Hendanes fyr. Fotograf: Rolf M. Sørensen Photographer Rolf M. Sørensen
Fylkeskommunale strategiar
Ein fylkeskommunal strategi skal ta utgangspunkt i regionalt prioriterte satsingsområde/utfordringar i fylket, og gi føringar på verkemiddelbruk for å møta desse. Ein strategi bør vere forankra i ein regional plan eller ein regional planstrategi.
Ved utarbeiding eller ved rullering av regionale planar bør ein alltid vurdera å innlemma regionale strategiar som er vedtatt tidlegare. Strategien kan da anten fortsatt gjelda som eit tillegg til den regionale planen, men helst bør den verte heilt integrert slik at behovet for den regionale strategien fell bort og vert dekka i den regionale planen.
Plan
Strategi for tettstadutvikling og senterstruktur
I Regional planstrategi 2016-2020 er det vedteke at det skal utarbeidast ein «Strategi for tettstadutvikling og senterstruktur». Strategien er laga for å styrke tettstadane våre, og for å utvikle sterkare bu- arbeids- og serviceregionar i fylket. Analysar av flyttemønsteret i fylket har vore eit viktig grunnlag for strategien. Strategien er tenkt å vere eit grunnlag og styringsverktøy innan regional utvikling.
Planutvalet i fylkeskommunen har fungert som arbeidsgruppe for planen, og målsetjinga for strategien er drøfta i planutvalet i sak 01/17:
- Strategi for senterstruktur og tettstadsutvikling skal gje Sogn og Fjordane sterkare BAS regionar, med meir attraktive tettstader som utfyller og styrkar kvarandre.
Gjennom prosessen er det utforma retningsliner knytt mot
- attraktive tettstader
- attraktive bustadar
- sterkare bu-arbeids- og serviceregionar.
Strategien blei vedtatt i fylkestinget 17. april 2018 i sak 9/2018.
Klikk her for å lese strategien
Opplæring
Mål- og strategidokument for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2012-2015
Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2013–2024
Meir informasjon om prosjekt og planar for Opplæring
Plansjef

Synnøve Stalheim
Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260