Illustrasjon som syner symbolet H2, med ordet hydrogen under. Bakgrunnen er kvit- og blåstripete. Foto: Zero Emission Resource Organisation, www.flickr.com

Seminar om hydrogenteknologi

Fylkeskommunen er med og arrangerer eit seminar om klima- og næringsmoglegheiter knytt til hydrogen i Førde 9. september.

Tema for seminaret er

  • hydrogen som energiberar
  • status innanfor hydrogenteknologi
  • klimamessige aspekt ved bruk av hydrogen
  • moglegheiter for ny næring og industri i fylket

Program

09.00: Velkomen og registrering
09.15: «Hydrogen for dummies»
09.45: Hydrogenteknologi – status per i dag
10.15: Pause
10.30: Moglegheiter for ny næring i fylket
11.00: Prosjekt- og finansieringsmoglegheiter
11.30: Lunsj
12.30: Arbeidsverkstad – kartlegging av moglegheiter knytt til ei maritim hydrogen verdikjede i Sogn og Fjordane
15.00: Slutt

Norsk Hydrogenforum med partnar Romerike Avfallsforedling stiller med ein hydrogenbil som vil vere tilgjengeleg for prøvekøyring i pausane.

Du kan delta på programmet heile dagen, eller velje om du vil delta berre på det faglege eller berre på arbeidsverkstaden. Seminaret er gratis og vert halde på Hellesnes verft i Førde.

Påmelding til elisabet.kjerstad.boe@sfj.no innan 4. september.

Seminaret er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, Vestlandsforsking, Maritim Foreining og Christian Michelsen Research.

For meir informasjon

Elisabet Kjerstad Bøe
elisabet.kjerstad.boe@sfj.no
915 91 548

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00