4vr 6k 6zb 7m

Foto: Asbjørn Ness/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Høyring – Regional plan for vassforvaltning

Regional plan for vassforvaltning gjeld til og med 2021. Vi har starta arbeidet med å oppdatere planen for perioden 2022–2027 og legg no fleire dokument ut til offentleg ettersyn. Fristen for innspel er 30. juni 2019.

Vassregionane Sogn og Fjordane og Hordaland blir slått saman til Vestland vassregion frå 1. januar 2020. Vi har difor utarbeidd eit felles planprogram for vassregionane Sogn og Fjordane og Hordaland. I tillegg til planprogrammet kjem eigne dokument med hovudutfordringar for kvar av dagens vassområde.

I tillegg til dokument for den nye planperioden, har vi også oppdatert handlingsprogrammet som høyrer til vassforvaltningsplanen for 2016–2022.

Desse dokumenta er no ute på høyring

  • Handlingsprogram 2019–2021
  • Planprogram for Regional vassforvaltningsplan 2022–2027 for Sogn og Fjordane og Hordaland vassregion
  • Hovudutfordringar i Sogn og Fjordane
    • Vedlegg 1: Hovudutfordringar i Nordfjord vassområde
    • Vedlegg 2: Hovudutfordringar i Sunnfjord vassområde
    • Vedlegg 3: Hovudutfordringar i Ytre Sogn vassområde
    • Vedlegg 4: Hovudutfordringar i Indre Sogn vassområde

Vi har laga eigne skjema for innspel. Dersom du har innspel til eitt eller fleire av dokumenta, fyller du ut skjemaet/-a som høyrer til, og sender til post@sfj.no.

Du finn alle høyringsdokumenta knytt til Regional plan for vassforvaltning på vannportalen.no.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut