Båt

Ein stor del av kollektivtilbodet i Sogn og Fjordane er båttransport. Både lokalruter og hurtigbåtruter til Bergen utgjer ein viktig del av transportsystemet i fylket.

Lokalruter

Det går i dag 13 båtar i lokalrutetrafikk i Sogn og Fjordane. Av desse båtane er det 4 kombikatamaranar, ein katamaran og 8 mindre einskrogsbåtar. I tillegg vert det utbetalt kompensasjon for bruk av eigen båt til veglause grender.

Dei fleste rutene er knytt til skuleskyss. Enkelte stadar er det sett opp arbeids og kveldsruter. For enkelte veglause grender som ikkje har skuleskyss, er det sett opp eit minimumstilbod nokre gonger for veka. Tal avgangar i veka vert bestemt utifrå innbyggjartalet.

Trenden innan båtskyss er at det vert stadig færre innbyggjarar som har behov for båtskyss i det daglege. Spesielt barnefamiliar ser ut til å ville etablere seg på stadar nærare jobb og skule. På den andre sida ser vi ein trend der stadig fleire nyttar båt for å kome seg til fritidsbustad. Denne gruppa reiser ofte på andre tidspunkt (helg/ferie) enn det fastbuande gjer (yrkedagar)

Miljø

Mange av dei mindre båtane som vert nytta i dag er over 30 år. Av miljøomsyn er det eit krav i dagens avtaler at maskinene skal vere frå etter 1997 (nyare og strengare krav til utslepp).

På ferjesektoren er det ei stor utvikling i retning av nullutsleppsfarty basert på straum og hydrogen. Småbåtar har litt andre rammekrav til teknologi i forhold til vekt, volum og fart  samanlikna med ferje.

Neste anbodsrunde for lokalbåt vil vere i drift i 2020 eller 2022. Det er usikkert om høveleg ny nullutsleppsteknologi vil vere tilgjengeleg innan den tid.

Ved bygging av nye fartøy er det meir skreddarsaum enn til dømes masseproduserte bussar. Det er difor litt meir handlingsrom til å teste ut nye lovande teknologiar på båt, men fortsatt vil det være svært ressurskrevjande. Vidare er det krevjande med utviklingsprosjekt opp mot regelverk for offentleg innkjøp.

I neste anbodsrunde må det vurderast om farten på båtane skal reduserast til under 20 knop. Dette vil redusere forbruket av drivstoff samstundes som båtane kan kome i ein fartøyklasse med mindre krav.

Det vil vere naturleg med nye og strengare krav til miljø i neste avtaleperiode frå 2020/22. 

Universell utforming lokalbåt

Over halvparten av rutebåtane i Sogn og Fjordane er eldre fartøy på rundt 50 fot. Båtane er rekna for å vere gode sjøbåtar med høveleg størrelse til mindre ruter med få reisande. Utfordringa er knytt til at dei er lite universelt utforma. Salongen er ofte ein halv etasje ned frå dekket bak, medan styrehuset er ein halv etasje opp. Det er trappene mellom etasjane som er største utfordringa i forhold til universell utforming.

Ved neste anbodsrunde vil mange av desse båtane vere godt over 30 år. Med tanke på universell utforming er det lite ønskjeleg å gå vidare med desse båtane inn i neste anbodsrunde.

Nye båtar med universell utforming er ofte ein del større. Nyare og større båtar vil auke kostnadsnivået. 

Ekspressbåtane er universelt utforma.

Ekspressbåtruter til Bergen

Sogn og Fjordane fylkeskommune driv 4 snøggbåtruter mellom fylket og Bergen. To ruter på kysten og to ruter innover Sognefjorden. Rutene er meint både som bindeledd mellom fylket og Bergen og som lokalruter internt i fylket.

Snøggbåtane kostar omlag 100 mill. kr i året, og har trafikkinntekter på nærare 90 millionar kroner. Ekspressbåtane er universelt utforma.

Klima og miljø

Ekspressbåtane hadde det nyaste innan motorteknologi tilgjengeleg for denne typen båtar ved anbodsutlysing. På det tidspunktet desse båtane vart bygd (2012 for 3 av båtane) var oljeprisen høg, fokuset på oljeforbruk var difor tilsvarande høgt.

Båtane er store og held høg fart. Vidare har rutene lange seglingsdistansar. Rutene står for om lag 40 % av det totale  utsleppet innan  båt, buss og fylkesvegferje.

Isolert sett vil miljøtiltak knytt til desse 4 rutene/fartøya raskt gje effekt på miljørekneskapen til kollektivsektoren i fylket.

For meir om klima/miljø og ulike teknologiar sjå eige kapittel om temaet.

Universell utforming av kaiar

Bratte landgangar er krevjande for dei reisande. Flo og fjære kan vi ikkje gjere noko med, men det er viktig at båtane og kaiane passar i hop.

Kai-anlegg må vere universelt utforma. Dette går på alt frå belysning til tilkomst til kaia og tilpassing til båtane som trafikkerer kaia.

Slike vurderingar må gjerast i neste runde med anbod på båt. Det må påreknast auka kostnader knytt til slike tiltak.

Det er eit mål at alle tenester i fylkeskommunen skal vere best mogleg universelt utforma.

Over halvparten av lokalrutebåtane er eldre einskrogs fartøy med dårlege løysingar knytt til universell utforming. Det vil vere naturleg å fase ut slike gamle fartøy i neste anbodsrunde til fordel for nyare og meir tidsriktige båtar med universell utforming.

Mange kaianlegg har behov for tiltak for å betre den universelle utforminga.

Det må påreknast ein kostnadsauke knytt til nyare fartøy med gode løysingar for universell utforming og miljø. Det må tilsvarande påreknast auka kostnader knytt til tiltak på kaiar.

Tiltak som betrar universell utforming gjer det enklare for alle reisande.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954