Sogn  og Fjordane fylkeskommune
Sogn  og Fjordane fylkeskommune

Foto: Barn på biblioteket: Lene Neverdal. Vindhellavegen: Åsne Helleve. Konsert Lena Skjerdal: Birthe Johanne Finstad. Skulpturar: Birthe Johanne Finstad. DKS-konsert: David Zadig. Kvernsteinsparken: Lars Opstad

Regional plan for kultur

Kultur for alle, regional plan for kultur i Sogn og Fjordane 2019-2027.

Kultur for alle, regional plan for kultur i Sogn og Fjordane 2019-2027 vart vedteken i fylkestinget 19. oktober 2018. Den 4. desember vedtok fylkestinget handlingsprogram 2019-2022 til kulturplanen.

Planprosessen

Kulturplanen er forankra i Regional planstrategi. Planarbeidet vart gjennomført i tråd med reglane i plan- og bygningslova. Kommunar, organisasjonar,institusjonar og andre interesserte vart inviterte til å delta i planprosessen.

Fylkesutvalet vedtok planprogrammet for regional plan for kultur 23. januar 2018. Planprogrammet var ein plan for det vidare arbeidet med kulturplanen, med framlegg til mål, plantema, organisering og framdrift. 

Planprogram for regional plan for kultur var ute på høyring før det vart vedteke, og du finn ei oppsummering av høyringsuttalane her.

Den politiske saka – Regional plan for kultur - planprogram, som fylkesutvalet behandla 23. januar kan du lese her.

Utkast til sjølve plandokumentet vart sendt på høyring 31. mai 2018, med frist 1. september 2018. Høyringsutkastet finn du her (pdf).19. oktober 2018 vedtok fylkestinget kulturplanen. Du finn opptak av diskusjonen i fylkestinget her: webtv - Fylkesting 19.oktober 2018, og vedtaket her: Saksprotokoll - Regional plan for kultur 2019-2027, Kultur for alle

Hovudutval for næring og kultur vedtok den 6. februar 2019 handlingsplanen for 2019. Dette er ei oversikt over dei fylkeskommunale tiltaka som skal gjennomførast i 2019. Dokumentet kan du laste ned eller lese på denne sida: Handlingsplan 2019.

Medverknad

I løpet av planprosessen vart det gjennomført ei rekkje dialogmøte med partnarskapen (kommunane, organisasjonane, institusjonane, private aktørar), det var høyringar og høve til direkte innspel til planarbeidet. Engasjement rundt planarbeidet var viktig for å få eit godt og gjennomarbeidd dokument  som kan gje retning for kulturarbeidet framover.

Innspelsmøte til kulturmeldinga

I samband med regjeringa sitt arbeid med ny kulturmelding, arrangerte Kulturdepartementet og fylkeskommunen eit regionalt innspelsmøte til arbeidet 17. januar 2018. Temaet er nært knytt til arbeidet med regional plan for kultur, og vi har difor lagt ut presentasjonane frå møtet her:

Dokument:

Kontaktperson

Siri Ingvaldsen 
fylkesbiblioteksjef
siri.ingvaldsen@sfj.no
57 63 79 58
907 89 828

Siri Ingvaldsen

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00