Nytt liv til gamle hus

- Fylkeskulturprisen skal hjelpe fram kulturarbeidet i fylket. Prisen skal vera honnør til dei som har gjort ein særleg innsats. Slik helsa Sissel Loen, leiar av hovudutval for kultur, Nedre Jølster Bilelag, vinnarane av Fylkeskulturprisen 2009 under opninga av Fylkestinget.

- Nedre Jølster Bilelag representerer det ypperste av kvalitet når det gjeld antikvarisk restaurering av bygg og ivaretaking av gamle handverkstradisjonar, sa Loen og gav uttrykk for håp om at pristildelinga vil bidra til å skaffa bilelaget enno fleire venar.

Riksantikvaren

Bilelaget har eit tett samarbeid med Riksantikvaren. Gjennom det sokalla ”Mellomalderprosjektet” har dei sett i stand eit stort tal eldre bygg, både museumsbygningar og bygg i privat eige, over heile Vestlandet.

Medlemmane har spelt ei sentral rolle i arbeidet med å restaurera og vedlikehalda stavkyrkjene – sjølve perlene i den norske kulturarven.

Utviklar mangfald

Gjennom innsatsen for freda og verneverdige bygg, og gjennom å utvikla handverket, er dei ikkje berre med på å gjeva nytt liv til gamle hus. Dei er og med på å utvikla mangfaldet i omgivnadane våre, sa Loen.

Interessa for å utforska gamle teknikkar, og tileigna seg ny kunnskap om materialbruk og materialkvalitet står sentral hos medlemmane.

Bilelaget vart etablert i 1994, på initiativ frå tømrarane Erlend Gjelsvik, Halvor Slåtten og Bjarne Sunde. I dag har laget ti medlemmar.

 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut