein ny kolfiberteknologi og er blant dei lettaste i verda.

– Dei har brei erfaring og kompetanse, godt driv og ikkje minst, dei er personleg opptekne av skisporten, sa Hjelmeseter i si tale.

Lokalt miljø

Sogndal har vore omtalt som landets hovudstad for frikøyring, og det har bedrifta utnytta godt, meiner juryen.

–  Det er eit sterkt ski-miljø i Sogn, noko bedrifta har vore flink til å utnytte, med til dømes lokale ambassadørar og som arrangør av lokale konkurransar, sa Hjelmeseter, som og drog linjene tilbake til Sondre Norheim si tid.

– Vi må takke for all støtta vi har fått frå heile fylket, sa vinnarane i sin takketale.

Sjekk frå fylkesordførar

Prisen gir ære og 50 000 kroner. Etter talen kom fylkesordførar Jenny Følling fram og overrekte blomar, sjekk og diplom til dei glade gutane.

Juryen for prisen er samansett av representantar frå Innovasjon Norge, NHO, fylkesmannen og fylkeskommunen i Sogn og Fjordane.

Kontaktperson:

Karen Marie Hjelmeseter

leiar, hovudutval for næring og kultur

karen.marie.hjelmeseter@sfj.no

918 47 736

Del dette: