Fylkestinget styrkjer toppidrettssatsinga i fylket

Fylkestinget vedtok 14. desember å løyve 375 000 kroner til å styrkje satsinga på toppidrett ved dei vidaregåande skulane i 2012. Frå 2013 løyver fylkespolitikarane 750 000 kroner til denne satsinga kvart år fram til og med 2015.

Fylkespolitikaranes lanserer ei slik satsing for å kunne styrkje oppfølging av unge toppidrettstalent ved dei vidaregåande skulane i fylket. Toppidrettstilbodet skal utviklast i samarbeid med Sogn og Fjordane Idrettskrins og godkjennast av hovudutvalet for opplæring.

Tilbodet skal evaluerast før opplæringstilbodet for 2015/16 skal lysast ut.

Det var Senterpartiet som i utgangspunktet fremja forslaget om å styrkje toppidrettssatsinga. Alle dei andre partia slutta seg så til eit justert framlegg. Fylkestinget vedtok dette som del av budsjettet for 2012 og økonomiplanen 2012–2015.

Del dette: