Fire ulike bilete av folk og natur.

Kartlegging av levekår og livskvalitet

Våren 2019 gjennomfører vi ei fylkeshelseundersøking i Sogn og Fjordane. 20 000 innbyggjarar i fylket blir plukka ut til å delta i undersøkinga og blir kontakta direkte på anten e-post eller SMS. Klikk deg inn på lenka under og svar på undersøkinga!

Dersom du har problem med å logge deg inn, eller opplever andre problem i tilknyting til undersøkinga, send ein e-post til anne-lene.norman@sfj.no.


Fire tilfeldige personar som svarar på undersøkinga vil få kvart sitt gåvekort på kr. 2000. Vinnarane vert annonserte på Sogn og Fjordane fylkeskommune si heimeside, samt på Facebook.

Dei som er plukka ut til å delta i undersøkinga, blir kontakta direkte. Det er også mogleg for andre å logge seg inn og svare, men svara vil ikkje bli rekna med i sluttrapporten.

Det tek omlag 15 minutt å fylle ut skjemaet og du kan svare anten på nynorsk, bokmål, eller engelsk. Svara dine er anonyme. Spørjeskjemaet brukar sikker innlogging via ID-porten og er ei teneste som er levert av Universitetet i Oslo.

Det er Sogn og Fjordane fylkeskommune og Folkehelseinstituttet som står bak undersøkinga. Vi ønskjer å leggje til rette for gode leveår og eit godt lokalmiljø for alle her i fylket. 20 000 namn vert trukke ut frå Folkeregisteret, og desse vil bli bedt om å svare på undersøkinga. Vi håper så mange som mogeleg av dei som er plukka ut, svarer på undersøkinga. 

Ved spørsmål om skjema, ta kontakt med Sogn og Fjordane fylkeskommune, ved spesialrådgjevar Anne-Lene Normann på e-post: Anne-Lene.Norman@sfj.no eller på telefon +47 415 30 378 (mellom kl. 10 og kl. 15) 

Svarfrist er 5. april 2019.

Lurer du noko? Gå til sida Spørsmål og svar om fylkeshelseundersøkinga 2019

 

Takk for at du hjelper oss å gjere folkehelsa i Sogn og Fjordane betre!

Helsing

Jenny Følling

Camilla Stoltenberg

Fylkesordførar i Sogn og Fjordane

Direktør Folkehelseinstituttet 

Kommentarer