xn 72zfucuh
xn 72zfucuh

Musikkterapi

Sogn og Fjordane fylkeskommune tilbyr og arrangerer ulike kurs, konferansar og prosjekt som set søkjelys på samanhengane mellom kultur og helse og musikkterapi.

Fylkeskommunen er involvert i forsking og utvikling av faget, i samarbeid med nettverket Musikk og eldreHøgskulen på Vestlandet og Universitetet i Bergen.

Fylkeskommunen tilbyr tenester innan kultur, skule, barnehage, helse- og sosialsektoren. Senteret kan kome ut til kommunane i fylket, til dømes til institusjonar, skular, barnehagar, ppt-kontor, flyktningemottak, for å ha eit praktisk musikkterapeutisk opplegg. Det kan vere i form av kurs/forelesing/rettleiing for dei tilsette eller direkte intervensjon med aktuelle klientar. Inkludert i tenestene er også hjelp til søknadsprosessen om midlar til, til dømes eit prosjekt og/eller legge til rette for oppretting av ny stilling som musikkterapeut.  

Målsetnader for fylkeskommunen: 

  • Å ivareta retten til musikk for alle.
  • Å vere ein fagleg utviklingsaktør gjennom å initiere forsking, skape nye prosjekt og bygge nettverk.
  • Å gje musikkterapeutane i fylket høve til fagleg utvikling.
  • Å sette i gang tverrfaglege kompetansehevande tiltak, gjennom kurs, rettleiing og undervisning.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00