Elevar på næringsreise til Høyanger sørside

06. mai 2014

Kva endringar har skjedd i jordbruket dei siste 50–60 åra, og korleis ser ein topp moderne fjøs ut? Kva meiner ein med «blå næringar», og kva er siste utviklinga innan fiskeoppdrettsnæringa? Desse spørsmåla tok elevar ved studieførebuande ved Høyanger vidaregåande skule med seg til sørsida.

Les mer

«Nye» rektorar i Førde og Høyanger

05. mai 2014

Det er no klart at Liv Horvei vert rektor på den samanslegne Mo og Øyrane vidaregåande skule frå 1. august. Trygve Jacobsen vert assisterande rektor. I Høyanger er Torill Thorbjørnsen fast tilsett som rektor ved Høyanger vidaregåande skule.

Les mer

Elevar vann internasjonal UB-pris

02. mai 2014

RAW Media UB frå Mo og Jølster vidaregåande skule vart denne veka kåra til årets "EwB"-bedrift under NM for ungdomsbedrifter.

Les mer

Ny rektor ved Fagskulen i Sogn og Fjordane

30. april 2014

Elin Stubhaug er tilsett som rektor ved Fagskulen i Sogn og Fjordane. Ho tek over stillinga etter Tor Solheim, som går av med pensjon. Stubhaug tek til i stillinga i august.

Les mer

Næringsreise i Nordfjord 7. og 8. mai

25. april 2014

Karriere Sogn og Fjordane inviterer til næringsreise i Nordfjord med temaet «Maritime fag og kystnæringane». Målgruppa er blant andre rådgjevarar og lærarar i ungdomsskule og vidaregåande skule, OT-koordinatorar, arbeidslivskontaktar og Nav-tilsette.

Les mer

Helsefagelevar på utplassering i London

15. april 2014

Norske elevar på vg2 helsearbeidarfag har for første gong vore utplasserte i London. Ei gruppe elevar frå Dale og Øyrane vidaregåande skular hadde to veker arbeidsutplassering i London i mars.

Les mer

Nytt studietilbod kan gje 30 årsverk i ein pressa bransje

11. april 2014

Elektrobransjen i fylket slit med å få nok fagfolk, både fagarbeidarar, teknikarar og ingeniørar. Fagskulen i Sogn og Fjordane tilbyr frå hausten av eit samlingsbasert studie innan elektro.

Les mer

115 tok imot fag-, sveine- og meisterbrev i fylket

11. april 2014

Det var festkveld for fagutdanninga i fylket då 240 personar var samla i Loen under årets utdeling av fag- sveine- og meisterbrev 28.mars. Seks personar tok meisterbrev i Sogn og Fjordane i 2013.

Les mer

Avfall på dagsorden då fem elevar og to lærarar frå Luster vidaregåande skule vitja Zambia

03. april 2014

Luster vidaregåande skule samarbeider med David Livingston High School (DLHS) i Zambia. No i mars har fem elevar og to lærarar besøkt skulen i Zambia for å lære om avfallshandtering og utveksle erfaringar om skule og utdanning. Elevane frå Luster overrekte også ei gåve på 30 000 kroner.

Les mer

Fyrstehjelpspakke i psykisk helse for auka gjennomføring i vidaregåande skule

26. mars 2014

Forsking viser at mange av ungdomane som ikkje fullfører vidaregåande opplæring, har vanskar med den psykiske helsa si. Fylkeskommunen har difor i samarbeid med Helse Førde utvikla ein fyrstehjelpspakke for elevane på første trinn i vidaregåande opplæring.

Les mer

Hovudutvalet for opplæring har justert opplæringstilbodet for skuleåret 2014–15

26. mars 2014

Hovudutvalet har avgjort kva utdanningsprogram, og kor mange grupper, som startar opp på dei vidaregåande skulane til hausten. Til saman har 4207 søkt om skuleplass i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane neste skuleår.

Les mer

Over 50 kortfilmar konkurrerer på Sogndal Filmfestival

20. mars 2014

Mange unge filmskaparar har meldt på filmar til Sogndal Filmfestival 31. mars og 1. april. Festivalen deler ut prisar i ti kategoriar, og juryen er i godt i gang med å vurdere filmane.

Les mer

Nettbrettpremie betrar lærlingeundersøkinga

18. mars 2014

Fagopplæringsnemnda delte ut nettbrett til 5 lærlingar 14. mars, etter at dei hadde svara på årets lærlingeundersøking. Svarprosenten er god, og svara vert nytta til å utvikle kvaliteten på opplæringa.

Les mer

Gudmund Hernes til danningskonferanse på Firda vidaregåande skule

12. mars 2014

Danning er eitt av tre kjennemerke på kvalitet i opplæringa i mål- og strategidokumentet for vidaregåande opplæring 2012–2015, «God – betre – best». Dei to andre er læringsutbyte og gjennomføring.

Les mer

Pixel UB beste ungdomsbedrift ved Fylkesmessa 2014

11. mars 2014

Mediebedrifta Pixel UB ved Sogndal vidaregåande skule vann prisen for "Beste ungdomsbedrift 2014" ved Fylkesmessa 2014, tett følgt av Skjulte Skattar UB frå Årdal vgs. Desse to skal no delta på NM i ungdomsbedrifter 29.–30. april.

Les mer

Skulebruksplanen - status for omstillingsprosessen

07. mars 2014

Oppfølginga av skulebruksplanen for vidaregåande opplæring viser at nær 50 medarbeidarar ikkje kan halde fram i jobben dei har i dag. Fylkeskommunen vil kunne tilby mange av desse arbeid vidare, med andre ledige stillingar og flytting av elevgrupper.

Les mer

Primærsøkjartala vgo. 6. mars

04. mars 2014

Dei første søkjartala til vidaregåande opplæring skuleåret 2014-15 (primærsøkjartala) for Sogn og Fjordane vert offentlege torsdag 6. mars kl. 10.

Les mer

Dale-elevar på utplassering i Skagen og London

25. februar 2014

Fleire av elevane på vg2 industriteknologi og vg2 helsearbeidarfag ved Dale vidaregåande skule førebur seg no på to utplasseringsveker i høvesvis Skagen og London.

Les mer

Inspirasjonsseminar om «Den gode skulen»

18. februar 2014

Sogn og Fjordane ligg år etter år på topp i nasjonale skuleresultat, saman med Oslo og Akershus. På «Kommunebarometer 2013» i Kommunal Rapport ligg ni av dei beste skule-kommunane i landet her i fylket. Kva har vi gjort for å oppnå dette? Og korleis kan vi halde oppe og styrkje dei gode resultata?

Les mer

Oscar-nominerte Iram Haq til Sogndal Filmfestival

12. februar 2014

Sogndal Filmfestival har sikra seg fleire attraktive føredragshaldarar til fagdagen 1. april. Ei av dei er Iram Haq, som i 2013 var nominert som norsk Oscar-kandidat i klassen for beste utanlandske film.

Les mer

Folkehelse, psykisk helse og born og unge på dagsorden

04. februar 2014

Dei årlege Folkehelsedagane vert i år slått saman med Sjumilsstegkonferansen til Fylkesmannen. Vi inviterer til eit samordna løft for folkehelse, psykisk helse og medverknad for born og unge i Loen 11. og 12. mars.

Les mer

Firda vidaregåande skule ønskjer velkomen til Beatles-musikal på Sandane og i Førde

31. januar 2014

Tredjeklassingane ved musikk, dans og drama på Firda vidaregåande skule set 6., 7. og 8. februar opp musikalen ”Across the universe” både på Sandane og i Førde. Musikalen er ei kjærleikshistorie spekka med Beatles-musikk og er inspirert av filmen med same namn.

Les mer

Bli med "Norge rundt" på Open skule på Firda vidaregåande skule 31. januar

30. januar 2014

"Norge rundt" har denne veka vore på besøk på Open skule på Firda vidaregåande skule. Fredag 31. januar kan du sjå resultatet på NRK1.

Les mer

Sogndal Filmfestival vil ha unge filmskaparar med på laget

27. januar 2014

For niande gong arrangerer 3. klasse medium og kommunikasjon på Sogndal vidaregåande skule filmfestival. No oppmodar dei unge filmskaparar i alderen 13 til 25 år om å sende inn filmar til heile ti kategoriar.

Les mer

Spennande og framtidsretta europeisk prosjekt på Stryn vidaregåande skule

24. januar 2014

Før jul var elevar og lærarar frå Stryn vidaregåande skule på konferanse i Bad Schlema i Tyskland. Konferansen var ein av dei planlagde aktivitetane i Comenius-prosjektet til skulen.

Les mer

Om lag 500 lærlingar er inviterte til lærlingsamlingar

17. januar 2014

Fylkeskommunen arrangerer årleg lærlingsamlingar i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. Årets samlingar er 11., 12. og 13. februar. Alle som teikna lærekontrakt i 2013, om lag 500 lærlingar og lærekandidatar, er inviterte til samlingane. Fristen for å melde seg på er 1. februar.

Les mer

Privatisteksamen våren 2014

10. januar 2014

Du kan no melde deg opp til privatisteksamen for vidaregåande opplæring. Fristen for å melde seg opp er 1. februar 2014.

Les mer

Vidaregåande opplæring for vaksne i helsearbeidarfaget og barne- og ungdomsarbeidarfaget

06. januar 2014

Vi startar to vaksenopplæringskurs i Nordfjord i januar/februar. Dette gjeld praksiskandidatkurs i helsearbeidarfaget og barne- og ungdomsarbeidarfaget. Søknadsfristen er 17. januar.

Les mer

Overgangsordningar for utdanningsprogram som vert avslutta ved enkelte skular

20. desember 2013

Fylkestinget gjorde med skulebruksplanen, som vart vedteken våren 2013, ein del endringar i opplæringstilbodet i Sogn og Fjordane. Fylkestinget sa også at fylkeskommunen skal leggje til rette overgangsordningar for dei utdanningsprogramma som ikkje lenger skal vere ved skular der dei har vore fram til no.

Les mer

Fylkeskommunen har søkt om midlar til å vidareføre arbeidet med Ny GIV

20. desember 2013

Ny GIV som nasjonalt prosjekt vert avslutta ved årsskiftet. Fylkeskommunen har søkt Kunnskapsdepartementet om midlar til å vidareføre mykje av arbeidet i prosjektet, og vi ser fram til å vidareutvikle samarbeidet med kommunane, Nav og Fylkesmannen.

Les mer

Sognefjellet og Gaularfjellet er vinterstengde

04. desember 2013

Fv. 55 Sognefjellet og fv. 13 Gaularfjellet er no stengde for vinteren. Vegane opnar att rundt 1. mai 2014.

Les mer

Studietur enda på italiensk tv

02. desember 2013

Kulturarbeidarar i fylkeskommunen og fleire kommunar i fylket var nyleg på studiereise til Venezia for å lære om tilrettelegging og universell utforming av kulturminne. Det enda med oppslag i italienske aviser og til og med eit innslag på tv-kanalen RAI.

Les mer

Sjå heile jubileumsførestillinga

29. november 2013

250-årsjubileet til Sogn og Fjordane vart feira med blant anna ei storslått jubileumsførestilling på Leikanger 19. september. Stikkord var musikk, sirkus og ein gamal amtsmann. Førestillinga vart filma, og du kan sjå filmen her.

Les mer

Søker om landsline i skiskyting ved Stryn vidaregåande skule

27. november 2013

Hovudutval for opplæring vedtok 26. november at Sogn og Fjordane fylkeskommune skal søke om oppretting av landsline for skiskyting ved Stryn vidaregåande skule, frå skuleåret 2015–2016.

Les mer

Til Georgia for å lære vekk karriererettleiing

19. november 2013

Ein delegasjon frå Sogn og Fjordane var nyleg i Georgia for å bidra til at georgisk ungdom med funksjonsnedsetjing skal få same tilgang til fag- og yrkesopplæring som alle andre.

Les mer

86 deltakarar på samling om ungdom og psykisk helse

18. november 2013

Samlinga var på Rica Sunnfjord Hotel i Førde, og arrangørane var svært nøgde med at så mange deltok på samlinga om dette viktige temaet. Samlinga var ei oppfølging av konferansen «Samarbeid for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring» i mai 2012.

Les mer

Elevar presenterte Høyanger for europeisk ungdom

12. november 2013

​Maiken Skår og Markus Thorsnes frå 2STA ved Høyanger vidaregåande skule var i Alzwy i Tyskland frå tysdag til laurdag i veke 43. Der møtte dei elevar frå heile Europa, og tema for samlinga var "Small Towns in Europe: identity, challenges and opportunities".

Les mer

Tverrfaglag temadag for ungdom og foreldre i Førde

23. oktober 2013

Både ungdom og foreldre var inviterte til temadag i Førdehuset 15. oktober. På dagtid var tiandeklassingar og vidaregåandeelevar samla for å få tips til korleis bli verdsmeistar i eige liv. På kvelden var foreldra inviterte «inn i hovudet på ein tenåring».

Les mer

Demenspris til Luster vidaregåande skule

23. oktober 2013

Elevane som går helsefagarbeid ved Luster vidaregåande skule, har fått Nasjonalforeningen for folkehelse Sogn og Fjordane sin demenspris for 2013. Dei får prisen fordi dei gjennom fleire år har samarbeidd med Indre Sogn demensforening om fleire arrangement.

Les mer

Møte i fagopplæringsnemnda 28. oktober

22. oktober 2013

Det er møte i fagopplæringsnemnda 28. oktober. Møtet vert på Solund leilegheitshotell i Solund og startar kl. 14.00. Før det skal fagopplæringsnemnda på omvising hjå fleire verksemder i Solund.

Les mer

Sogn og Fjordane vert internasjonalt referansefylke for pedagogisk bruk av teknologi

21. oktober 2013

Dei vidaregåande skulene i Sogn og Fjordane har vore tidleg ute med å ta i bruk ny teknologi og har nokre av dei mest innovative lærarane i heile landet. No vil Microsoft dele erfaringane frå fylket med resten av verda.

Les mer

Kjempesuksess med aktivitetsdagar på Firda vidaregåande skule

11. oktober 2013

Måndag og tysdag i haustferieveka inviterte elevane i 3. klasse på idrettslinja ved Firda vidaregåande skule barneskuleelevar frå heile Gloppen til aktivitetsdagar i Firdahallen. Det vart ein braksuksess med 100 påmelde born kvar dag.

Les mer

160 000 kroner til studiet Entreprenøriell matematikk

25. september 2013

Sogn regionråd vil ha meir formell kompetanse i entreprenørskap hjå pedagogisk personale. No får dei midlar til å starte opp eit pilotprosjekt saman med Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Les mer

Informasjon til søkjarar til vidaregåande opplæring skuleåret 2014–15

24. september 2013

Fylkestinget vedtok i juni «Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2013–2024». Her kan du lese kva denne får å seie for elevar og søkjarar frå skuleåret 2014–15.

Les mer

Ny GIV: Fagdag om ungdom og psykisk helse

24. september 2013

Vi følgjer opp konferansen «Samarbeid for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring» i mai 2012 og inviterer til fagdag med tema ungdom og psykisk helse. Fagdagen vert på Rica Sunnfjord Hotel i Førde 13. november.

Les mer

Fylkesordføraren gler seg over høgskulestudium i Florø

23. august 2013

Torsdag 22. august vart Florø høgskuleby, då dei 34 studentane i undervassteknologi gjorde sitt inntog i kystbyen. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes deltok på opninga og kalla studiet ein viktig byggestein for å nå dei langsiktige ambisjonane for petroleumsnæring her i fylket.

Les mer

Skulestart med skriving og yrkesretting av fellesfaga på dagsorden

21. august 2013

Lærarane ved Firda vidaregåande skule hadde felles skolering i skriving i alle fag før elevane var på plass. På Øyrane gjekk mykje av planleggingsdagane med til FYR-prosjektet – yrkesretting av fellesfaga i yrkesfaga.

Les mer

Ledige plassar i vidaregåande opplæring

20. august 2013

Vi arbeider no med å gje alle som har rett til vidaregåande opplæring skuleplass frå hausten av. Dersom du ikkje har fått plass enno, er det viktig at du er tilgjengeleg på telefon og ringjer oppatt om du har ubesvarte anrop. Vi oppmodar deg også til å ta kontakt direkte med skulane.

Les mer

Privatisteksamen hausten 2013

20. august 2013

Du kan no melde deg opp til privatisteksamen for vidaregåande opplæring. Fristen for å melde seg opp er 15. september kl. 23.59.

Les mer

Svært god deltaking i lærlingundersøkinga

19. juli 2013

Sogn og Fjordane var det fjerde beste fylket i landet når det gjeld deltaking i den nasjonale lærlingundersøkinga tidlegare i år. 542 andreårslærlingar her i fylket var inviterte til å delta, og 337 svarte. To av dei som deltok fekk kvar sin iPad for innsatsen.

Les mer

Tor-Einar Holvik Skinlo er ny assisterande fylkesdirektør for opplæring

17. juli 2013

​Fylkesrådmannen har tilsett Tor-Einar Holvik Skinlo (30) som ny assisterande fylkesdirektør for opplæring. Skinlo har tidlegare arbeidd som rådgjevar og prosjektleiar for arbeidet med skulebruksplanen i fylkeskommunen.

Les mer

4203 søkjarar får tilbod om plass i vidaregåande opplæring

11. juli 2013

– Det er gledeleg at vi også i år kan tilby majoriteten av dei unge det opplæringstilbodet dei har som førsteprioritet, seier fylkesdirektør Bekka Skaasheim i Sogn og Fjordane fylkeskommune.
 

Les mer

Fargerik førestilling om born sine rettar

19. juni 2013

4.−7. klasse ved Førde barneskule inviterte tysdag til førestillinga Mosaik i Førdehuset. 150 born imponerte med song, dans og musikk og formilda viktige bodskap til publikum.

Les mer

Medieelevar laga HR-hefte til andre skular

14. juni 2013

Dei vidaregåande skulane i fylket har i veke 24 fått tilsendt eit hefte om arbeidsmiljø innan entreprenørskap. Eit HR-hefte som er forfatta, designa og ferdigstilt av elevar ved Mo og Jølster vidaregåande skule, som sjølve jobbar med entreprenørskap.

Les mer

Slik blir tilbodet ved dei vidaregåande skulane i fylket

14. juni 2013

Fylkestinget vedtok 12. juni skulebruksplanen for vidaregåande opplæring. Dei avviklar Luster vidaregåande skule og Mo og Jølster vidaregåande skule, avdeling Jølster. Avdelinga på Mo vert ei avdeling under Øyrane. Her finn du ei oversikt over kva utdanningsprogram dei ulike skulane får frå hausten 2014.

Les mer

Dale vidaregåande skule er godkjend som miljøfyrtårn

13. juni 2013

Dale vidaregåande skule vart i vår godkjend som miljøfyrtårn som den andre vidaregåande skulen i fylket etter Eid. Ei gruppe elevar og tilsette har dette skuleåret arbeidd aktivt for at skulen skulle få godkjenninga, og det har altså ført fram.

Les mer

Skulebruksplanen: Fylkesutvalet har vedteke tilrådinga til fylkestinget

07. juni 2013

Fylkesutvalet vedtok 7. juni tilrådinga til fylkestinget i saka om skulebruksplanen. Fylkestinget gjer endeleg vedtak under tingseta i Førde 11. og 12. juni.

Les mer

Prosjektleiarsamling for Ny GIV i Stockholm

04. juni 2013

Prosjektleiarane i Ny GIV-Oppfølgingsprosjektet deltok på ein studietur til Stockholm 25. og 26. april 2013. Sverige har også retta søkjelyset mot gjennomføringa i vidaregåande opplæring, og prosjektleiarane fekk innsyn i storbyen Stockholm sine utfordringar med stor innflytting.

Les mer

300 000 kroner til gode entreprenørskapsprosjekt

29. mai 2013

Hovudutvalet for plan og næring løyvde 28. mai 300 000 til barnehagar og skular i fylket. Pengane skal gå til gründercampar, hospitering, entreprenørskapsveker og andre kompetansehevingstiltak.

Les mer

Hovudutvalet for opplæring utsette saka om skulebruksplanen

29. mai 2013

Hovudutvalet for opplæring vart i dag samde om ein ny modell for vidaregåande opplæring, og ber om at fylkesadministrasjonen utgreier konsekvensane av denne. Hovudutvalet vil difor kome med tilrådinga si først 7. juni.

Les mer

Over 100 personar deltok på politikardagen om skulebruksplanen

29. mai 2013

Fylkespolitikarane var samla til politikardag på Fylkeshuset 27. mai. Der fekk kommunar, organisasjonar og andre seie meininga si om saka om framtidig organisering av vidaregåande opplæring. Over 100 personar var møtte fram på Fylkeshuset.

Les mer

Vidaregåande opplæring for vaksne – søknadsfrist 1. juni

28. mai 2013

Vi tilbyr vidaregåande opplæring for vaksne i faga norsk, engelsk, matematikk og naturfag skuleåret 2013–2014. Opplæringa er nettbasert med fysiske samlingar på Hafstad vidaregåande skule i Førde.

Les mer

Sjå opptak av alle innlegga på politikardagen om skulebruksplanen

27. mai 2013

Fylkestinget var samla til politikardag på Leikanger måndag 27. mai. Her fekk kommunar og andre leggje fram synet sitt i saka om skulebruksplanen. Opptaket av alle innlegga er no tilgjengeleg her.

Les mer

Fylkesrådmannen tilrår 10 vidaregåande skular i Sogn og Fjordane

16. mai 2013

Fylkesrådmann Tore Eriksen legg i dag fram si faglege tilråding i saka om ny organisering av den vidaregåande opplæringa i Sogn og Fjordane. Han rår fylkespolitikarane til å vedta ein ny skulestruktur med 10 vidaregåande skular i staden for dei 13 vi har i dag.

Les mer

Dokument2013 – filmkonkurranse for ungdom mellom 15 og 19 år

14. mai 2013

Kva er ungdom i Sogn og Fjordane opptekne av i jubileumsåret 2013? Ungdom mellom 15 og 19 år vert no inviterte til å lage ei forteljing frå Sogn og Fjordane på 60 sekund. Konkurransen vert sparka i gang med filmkurs på Firda vidaregåande skule 24. og 25. mai.

Les mer

Politikardag 27. mai – skulebruksplanen

29. april 2013

Heile fylkestinget vert samla til politikardag på Fylkeshuset på ettermiddagen måndag 27. mai. Fylkesordføraren opnar for at kommunar og andre kan møte og leggje fram sitt syn på saka om skulebruksplanen.

Les mer

Stryn samarbeider med København for å utvikle yrkesfaga

22. april 2013

Stryn vidaregåande skule samarbeider med Københavns Tekniske Skole i to prosjekt innan bygg- og anleggsteknikk. Tidlegare i vinter vitja lærar Per Egil Steinsåker stryneelevar som har praksis ved den danske skulen.

Les mer

Vidareutdanning for tilsette i oppfølgingstenesta og fagpersonar med sosialpedagogiske oppgåver i og utanfor skulen

19. april 2013

Studiet «Sosialt oppfølgingsarbeid med ungdom» er no lyst ut for studieåret 2013/2014. Søknadsfristen er 26. april.

Les mer

145 tok imot fag-, sveine- og meisterbrev

18. april 2013

Årets utdeling av fag- sveine- og meisterbrev var på Hotel Alexandra i Loen fredag 12. april. Med følgjepersonar var over 270 personar samla til ein festkveld i Loensalen.

Les mer

Sju premiar til Mo og Jølster vidaregåande skule på fransk filmfestival

18. april 2013

Elevar ved Mo og Jølster vidaregåande skule fekk heile sju prisar under ein nystarta filmfestival med filosofi som tema på skulen Lycée Albert Châtelet i Frankrike. Gjevast av alle var Zarathustra-prisen, som gjekk til den beste filosofifilmen på festivalen.

Les mer

Rundt 50 deltakarar på konferanse om å heve statusen til yrkesfaga

17. april 2013

Fylkeskommunen, LO og NHO sette statusen til lærlingen, fagarbeidaren og yrkesopplæringa på dagsorden i Loen 12. april. Kring 50 personar deltok på konferansen «Vi skal heve statusen for yrkesfaga og fagarbeidaren».

Les mer

Møte i fagopplæringsnemnda 19. april

17. april 2013

Fagopplæringsnemnda skal ha telefonmøte 19. april kl. 14.00. Nemda skal handsame saka om høyringsfråsegn til skulebruksplanen for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2013-2024.

Les mer

P3 Skolesessions til Eid vidaregåande skule

15. april 2013

NRK P3 kom med ei gladmelding til elevane ved Eid vidaregåande skule i dag: Dei har vunne ein heilt spesiell skuledag og får ein eksklusiv konsert med Margaret Berger og LidoLido.

Les mer

Eid vidaregåande skule kan få besøk av LidoLido og Margaret Berger

15. april 2013

Eid er ein av tre skular som er i finalerunden i NRK P3-konkurransen Skolesessions. Dei kjempar no om å få flest stemmer og vinne ein eksklusiv konsert med Margaret Berger og LidoLido.

Les mer

Møte i hovudutvalet for opplæring

15. april 2013

Det vert møte i hovudutvalet for opplæring måndag 15. april.

Les mer

Opning av karrieresenter i Nordfjord

05. april 2013

Måndag 8. april opnar det første karrieresenteret i fylket. Karriere Nordfjord held til ved lokala til NAV på Nordfjordeid, men vil òg etter kvart ha kontordagar i dei andre kommunane.

Les mer

Har du søkt læreplass i bedrift skuleåret 2013-14?

26. mars 2013

For å få den læreplassen du ønskjer, må du sjølv vere aktiv og ta kontakt med bedriftene eller opplæringskontora så snart som mogleg. Du finn namna på bedriftene du må kontakte på www.vigo.no.

Les mer

Utlysing av statleg tilskot til fagskuleutdanning i helse- og sosialfag

26. mars 2013

Tilbydarar av godkjente fagskuletilbod i helse- og sosialfag kan no søkje fylkeskommunen om statstilskot. Søknadsfristen er 1. mai.

Les mer

Prosjekt Malawi UB hadde den beste framtidsideen

22. mars 2013

Ein grunnpakke med informasjon om Sogn og Fjordane for nyetablerte og nyutdanna personar og familiar. Det er ideen som vart kåra til Beste framtidside i samband med opninga av fylkesjubileet 21. mars.

Les mer

Utkast til skulebruksplan – presentasjon

22. mars 2013

Her finn du presentasjonen som fylkesrådmannen heldt på informasjonsmøta om utkast til skulebruksplan. Det har vore fire møte, i Dale, Eid, Førde og Sogndal.

Les mer

Utlysing av midlar til korte kurs i landbruket

21. mars 2013

Sogn og Fjordane fylkeskommune lyser no ut kr. 400.000 til korte kompetansehevande kurs i landbruket i Sogn og Fjordane.

Les mer

Sogndal Filmfestival synte 74 filmar

20. mars 2013

Sogndal Filmfestival ut ni prisar i forskjellige kategoriar til deltakarar frå vestlandsfylka på gallakvelden 18.mars. Daniel Volle frå Sogndal tok tre av prisane.

Les mer

Høyring – Utkast til skulebruksplan

20. mars 2013

Utkastet til skulebruksplan er sendt ut på høyring. Fylkeskommunen ønskjer innspel frå heile fylket i saka som gjeld framtidig organisering av vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. Fristen for å kome med høyringsinnspel er 26. april.

Les mer

Fylkesrådmannen arrangerer informasjonsmøte om skulebruksplanen

20. mars 2013

Det vert fire møte om skulebruksplanen rundt om i fylket no i mars. Fylkesrådmann Tore Eriksen vil der informere om innhaldet i høyringsdokumentet og arbeidet med skulebruksplanen. Det vert også høve til å stille spørsmål til innhaldet i planen.

Les mer

Fylkesordføraren opnar jubileumsåret på ungdomsmessa

18. mars 2013

Sogn og Fjordane fyller i år 250 år som eige fylke. Den offisielle opninga av jubileumsåret vert i Operahuset på Eid torsdag 21. mars – i samband med fylkesmessa for ungdomsbedrifter.

Les mer

Nye tal for gjennomføring i vidaregåande opplæring

18. mars 2013

Dei fleste ungdomane i Sogn og Fjordane fullfører dei to første åra i vidaregåande opplæring. Utfordringa er i overgangen til det tredje året, der mange går ut av opplæringa. Det viser nye tal som regjeringa la fram 15. mars.

Les mer

Rekordmange filmar til Sogndal Filmfestival

14. mars 2013

Sogndal Filmfestival har i år fått inn fleire filmar til kortfilmkonkurransen enn nokon gong. Då juryen denne veka la siste hand på verket, var det kome inn heile 75 filmar. Filmfestivalen vert arrangert i Sogndal Kulturhus 18. og 19. mars.

Les mer

Elevar på film- og moteoppdrag i Uganda

11. mars 2013

Mo og Jølster vidaregåande skule har vore i Uganda i to veker for å besøkje venskapsskulen St. Theresa Girl’s. Der har dei laga film om entreprenørskap og halde motevisning med klede som elevane hadde laga av batikk frå Uganda før avreise.

Les mer

Svar på lærlingundersøkinga – vinn iPad

06. mars 2013

No har alle lærlingane og lærekandidatane i fylket høve til seie meininga si om kva som er viktig for å lære og trivast på arbeidsplassen. Alle som svarer på lærlingundersøkinga er med i trekninga av to iPad-ar.

Les mer

140 færre søkjarar til vidaregåande opplæring enn i fjor

05. mars 2013

5314 har søkt vidaregåande opplæring i skule og bedrift for skuleåret 2013–14. Dette er 140 færre enn i fjor. 4776 har søkt skule, og 538 har søkt opplæring i bedrift. Det viser oversikta over førsteønska til søkjarane.

Les mer

Filmregissør Iram Haq og TV-produsent Stein Magne Os til Sogndal Filmfestival

04. mars 2013

Sogndal Filmfestival kan skilta med to nye spennande namn som foredragshaldarar på fagdagen 19. mars. Med Iram Haq og Stein Magne Os har festivalen to nye gode namn på gjestelista – stikkord er innvandrarkvinner og ekstremsport. Frå tidlegare er det kjent at NRK-journalist Linda Eide skal fortelja om bruk av humor i TV-forteljingar.

Les mer

Fylkesutvalet sender utkastet til skulebruksplan på høyring

27. februar 2013

Fylkesutvalet har i dag vedteke å sende dei åtte alternative modellane for organisering av vidaregåande opplæring ut på høyring. Utvalet vil sikre at alle som ønskjer får kome med innspel til skulebruksplanen.

Les mer

Modellane for framtidig organisering av vidaregåande opplæring er konsekvensutgreidde

27. februar 2013

Fylkesrådmann Tore Eriksen har på oppdrag frå planutvalet greidd ut konsekvensane av åtte alternative modellar for ny skulebruksplan. Fylkesutvalet handsamar saka 27. februar.

Les mer

Hairspray er årets skulemusikal på Eid vidaregåande skule

25. februar 2013

Fredag 1. mars går sceneteppet opp for den første av tre førestillingar i operaen på Nordfjordeid. Dette er den mest krevjande produksjonen Eid vidaregåande skule har sett opp så langt.

Les mer

Fylkeskommunen skal konsekvensutgreie fire modellar for vidaregåande opplæring

18. februar 2013

Planutvalet i fylkeskommunen bestemde 7. november at alle Norconsult-modellane for framtidig organisering av vidaregåande opplæring skal utgreiast. Utvalet vil ha konsekvensane av modell 0, 1, 2 og 3 på bordet.

Les mer

Ungdomsbedrift ved Mo og Jølster vidaregåande samarbeider med Uganda

18. februar 2013

Åtte elevar frå avdeling Jølster skal reise og møte unge entreprenørar på vennskapsskulen St. Theresa girls secondary school i Masindi provinsen i Uganda. Med i bagasjen har dei ein batikk-kollisjon som skulen i Uganda kan overta og starte å produsere i eigne ungdomsbedrifter.

Les mer

«God – betre – best!» – mål og strategiar for vidaregåande opplæring

15. februar 2013

Fylkestinget har vedteke mål- og strategidokumentet «God – betre – best!». Dokumentet gjeld for perioden 2012–2015 og skal gje retning for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane.

Les mer

Fylkesutvalet vedtok planprogram for skulebruksplanen

15. februar 2013

Sogn og Fjordane fylkeskommune skal lage ein skulebruksplan. Fylkesutvalet vedtok 25. april planprogrammet som viser korleis dette arbeidet skal gå føre seg framover.

Les mer

Norconsult AS skal føreslå modellar for framtidig skulestruktur

15. februar 2013

Konsulentselskapet skal hjelpe fylkeskommunen med korleis skulestrukturen for vidaregåande opplæring skal sjå ut i framtida. Politikarane skal måndag 27. august gje Norconsult nærare rammer og føringar for korleis dei skal løyse oppdraget.

Les mer

Prognosar for elevtal og utfordringar for fylkeskommunen

15. februar 2013

Nye tal viser at elevtalet i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane blir redusert med 200–300 i åra 2012–16. Nedgangen er mindre enn venta i 2010. Likevel vil fylkeskommunen stå framfor større økonomiske utfordringar enn det som vart lagt til grunn i 2010. Dette skal planutvalet handsame 27. juni.

Les mer

Presenterte tre modellar for framtidig organisering av vidaregåande opplæring

15. februar 2013

Konsulentselskapet Norconsult har presentert tre alternative modellar til korleis vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane kan organiserast i framtida. Planutvalet bestemmer kva modellar som skal konsekvensutgreiast 7. november.

Les mer

Skulebruksplanen – vedtak 28. november 2012

15. februar 2013

Planutvalet har i dag handsama arbeidsdokument 6 i arbeidet med skulebruksplanen. Utvalet gjorde eit vedtak som presiserer vedtaket frå arbeidsdokument 5.

Les mer

Status for arbeidet med skulebruksplanen

15. februar 2013

Modellane for framtidig organisering av vidaregåande opplæring og moglege konsekvensar av desse skal – etter gjeldande framdriftsplan – ut på brei høyring i mars og april. Fylkesrådmann Tore Eriksen vil i høyringsfasen leggje stor vekt på å informere og hjelpe høyringsinstansane best mogleg.

Les mer

Linda Eide til Sogndal Filmfestival

14. februar 2013

Den populære TV-serien ”Norsk Attraksjon” vert tema når programleiar Linda Eide kjem til Sogndal Filmfestival i mars. Det er tredjeklasse media og kommunikasjon ved Sogndal vidaregåande skule som inviterer.

Les mer

Få med deg Mowgli-musikal på Firda vidaregåande skule

13. februar 2013

Elevane frå tredjeklasse på musikk-, dans- og dramalina ved Firda vidaregåande skule set opp musikalen «Mowgli – frå Jungelboka» torsdag 14. og fredag 15. februar. Dei lovar ei framsyning full av spenning, humor, musikk, song og dans.

Les mer

Mo og Jølster vidaregåande skule nominert til Ildsjelprisen 2013

08. februar 2013

Skulen er ein av tre nominerte, og det er Vassenden-avdelinga sitt arbeid med formgjevingsfag som har utmerka seg. Prisen vert delt ut på konferansen Formgivingsfag 2013 den 11.–12. februar i Oslo.

Les mer

Lanserte bok med omslag frå Luster vidaregåande skule

04. februar 2013

Boka "Sosial kommunikasjon" av Cecilie Staude og Svein Tore Marthinsen er nyleg lansert. Omslag et er laga av Anja Kandal, som er frå Sandane og er elev ved Luster vidaregåande skule. Ho deltok på boklanseringa saman med medelev Emilie og lærar Astri.

Les mer

Elev ved Luster vidaregåande skule har laga omslag for ny fagbok

02. januar 2013

Skulen oppdaga konkurransen til Kommuneforlaget på Twitter. Dei gjorde konkurransen om til ei skuleoppgåve og sende inn sju bidrag. No er illustrasjonen til Anja Kandal plukka ut til å verte bokomslag for ei ny fagbok om sosiale medium.

Les mer

Færre plassar på påbygging frå hausten 2015

02. januar 2013

Det vert færre plassar på påbygging til generell studiekompetanse frå hausten 2015. Dette er viktig å merkje seg for dei som startar vidaregåande opplæring hausten 2013.

Les mer

100-årsfest på Stryn vidaregåande skule

07. desember 2012

Fredag 30. november markerte ein stemningsfull og festpynta Stryn vidaregåande skule 100 år med vidaregåande opplæring i kommunen. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes deltok på markeringa saman med ei rekkje andre gjester.

Les mer

Ny GIV gir meir motivasjon og auka læring

06. desember 2012

Ei førebels evaluering av Ny GIV-prosjektet viser at intensivopplæringa i 10. klasse har vore ein suksess. Elevane fortel at dei vert meir motiverte og lærer meir. Alle kommunane i Sogn og Fjordane er no inne i prosjektet og vil frå nyttår tilby slik intensivopplæring.

Les mer

Elevar i Luster og Zambia samarbeider om vatn

30. november 2012

Fem elevar og to lærarar ved Luster vidaregåande skule er denne veka på besøk hjå venskapsskulen David Livingstone High School i Zambia. Dette er ein del av prosjektet Venskap i vatn, som dei to skulane samarbeider om.

Les mer

Betre læring med rett ernæring

22. november 2012

Eid vidaregåande skule set no søkjelyset på kosthaldet til elevane gjennom eit pilotprosjekt om ernæring. Prosjektet skal skape gode matvanar, og auke kunnskapen om korleis ernæring påverkar prestasjonane til elvane.

Les mer

Med danning på timeplanen

20. november 2012

Elevar, lærarar, skuleleiarar, politikarar og representantar frå arbeids- og næringsliv er samla på Firda vidaregåande skule 20. og 21. november. Danningskonferansen er den første i sitt slag i Sogn og Fjordane.

Les mer

Medieelevar er inviterte på julekonsert på Slottet

15. november 2012

Begge andreklassane på medium og kommunikasjon ved Sogndal vidaregåande skule er inviterte på julekonsert på Slottet 19. desember. Dette er eit resultat av samarbeidet skulen hadde med Slottet under Global Dignity Day 20. september.

Les mer

Sogndal vidaregåande skule bidreg til nyskaping på høgskulen

09. november 2012

Medielina ved Sogndal vidaregåande skule starta måndag 5. november delkurs i sportsjournalistikk ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Det er berre Idrettshøgskulen som har tilsvarande praktisk kurs inn i idrettsutdanninga.

Les mer

Fylkesrådmannen tilrår 43 millionar ekstra til Flora vidaregåande skule

30. oktober 2012

Rehabilitering av blokk 1 og 2 ved Flora vidaregåande skule vert vesentleg dyrare enn tidlegare budsjettert. Fylkesrådmannen ønskjer difor å auke den samla investeringsramma frå 36 til 79 millionar kroner.

Les mer

Krim med tidlegare elev – forfattarbesøk på Sogndal vidaregåande skule

25. oktober 2012

Forfattar Rune Timberlid avslørte at han skriv på ei ny krimbok med handling frå Sogndal og Luster då han vitja Sogndal vidaregåande skule. Vel 100 elevar fekk møte forfattaren, som tidlegare har vore elev ved skulen.

Les mer

Opplæringstilbodet 2013-2014

22. oktober 2012

Sak om opplæringstilbodet 2013-2014 skal handsamast i hovudutvalet for opplæring den 31.10.12.

Les mer

43 millionar kroner ekstra til rehabilitering av Flora vidaregåande skule

16. oktober 2012

Fylkestinget har vedteke å auke budsjettet for rehabilitering av Flora vidaregåande skule frå 36 til 79 millionar kroner. Dette tredje og siste byggetrinnet gjeld rehabilitering av blokk 1 og 2 ved skulen.

Les mer

Sogndal vidaregåande skule med vellukka FN-rollespel

05. oktober 2012

50 elevar ved studiespesialiserande på Sogndal vidaregåande skule gjennomførde tysdag 2. oktober eit rollespel om tryggingsrådet til FN. Det heile gjekk føre seg i kommunehuset i Sogndal, og hovudtema var atomvåpen og Iran.

Les mer

Operaelevane på Eid

05. oktober 2012

Elevar ved Eid vidaregåande skule har sidan skulestart vore i sving med å førebu operaoppsetjinga av «Madama Butterfly». Tilskodarane i Opera Nordfjord kan no gle seg over kulissar, rekvisittar og ei teknisk nyvinning i lysdesign – alt laga av elevar og resten av dugnadsgjengen.

Les mer

Halvparten av elevane ved Luster vidaregåande skule driv ungdomsbedrift

04. oktober 2012

Luster vidaregåande skule slår alle rekordane sine når det gjeld tal på ungdomsbedrifter dette skuleåret. I år er det berre ei klasse utanom påbygging studiespesialisering som ikkje skal ha ungdomsbedrift.

Les mer

Suksess for keltisk skulekonsert produsert i Sogn og Fjordane

28. september 2012

Rikskonsertane sitt programråd har no tilrådd å bruke skulekonsertprogrammet "Rachel Hair Trio" vidare innan skulekonsertordninga. Skulekonserten vart produsert av fylkesprodusent i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Øyvind Lyslo, i 2011.

Les mer

Firda vidaregåande skule markerte den europeiske språkdagen

28. september 2012

Språk er noko som er kome for å bli. Firda vidaregåande skule markerte den europeiske språkdagen tysdag denne veka med brask og bram. Kantina i Trivselshagen var i midttimen fylt av elevar som fekk høyre song, musikk og sjå levande bilete på engelsk, norsk, fransk, spansk, tysk, italiensk, og finsk.

Les mer

Elevverksemder i sving på IT-forumkonferansen

28. september 2012

Tre elevverksemder ved medielinja til Sogndal vidaregåande skule kringkasta den to dagar lange IT-forumkonferansen 26. og 27. september. Dei har fått gode tilbakemeldingar frå sjåarar, og store deler av konferansen er no tilgjengeleg i opptak.

Les mer

Kulturkortmidlar til Sogndal filmfestival

26. september 2012

Hovudutval for kultur har løyvd 16 000 kr til Sogndal filmfestival av midlane til kulturkort for ungdom. Det er sett av 1 mill kr til kulturkort for ungdom i 2012. Ordninga med kulturkort er ei prøveordning som skal evaluerast etter 3 år.

Les mer

Marco Elsafadi snakka for ungdomar og foreldre i Førde

24. september 2012

Over 1000 elevar frå vidaregåande og ungdomsskule vart utfordra frå scena av Marco Elsafadi under temadagen om ungdom i Førdehuset 18. september. Han oppmoda dei til å vere bevisste på å byggje opp både seg sjølv og andre – i staden for å bryte ned.

Les mer

Presenterte og sparka i gang «Det komplette nettbrettet»

12. september 2012

Representantar frå Microsoft, Samsung og fleire store forlag tok i dag turen til Dale vidaregåande skule. Der møtte dei 52 elevar og andre samarbeidspartar for å sparke i gang det nasjonale pilotprosjektet «Det komplette nettbrettet».

Les mer

Impulskonferansen 2012 – bruk av IKT i skulen

24. august 2012

Impulskonferansen skal leggje til rette for kompetanseutvikling for lærarar og leiarar i den vidaregåande skulen gjennom at dei får impulsar frå kvarandre. Konferansen vert på Rica Parken Hotell i Ålesund 25. og 26. oktober.

Les mer

Fyrte i gang skuleåret med FYR-prosjektet

16. august 2012

Fellesfag, yrkesretting og relevans (FYR) var tema då lærarane ved Øyrane vidaregåande skule tok fatt på det nye skuleåret. Dei brukte planleggingsdagen til å diskutere korleis dei kan gjere fellesfaga norsk, engelsk og matte i yrkesfaglege utdanningsprogram meir relevante mot arbeidslivet.

Les mer

Vidaregåande opplæring for vaksne – ledige plassar skuleåret 2012/2013

08. august 2012

Sogn og Fjordane fylkeskommune har ledige plassar i vidaregåande opplæring for vaksne. Dette gjeld fag til generell studiekompetanse og fellesfag i yrkesfaglege utdanningsprogram. Søknadsfrist snarast.

Les mer

Til København for å lære om gjennomføring i vidaregåande opplæring

08. august 2012

Alle prosjektleiar i det nasjonale Ny GIV-oppfølgingsprosjektet var i mai i København for å få innsyn i det danske systemet for å få fleire gjennom vidaregåande opplæring. Der besøkte dei blant anna ein såkalla «verkstedskole» og fekk omvising på København Tekniske Skole.

Les mer

102 fleire får inntak til vidaregåande opplæring ved 2. gongs inntak

03. august 2012

Ved 2. gongs inntak 3. august får 102 fleire søkjarar melding om inntak til vidaregåande opplæring i skule i skuleåret 2012-2013.

Les mer

Framleis mange ungdommar som står utan læreplass

13. juli 2012

Dei fleste opplæringskontora er i år tidlegare ute med formidlinga av søkarar til læreplass enn tidlegare år. Dei jobbar godt med formidlinga og svært mange har fått tilbod om læreplass.

Les mer

Skuleåret 2012-2013

12. juli 2012

4740 søkjarar til vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane får i dag melding om resultatet av første inntaksrunde.

Les mer

To sommarveker fylte med matematikk

05. juli 2012

Dagar med intensiv matteundervisning og kveldar med lekser, pugging og sosiale aktivitetar. Det er kvardagen for ungdomane som er samla til sommarskule på Mo og Jølster vidaregåande skule. Dei jobbar mot eit konkret mål – eksamen fredag 6. juli.

Les mer

Kronprins Haakon kjem til Sogndal vidaregåande skule 20. september

28. juni 2012

Torsdag 20. september kjem H.K.H. Kronprins Haakon til Sogndal vidaregåande skule for å gjennomføre ein "Dignity Day". Kronprinsen vil blant anna samtale med elevane om verdigheit. Rektor Marta Sofie Vange gler seg.

Les mer

Hundreårsfeiring ved Stryn vidaregåande skule

19. juni 2012

Det er i år 100 år sidan Amtstinget for Nordre Bergenhus amt skipa husmorskule i Stryn. Husmorskulen vart seinare til Stryn vidaregåande skule, som på 100-årsdagen for vedtaket inviterte til jubileumsfest.

Les mer

700 000 kroner til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket

15. juni 2012

Fylkeskommunen lyser no ut 700 000 kroner til prosjektretta tiltak innan rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket. Midlane skal gå til langsiktige målretta tiltak, gjerne satsingar over fleire år. Fristen for å søkje om midlar er 15. september.

Les mer

100 år med vidaregåande opplæring i Stryn

04. juni 2012

Det er i år 100 år sidan Amtstinget for Nordre Bergenhus amt (Sogn og Fjordane fylke) skipa husmorskule i Stryn. Sidan den gong har det vore drive vidaregåande opplæring i kommunen. 13. juni markerer Stryn vidaregåande skule jubileet.

Les mer

Malawi-prosjektet ved Flora vidaregåande skule fekk kulturpris

31. mai 2012

På sjølvaste 17. mai vart Flora kommune sin tverrfaglege kulturpris delt ut til Malawi-prosjektet ved Flora vidaregåande. Elevar og styremedlemar i ungdomsbedrifta Prosjekt Malawi UB tok imot prisen saman med mentor for prosjektet Øystein Garfors.

Les mer

Oppmodar kommunane om systematisk innsats for å få ungdom i sommarjobb

31. mai 2012

Sogn og Fjordane har fått 400 000 kroner til å skaffe sommarjobbar til elevar i Ny GIV-prosjektet. No oppmodar fylkesordførar Åshild Kjelsnes kommunane om å få på plass eit godt system for å få ungdomane til å prøve arbeidslivet.

Les mer

Stryn vidaregåande skule viste fram tradisjonelle byggemåtar i Nordfjord

10. mai 2012

Stryn vidaregåande skule koordinerer det europeiske partnarskapsprosjektet «Building Europe together». I april var dei danske, polske og norske partnarane samla til konferanse i Nordfjord. Før påske var elevar og lærlingar på plass i København for å lære murarfaget.

Les mer

Ny GIV-konferanse samla nær 100 deltakarar

10. mai 2012

Korleis samarbeide for å finne løysingar som gjer at fleire gjennomfører vidaregåande opplæring var temaet for konferansen i Loen 2. og 3. mai. Representantar frå NAV, vidaregåande opplæring, kommunar, helsestasjonar og opplæringskontora til bedriftene deltok.

Les mer

Nasjonalt pilotprosjekt ved Dale og Hafstad vidaregåande skular

09. mai 2012

Dale vidaregåande skule og Hafstad vidaregåande skule set i gang eit nasjonalt pilotprosjekt for å nytte ny teknologi i undervisninga. To skuleklassar får komande skuleår prøve ut komplette læringsbrett.

Les mer

Fysisk aktivitet og kroppsøving i skulen – gunstig for prestasjon og trivsel

09. mai 2012

Konferansen vert arrangert av Sogn og Fjordane fylkeskommune, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Les mer

Tredjeplass til Trimigrering UB under NM for ungdomsbedrifter

07. mai 2012

Trimigrering UB sikra seg tredjeplassen i klassen «Beste sosiale entreprenør» under NM for ungdomsbedrifter på Lillestrøm 3. og 4. mai. Bedrifta driv eit treningstilbod for innvandrarar i Flora kommune.

Les mer

Learning, evaluation and teaching practice ved Flekke United (UWC) og Dale vidaregåande skule

02. mai 2012

Lærarane ved Flekke United and Dale vidaregåande skule hadde tysdag 24. april eit fagleg-pedagogisk fellesseminar. Her tok dei føre seg læring, vurdering og undervisningspraksis.

Les mer

Vidaregåande opplæring for vaksne

24. april 2012

Skuleåret 2012-2013 tilbyr vi opplæring i fag til generell studiekompetanse og fellesfag i yrkesfaglege utdanningsprogram for vaksne. Søknadsfrist for skuleåret 2012-2013 er 15. mai.

Les mer

Niandeklassingar får prøve seg i den mekaniske verkstaden på Øyrane vidaregåande skule

24. april 2012

Elleve ungdomskuleelevane ved Halbrend skule har arbeidslivsfag på Øyrane denne våren. Dei får prøve seg på programområdet teknikk og industriell produksjon (TIP). Dette praktiske faget kan dei velje i staden for fordjuping i språk, og det er eit viktig tiltak innan karriererettleiing.

Les mer

Skuleforsking skal finne forklaringar på kvifor vi har gode skuleresultat i Sogn og Fjordane

19. april 2012

Høgskulen i Sogn og Fjordane har fått midlar frå Forskingsrådet til eit omfattande forskingsprosjekt. Ei brei gruppe forskarar skal undersøkje kvifor elevane i fylket får resultat i landstoppen år etter år.

Les mer

Ungdomsskuleelevar får ta fag på Eid vidaregåande skule

19. april 2012

Elevar på Eid ungdomsskule får tilbod om å ta fag ved den vidaregåande skulen i kommunen. Dette vert gjort for å gje fagleg sterke elevane utfordringar dei har krav og rett på. Dei kan ta både fellesfag som matematikk og norsk og programfag ved dei ulike linene ved skulen.

Les mer

Tre ungdomsbedrifter frå fylket til NM

18. april 2012

Tre ungdomsbedrifter skal representere Sogn og Fjordane på NM for ungdomsbedrifter 3. og 4. mai. Desse er Puella Magasin UB frå Luster vidaregåande skule, Trimigrering UB frå Flora vidaregåande skule og Mico Media UB frå Mo og Jølster vidaregåande skule.

Les mer

Elevar frå Stryn og Øyrane hadde praksis i Spania

16. april 2012

Fire elevar frå kvar av dei to vidaregåande skulane var før påske på eit tre veker langt utdanningsopphald i Murcia i Spania. Der hadde dei praksis på ulike hotell og restaurantar og fekk eit godt innblikk den spanske kulturen generelt – og matkulturen spesielt.

Les mer

44 år og 30 dagar ved Flora vidaregåande skule

30. mars 2012

I dag – 30. mars – har førstekonsulent Kårfinn Stigen sin siste arbeidsdag ved Flora vidaregåande skule. Han har vore tilsett ved skulen sidan Flora Gymnas vart oppretta i 1968. Han vart tilsett i mars dette året og var sentral i planlegginga av skulestarten i august.

Les mer

140 tok imot fag-, sveine- og meisterbrev

29. mars 2012

Årets utdeling av fag- sveine- og meisterbrev vart avvikla på Hotel Alexandra i Loen fredag 23. mars. Med følgjepersonar var over 250 personar samla til ein festkveld i Loensalen.

Les mer

Hovudutvalet har justert opplæringstilbodet for skuleåret 2012-2013

28. mars 2012

Hovudutvalet for opplæring justerte opplæringstilbodet for komande skuleår i møtet 28. mars. Dei bestemde blant anna at Stryn vidaregåande skule får ei ekstra gruppe med vidaregåande trinn 1 (vg1) studiespesialiserande.

Les mer

Tilskot til kurs innan tradisjonelt landbruk og bygdenæringar

26. mars 2012

Kurstilbydarar kan no søkje Sogn og Fjordane fylkeskommune om tilskot til kompetansehevande kurs innan tradisjonelt landbruk og bygdenæringar. Søknadsfrist er 20. april.

Les mer

572 fag-, sveine- og meisterbrev skal delast ut

20. mars 2012

Fredag 23. mars er det utdeling av fag-, sveine- og meisterbrev på Hotel Alexandra i Loen. 572 fagarbeidarar er inviterte, og til saman representerer dei 78 fag. Dette vert ein festkveld for både kandidatar og gjester.

Les mer

Feelgood i fjellheimen på Sogndal Filmfestival

20. mars 2012

Fagdagen på Sogndal Filmfestival 20. mars har fleire godbitar blant føredragshaldarane. Blant andre Arve Uglum frå NRK Sogn og Fjordane gjestar festivalen med eit føredrag om doku-dramaserien «Fjellfolk».

Les mer

Brødrepar dominerte på Sogndal Filmfestival

20. mars 2012

Ole Martin Volle frå Sogndal vann to prisar på gallakvelden til Sogndal filmfestival 19. mars. Han stakk av med både prisen for beste dokumentar og heidersprisen til Sparebank Vest for beste film i alle klassar. Broren Daniel Volle sikra seg også ein av dei åtte prisane som vart delte ut.

Les mer

Ny rektor ved Firda vidaregåande skule

19. mars 2012

Hallgeir Hansen er tilsett som rektor ved Firda vidaregåande skule på Sandane. Han tek til i stillinga 1. august 2012.

Les mer

Har laga ungdomsmagasin om entreprenørskap til fylkesmessa

14. mars 2012

Medieelevane ved Mo og Jølster vidaregåande skule har laga magasinet InSpire i samband med fylkesmessa for ungdomsbedrifter i Førde 15. mars. Magasinet er tilgjengeleg både elektronisk og på papir.

Les mer

Heile skulen samarbeider om oppsetjing av Les Miserables

12. mars 2012

Eid vidaregåande skule er i rute med årets skulemusikal Les Miserables. Elevar frå ulike programområde og trinn står på scena og har andre viktige oppgåver i produksjonen. Fredag 16. mars går sceneteppet opp for den første av tre førestillingar.

Les mer

Rekordpåmelding til Sogndal Filmfestival

12. mars 2012

Heile 70 filmar er påmelde til Sogndal filmfestival i år. Festivalen går av stabelen 19.–20. mars i Sogndal kulturhus. Dette er ny rekord for kortfilmfestivalane i Sogn og Fjordane. Det er 25 filmar meir enn Sogndal Filmfestival hadde i fjor, som var førre bestenotering.

Les mer

Musikalsk komedie på Sandane

09. mars 2012

Laurdag 10. mars og søndag 11. mars, begge dagar kl. 18.00, viser Musikk, dans og dramaelevar ved Firda vidaregåande skule musikalen Lysistrata i kultursalen i Trivselshagen på Sandane.

Les mer

181 fleire søkjarar til vidaregåande opplæring i år enn i fjor

05. mars 2012

5454 har søkt vidaregåande opplæring i skule og bedrift for skuleåret 2012/13. Dette er 181 fleire enn i fjor. 4899 har søkt skule, og 555 har søkt opplæring i bedrift. Det viser ei oversikt over førsteønska til søkjarane.

Les mer

Firda vidaregåande skule arrangerer teaterdusj

02. mars 2012

Teaterdusj er ein lokal versjon av dei meir kjende bokbada. Måndag 12. mars kjem blant andre Helge Jordal til Sandane for å delta på arrangementet i Trivselshagen. Tema er teateret si rolle i samfunnet i dag, og kva rolle vi ønskjer teateret skal ha i framtida.

Les mer

Russefeiring og rolla til skulane

28. februar 2012

Utdanningsdirektoratet har sendt ut eit brev om russefeiringa og rolla skulane har i denne. Direktoratet strekar under ansvaret fylkeskommunen, skulane og elevane har i den tida russefeiringa går føre seg.

Les mer

Vidaregåande opplæring for vaksne

27. februar 2012

Alle vaksne over 25 år som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har ved søknad rett til gratis opplæring spesielt tilpassa vaksne. Vaksne har òg rett til å få vurdert realkompetansen sin. Vaksne utan rett kan også få opplæring, så langt det er plass på eit kurs eller i eit fag.

Les mer

Minimesse om bygg- og anleggsteknikk på Sogndal vidaregåande skule

22. februar 2012

Seks store produsentar kjem til Sogndal for å delta på messa 29. februar. Det vert eit tverrfagleg opplegg for elevar og lærarar på dagtid. Når elevane har gått heim, kjem handverkarar og bygningsverksemder til skulen for å oppdatere seg.

Les mer

Sogndal vidaregåande skule har 29 elevar i Vik fengsel

20. februar 2012

Tre av lærarane ved Sogndal vidaregåande skule har arbeidsdagen sin i fengselet i Vik. Der fungerer dei i tillegg til lærarar som rådgjevarar, miljøarbeidarar, føresette og kameratar for elevane sine. I vinter har rektor Marta Sofie Vange 29 elevar blant dei innsette.

Les mer

St. Valentinsdagsfest i Måløy

17. februar 2012

Torsdag 16. februar arrangerte 1. klasse på helse og sosialfag ved Måløy videregående skule St. Valentinsdagsfest for brukarane av heimetenesta i Vågsøy, Selje og Eid.

Les mer

Sogndal Filmfestival blir med bak kulissane på storfilmen Kon-Tiki

16. februar 2012

Sogndal Filmfestival får 20. mars storfint besøk av Aage Aaberge – produsenten av filmen Kon-Tiki om Thor Heyerdahl. Dette er tidenes dyraste norske spelefilm med eit budsjett på 93 millionar kroner. Filmfestivalen vert arrangert av tredje klasse media og kommunikasjon ved Sogndal vidaregåande skule.

Les mer

Fylkesmeisterskap i handball for vidaregåande skuler

13. februar 2012

Måndag 13. februar vert Chess cup. Cupen er eit fylkesmeisterskap i handball for vidaregåande skular, og han er eit samarbeid mellom Firda vidaregåande skule og Norges Håndballforbund-region Vest. Sju gutelag og ni jentelag deltek i turneringa.

Les mer

Eit juletog fylt med elevar og musikk i Florø kyrkje

09. februar 2012

Musikkelevane ved Flora vidaregåande skule song jula inn i Florø kyrkje på luciadagen 13. desember. Dei tok publikum med på ei togreise gjennom tid, land og stilartar.

Les mer

Designelevar deltek i konkurransen "Tre i samferdsle"

07. februar 2012

Trespilar er i vinden ved Eid vidaregåande skule. Elevane på både design og handverk og interiør og utstillingsdesign deltek for tida i ein konkurranse med tema "Tre i samferdsle". Dei har latt seg inspirere av blant anna stormen Dagmar.

Les mer

Offentleg søkjarliste for stillinga som rektor ved Firda vidaregaånde skule

07. februar 2012

Tretten personar har søkt på stillinga som rektor ved Firda vidaregåande skule, av desse er det ti menn og tre kvinner.

Les mer

Restaurant- og matfagelevane fekk prøve ut konditor- og bakarfaget

02. februar 2012

Øyrane vidaregåande skule har hatt konditor- og bakedag saman med Naustdal dampbakeri. Førsteårselevane på restaurant- og matfaglina fekk brynt seg på marsipan, sjokolade og gjærdeigar.

Les mer

Sogndalselevar sender fylkesfinalen i MGP-lokal på nett-tv

01. februar 2012

Åtte elevar ved Sogndal vidaregåande skule har fått det spennande oppdraget med å sende fylkesfinalen i MGP-lokal for NRK Sogn og Fjordane. Det lokale talentshowet går av stabelen i Florø fredag 3. februar – dagen før sjølve delfinalen.

Les mer

Elevane i Sogn og Fjordane ligg over nasjonal målsetjing

30. januar 2012

Det er ei nasjonal målsetjing at talet på elevar som går vidare frå første (Vg1) til andre (Vg2) trinn i vidaregåande opplæring skal auke med to prosent kvart år. I Sogn og Fjordane gjekk tre prosent fleire elevar vidare til Vg2 i 2011 enn i 2010.

Les mer

Askil Holm held konsert for lærlingane

27. januar 2012

Alle lærlingar i fylket er i månadsskiftet inviterte til samlingar i Sogn, Nordfjord og Sunnfjord. I regi av Den kulturelle skulesekken (DKS) vil dei også få ein konsert med rockemusikaren Askil Holm.

Les mer

Toppidrettselev Johannes Thingnes Bø fekk Karolineprisen 2012

25. januar 2012

Johannes Thingnes Bø er elev ved Stryn vidaregåande skule og fekk prisen for å vere det største skiskyttartalentet i landet. Karolineprisen vert delt ut til vidaregåandeelevar som kombinerer gode skuleresultat med topprestasjonar innan idrett, kunst og kultur.

Les mer

Stillinga som rektor ved Firda vidaregåande skule er no lyst ut

18. januar 2012

Rektor skal skape eit godt og inkluderande arbeids- og læringsmiljø for elevar og tilsette, bygd på tillit og respekt for kvarandre. Rektor skal arbeide for å nå fylkeskommunen sine målsetjingar i vedtekne mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane.

Les mer

Ungt Entreprenørskap får 2,7 mill. kr til arbeid med nyskaping og etablering i skulen

10. januar 2012

Fylkeskommunen nær doblar løyvinga til Ungt Entreprenørskap, og gjev 900 000 kr i året fram til 2014. Avtalen skal støtte opp om det viktige arbeidet med entreprenørskap i grunnskule, vidaregåande skule og høgskule.

Les mer

Elevar held liv i gamle julemattradisjonar i førjulstida

16. desember 2011

Elevane på restaurant- og matfaglina ved Øyrane vidaregåande skule har arbeidd med tradisjonsmat fram mot julehøgtida. Dei starta med partering av lam og gris tidlegare i haust og avslutta med servering av pinnekjøt, ribbe, dampepølse, medisterkake, sylteflesk og mykje meir.

Les mer

Sogndal filmfestival ønskjer kortfilmen din

15. desember 2011

Med slagordet «Det beste av kortfilm i Sogn og Fjordane» er det snart klart for den sjuande filmfestivalen i Sogndal. Arrangørane oppmodar no ungdom til og med 25 år til å sende inn filmar.

Les mer

Siri fekk Eva på nett

29. november 2011

Siri Hatlevoll frå Solvorn var ein av medieelevane ved Sogndal vidaregåande skule som laurdag fekk Luttprisen til Eva Weel Skram direkte på nett-tv. Julelutt i Førde var den femte store streaming-jobben for medieelevane denne hausten, og snart står budsjettmøtet i fylkestinget for tur.

Les mer

Nytt Furore

25. november 2011

Mange unge trur framleis at Sogn og Fjordane er plassen for bønder og fiskarar. Haldningsskapande arbeid er i gang for å endre denne oppfatninga

Les mer

Kompetansesamling for Ny GIV-oppføringsprosjektet 2. og 3. november

23. november 2011

Ni koordinatorar i oppfølgingstenesta (OT) og fire tilsette ved Nav-kontora i fylket deltok 2. og 3. november på ei kompetansesamling som er utvikla i samarbeid med Ny GIV-oppfølgingsprosjektet.

Les mer

Storslått filmfestival på Firda vidaregåande skule

23. november 2011

Qfilm-festivalen gjekk av stabelen på Sandane 13.–18. november, og både Qpris-utdelinga og festivalveka var ein stor suksess. Publikumsrekord med over tusen besøkande og ei elegant gjennomføring av festivalen gjorde dette til den beste festivalen som har vore hittil.

Les mer

100 000 kroner til å utvikle mediesamarbeidet på Fosshaugane Campus

16. november 2011

Sogndal vidaregåande skule har fått 100 000 kroner i regionale utviklingsmidlar til vidareutvikling av prosjektet Campus Media. Medielina ved skulen er involvert i ei rekkje spennande prosjekt innan dans, fjellsport og web-tv.

Les mer

Fylkeskommunane kan få europeisk pris for gratis skulebøker

16. november 2011

Ein delegasjon frå fleire fylkeskommunar (Hordaland, Vest-Agder og Nord-Trøndelag) er i Maastricht for å delta på utdelinga av European Public Sector Award 2011 (EPSA). Noreg er nominert på grunn av satsinga Nasjonal Digital Læringsarena (NDLA).

Les mer

Årdal vgs. inviterer til yrkes- og utdanningsmessa 2011

11. november 2011

Onsdag 23. november frå kl. 11.00 til 18.00 blir det yrkes- og utdanningmesse ved Årdal vidaregåande skule. Omtrent 300 elevar frå 8. og 9. klasse frå grunnskulane i regionen kjem. Foreldre er inviterte til eige informasjonsmøte denne dagen.

Les mer

Rektoren overtok nøkkelen til Sogndal vidaregåande skule

08. november 2011

Tysdag 8. november tok rektor Marta Sofie Vange ved Sogndal vidaregåande skule offisielt over nybygget ved skulen. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes overleverte nøkkelen og ønskte lukke til med bruken av bygget.

Les mer

PPT-kontoret for Sogndals-regionen er flytta til Fosshaugane Campus

07. november 2011

Pedagogisk-psykologisk tenestekontor (PPT) for Sogndals-regionen flytta 1. august i år inn i nybygget til Sogndal vidaregåande skule på Fosshaugane Campus. Det er offisiell opning av bygget 8. november, og då vert det også høve til å sjå seg om i lokala til PPT-kontoret.

Les mer

Offisiell opning av nybygget ved Sogndal vidaregåande skule

07. november 2011

Sogndal vidaregåande skule tok i bruk nybygget ved skulestart i august, men tysdag 8. november kl. 14.00 er det tid for offisiell opning. Rundt 80 gjester er inviterte til arrangementet med nøkkelseremoni, omvising og orientering om prosjektet.

Les mer

Kompetanseutvikling for pedagogisk personale og skuleleiarar

03. november 2011

I framlegget til statsbudsjett for 2011 er det løyvd til saman 400 millionar kroner til etter- og vidareutdanning for lærarar, til fag- og yrkesopplæringa og til rektorutdanning.

Les mer

Styrkar tiltak for gjennomføring i vidaregåande opplæring

03. november 2011

Regjeringa føreslår i framlegget til statsbudsjett å løyve 175 millionar kroner meir enn i fjor til tiltak for å få elevar til å fullføre vidaregåande opplæring.

Les mer

Kompetanseutvikling for pedagogisk personale og skuleleiarar

03. november 2011

I framlegget til statsbudsjett for 2011 er det løyvd til saman 400 millionar kroner til etter- og vidareutdanning for lærarar, til fag- og yrkesopplæringa og til rektorutdanning.

Les mer

Vidarefører tilskot til landsliner

03. november 2011

Departementet foreslår at løyvinga til landslinene ved dei vidaregåande skulane for 2011 vert vidareført på same nivå som i 2010. Samstundes gjer regjeringa framlegg om å redusere løyvingane til fagskuleutdanningane noko.

Les mer

Vidarefører satsingar innan opplæring

03. november 2011

Sogn og Fjordane fylkeskommune får i Statsbudsjettet for 2010 midlar til å vidareføra noverande satsingar på opplæringssektoren.

Les mer

Elevar streama jubileumskonferanse for regjeringa

02. november 2011

Tysdag 1. november markerte regjeringa at distrikts- og regionalpolitikken her i landet feirar 50 år med konferansen “Kunsten å byggje landet” på Voss. Konferansen vart sendt direkte på nett, og sendinga var det ni elevar frå Sogndal vidaregåande skule som stor for.

Les mer

Mål- og strategidokument for vidaregåande opplæring på høyring

31. oktober 2011

Mål- og strategidokumentet skal gjelde for perioden 2012–2015 og tek føre seg utfordringane innan vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. – Dokumentet er sentralt for alle delar av den vidaregåande opplæringa, og det er viktig at så mange som råd kjem med innspel, seier fylkesdirektør Bekka Skaasheim.

Les mer

Luster vidaregåande skule inviterer til matkurs

31. oktober 2011

I løpet av det neste halve året skal Luster vidaregåande skule halde fem matkurs i samarbeid med Smaken av Nasjonale Turistvegar, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og Innovasjon Norge. Det er no mogleg å melde seg på kursa.

Les mer

Ungt Entreprenørskap arrangerer gründercampen Energi for framtida

28. oktober 2011

Onsdag 2. november 2011 vert Enova Gründercamp arrangert i Førde, Sogndal og på Sandane. Målsetjinga for dagen er at elevane skal lære om fornybar energi, og korleis ein betre kan nytte kraftressursane.

Les mer

Fylkeskommunen arrangerer konferanse om IKT i skulen

27. oktober 2011

Sogn og Fjordane fylkeskommune samarbeider med Møre og Romsdal fylkeskommune om ein konferanse om pedagogisk bruk av IKT. Konferansen går av stabelen 25.–26. oktober i operahuset på Nordfjordeid og vert overført direkte på nett.

Les mer

Stoltenberg let seg imponere av Sogndals-elevane

25. oktober 2011

Thorvald Stoltenberg sparka i gang Eshowe-aksjonen med eit sterkt føredrag om solidaritet på internasjonal dag ved Sogndal vidaregåande skule måndag 24. oktober. Han hadde den fulle merksemda til tilhøyrarane, og sa seg imponert over engasjementet elevane viser.

Les mer

Årdalselevar til topps i skule-NM i automasjon

24. oktober 2011

Jørn Asperheim Eldegard og Lasse Smedegård Hellebø ved Årdal vidaregåande skule stakk av med sigeren i skule-NM i automasjon i slutten av september. Siger i skule-NM gjev elevane ein god start i jakta på læreplassar.

Les mer

Thorvald Stoltenberg til internasjonal dag i Sogndal

19. oktober 2011

Måndag 24. oktober er det internasjonal dag ved Sogndal vidaregåande. Tidlegare utanriksminister og fredsmeklar Thorvald Stoltenberg kjem for å halde føredrag om temaet internasjonal solidaritet.

Les mer

Tidlegare Sogndals-elev fekk bronse i VM i yrkesfag

12. oktober 2011

Elektrikar Bernt Erlend Fridell frå Vik i Sogn fekk bronse i VM i yrkesfag i London 5.–9. oktober. 20-åringen er tidlegare elev ved Sogndal vidaregåande skule og hadde lærlingtida si hjå YIT i Årdal.

Les mer

Utsette høyringsfristen for mål- og strategidokument for vidaregåande opplæring

29. september 2011

Hovudutval for opplæring har vedteke å utsetje høyringsfristen for mål- og strategidokument for vidaregåande opplæring 2012–2015 til 31. desember 2011.

Les mer

Elevar lagar rekvisittar og kulissar til Tryllefløyten

26. september 2011

Elevar ved Eid vidaregåande skule er no i full gang med å gjere klart til oppsetjinga av Tryllefløyten ved Opera Nordfjord i oktober. Dei lagar rekvisittar og kulissar, er involverte i lysdesign og sminke og skal vere med i koret og orkesteret – i tillegg til å vere husvertar for førestillingane.

Les mer

Elevar frå Flora og Sogndal til entreprenørskapsleir i USA

22. september 2011

I oktober reiser Benjamin Hellesen Heimset og Sveinung Brandsøy frå Flora vidaregåande skule saman med Silje Bråstad og Janne Håland frå Sogndal vidaregåande skule til Atlanta i USA. Der skal dei delta på ein leir for ungt entreprenørskap og samarbeide med rundt 20 andre driftige ungdomar frå USA og Danmark.

Les mer

Yrkessjåførlina held stand på Kaupanger

19. september 2011

Medan resten av skulen no er samla på Fosshaugane i Sogndal, vert yrkessjåførlina ved Sogndal vidaregåande skule verande på Kaupanger. Sidan i sommar har dei investert i to nye vogntog, snart skal det tilsetjast ein ny lærar, og både landslinekurset og førarkortkurset har fulle klassar.

Les mer

1282 elevar har meldt seg på "Frå utdanning til jobb"

16. september 2011

“Frå utdanning til jobb” er eit program som tek sikte på å lære elevar i vidaregåande skule om korleis arbeidsmarknaden fungerer. Det er Ungt entreprenørskap som står bak, og i Sogn og Fjordane har heile 1282 elevar meldt seg på.

Les mer

Øyrane vidaregåande skule blir knutepunktskule i Sogn og Fjordane

15. september 2011

Fylkesdirektøren for opplæring har utpeikt Øyrane vidaregåande skule som knutepunktskule for yrkesretting av fellesfaga norsk, engelsk og matematikk i yrkesfaglege utdanningsprogram. Dette er ein del av Ny GIV-satsinga i fylket, og knutepunktskulen blir del av eit nasjonalt nettverk.

Les mer

100 000 til prosjektet Veivalg

12. september 2011

Hovudutval for plan og næring løyvde i møte 24. mai 100 000 kroner til Veivalg. Prosjektet satsar på nærare samarbeid mellom vidaregåande skule og næringsliv med fokus på karriererettleiing. Prosjektet Veivalg skal involvere næringslivet sterkare i karriererettleiinga i skulen. Målsetjinga er å betre karriererettleiinga og entreprenørskapsarbeidet ved å gjere arbeidslivet og bedriftene sine roller tydlegare for elevane.

Les mer

Elevar på besøk på Fylkeshuset

09. september 2011

Fredag 9. september var to samfunnsfagklassar ved Sogndal vidaregåande skule på plass på Fylkeshuset for å lære meir om fylkeskommunen. Dei engasjerte ungdomane stilte spørsmål, og meinte at for dei betyr fylkeskommunen først og fremst skule og skuleskyss.

Les mer

Arbeidarpartiet vann skulevalet

08. september 2011

2820 skuleelevar røysta i skulevalet ved ti vidaregåande skular i Sogn og Fjordane, der Arbeidarpartiet fekk flest stemmer.

Les mer

Eid vidaregåande skule første ute som miljøfyrtårn

02. september 2011

Eid vidaregåande skule er den første av dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane til å få status som miljøfyrtårn. Ordførar Sonja Edvardsen overleverte miljøfyrtårnbeviset til rektor Ove Bjørlo, og med dette forpliktar skulen seg til å ta miljøansvar på alvor og arbeide for å betre seg på dette området.

Les mer

466 000 kroner til internasjonalt arbeid

01. september 2011

Stryn vidaregåande skule skal vere koordinator for eit større Leonardo da Vinci-partnarskapsprosjekt, og partnarskapen har i samband med dette fått 466 000 i EU-midlar.

Les mer

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00