Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Kulturblogg i ny drakt
Kulturbloggen skal vere ein arena for kulturdebatt og for å fremje aktuelle tema innanfor det store og omfattande området «kultur». Vi ønskjer gjestebloggarar velkomne.
Sogn og Fjordane fylkeskommune har tidlegare drifta ein kulturblogg gjennom Kulturnett Sogn og Fjordane. Denne var i fleire år ein god arena for debatt og diskusjon om store og små tema frå kultursektoren i fylkeskommunen eller for kulturinstitusjonane i fylket.
Bloggarane var gjerne direktørar, avdelingsleiarar og tilsette ved kulturinstitusjonane, samt eit knippe engasjerte privatpersonar. Når vi no relanserer Kulturblogggen håpar vi å opne debattarenaen for fleire engasjerte menneske i Sogn og Fjordane.
Nynorskbloggarane opnar ballet
Dei som får æra av å blåse nytt liv i kulturbloggen i Sogn og Fjordane, er dei eminente nynorskbloggarane våre. Gjennom ungdomsprosjektet «Mine meiningar på mitt språk» har fylkeskommunen eit ønske om å inspirere fleire ungdomar i fylket til å skrive og uttrykke seg på nynorsk. Vi har valt blogg som formidlingskanal. I månadane som kjem skal vi verte betre kjende med dei ti ungdomane som deltek i prosjektet.
Dei ti deltakarane kjem frå ulike stader i fylket, er mellom 15 og 26 år og har svært varierande interesser. Det dei har til felles er eit ønskje om å ytre meiningane sine på målet sitt – nynorsk.
Les meir om prosjektet og om deltakarane på sfj.no/ungdomsblogg, og følg med på kulturbloggen for å lese innlegga deira om sjølvvalde tema. Du kan også følgje nynorskbloggarane på Facebook.
Ta kontakt med kulturavdelinga i fylkeskommunen om du har lyst å skrive på kulturbloggen:
Sigrun Espe
sigrun.espe@sfj.no
990 44 666
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Ingebjørg Erikstad
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941