Gult trehus med norsk flagg foran

Spelemidlar til kulturbygg

06. juli 2016

Sogn og Fjordane fylkeskommune er uroa for den store og raske statlege nedbygginga av tilskotsordninga til kulturbygg. Det har vore ei halvering av spelemidlar til føremålet i løpet av dei siste to åra. Behova i kommunar og lokalsamfunn er store.

Les meir ›
Musea i Sogn og Fjordane_brosjyre

Musea i Sogn og Fjordane sommaren 2016

05. juli 2016

Kvifor ikkje utforske aktivitetar og attraksjonar i nærmiljøet i sommar? Sommarferie i Sogn og Fjordane kan vere fantastisk. Eit tips er å ta turen innom eit av musea i fylket. Her er ei oversikt over aktivitetar på Musea i Sogn og Fjordane i sommar og utover hausten.

Les meir ›
Hoddevik

Kulturlandskap i jordbruket

01. juli 2016

I Sogn og Fjordane er det mange flotte kulturlandskap, og fylket har to område med i ordninga «Utvalte kulturlandskap i jordbruket». I år pågår viktig arbeid med kulturlandskapa i fylket.

Les meir ›
Foto som syner to unge jenter i ein klatrepark. Dei er sikra med selar og wirar, og har på seg hjelm. Dei står på ei plattform som eg bygd litt oppe i eit tre. Foto: 4H Rogaland/www.flickr.com.

Søknadskurs

01. juli 2016

Vi inviterer til gratis kurs for deg som skal søkje om spelemidlar til eit anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv eller til eit kulturbygg. Og for deg som skal søkje om infrastrukturmidlar til reiseliv.

Les meir ›
Askvoll samfunnshus, eit kvitt bygg med slitte betongveggar

2,2 millionar til kulturbygg

27. juni 2016

Fylkeskommunen har fordelt midlar frå desentralisert ordning for kulturbygg til fem kulturbygg i fylket: Askvoll samfunnshus, Loen bygdehus, grendahuset Mardal skule, Naustdal barne- og ungdomsskule - kulturhusfunksjonar og Realen.

Les meir ›
Bilete av Sigrun Espe og Annette Langedal Holme

425 000 til Skulen min

24. juni 2016

Kartleggings- og formidlingsprosjektet Skulen min går inn i sitt andre år med ferske prosjektmidlar frå Riksarkivet.

Les meir ›
Jente ved piano på scene.

Klare for UKM-festivalen

23. juni 2016

Fredag 24. juni reiser 21 ungdommar frå Sogn og Fjordane til UKM-festivalen i Trondheim.

Les meir ›
Fire jenter i like klede som dansar på ei mørk scene

UKM-festivalen til Høyanger

20. juni 2016

UKM-festivalen Sogn og Fjordane vert i 2017 arrangert 1. – 2. april i Høyanger.

Les meir ›
Askvoll samfunnshus, eit kvitt bygg med slitte betongveggar

Kjærkomne kulturbyggmidlar

09. juni 2016

Våren 2016 opna det seg nye moglegheiter for lokale kulturbygg som ynskjer utvikling og modernisering. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Huset i bygda har starta eit samarbeid for utvikling av lokale kulturbygg. Sju bygg får snart friske midlar på bok.

Les meir ›
Dag Henrik Nygård på talarstolen

Vi treng engasjert ungdom

03. juni 2016

Gjennom engasjement over fleire år, både i ungdomens bystyre i Flora, men mest gjennom ungdomspolitisk utval i Sogn og Fjordane, er det det tanken om at innsats i ungdomsmedverknad no gjev demokrati i framtida eg sit att med.

Les meir ›
totalbilde av tom, nybygd ballbinge, vinter og snø, Naustdal

Auke i spelemidlar til fylket

01. juni 2016

Hovudutval for næring og kultur har fordelt 47,5 millionar kroner frå spelemiddelordninga til 110 anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv i fylket. Dette er ein auke på 9 millionar kroner i høve året før.

Les meir ›
Bilde av skuleinteriør

Skulehistorie i Flora

24. mai 2016

Fylkeskommunen og Fylkesarkivet sitt prosjektet «Skulen min» var i førre veke to dagar i Flora kommune. Formålet med turen var å komme i kontakt med aktuelle samarbeidspartnarar og danne seg eit overblikk over den vidstrakte kommunen. Her kom vi i god dialog med skule, historielag og deleviljuge øybuarar.

Les meir ›
Ved Førde Torg er mange samla for å sjå konsert under førdefestivalen

Kunstnar- og etablerarstipend

20. mai 2016

Tre  kunstnarar frå fylket er tildelt stipend frå Sogn og Fjordane fylkeskommune i 2016. Stipenda er fordelt på to arbeidsstipend på 30 000 kr kvar og eit etablerarstipend på 50 000 kr.

Les meir ›
Åshild Kjelsnes står på kaia på Tinnoset med vatnet i bakgrunnen

Verdsarvstadar møtast

11. mai 2016

Korleis kan verdsarvarbeidet skape lokalt engasjement? Verdsarvforum 2016 9.-11.mai er ein nyttig møteplass for verdsarvfylket Sogn og Fjordane.

Les meir ›
Framside på program for anleggskonferanse

Anleggskonferanse - skianlegg

03. mai 2016

Sogn og Fjordane Skikrins og Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til anleggskonferanse på Skei i Jølster torsdag 9. juni. Tema for konferansen er drift og utvikling av skianlegg som grunnleggande føresetnad for ynskje om skiaktivitet.

Les meir ›
Samling innandørs, menneske som høyrer på presentasjon

Saman for fysisk aktivitet

22. april 2016

Fylkeskommunen jobbar i dialogmøte med kommunane i fylket for å få fleire i fysisk aktivitet. Konkrete tiltak står i sentrum.

Les meir ›
Ved Førde Torg er mange samla for å sjå konsert under førdefestivalen

Næring og kultur: Saman er vi sterke

22. april 2016

Kulturformidling og næring heng godt saman, skriv Jan Heggheim, fylkesdirektør for den nye nærings- og kulturavdelinga.

Les meir ›
Foto som syner pengar på eit bord, 50-lappar, 200-lappar, ein 500-lapp og ein del myntar i ulik valør. Foto: NRK Beta

Fem-dobling tal søknadar

13. april 2016

Tal søknadar til anlegg for fysisk aktivitet med midlar frå spelemiddelordninga er fem-dobla frå år 2000 til 2016.

Les meir ›
Ungdomspolitisk utval (UPU) i Sogn og Fjordane 2016 2017. F.v.: Rune Holsen Nygård, Frida Helleland Sætre, Emma Berge Ness, Jorun Yri, Ole Martini.

Nytt ungdomspolitisk utval

10. april 2016

Fylkesting for ungdom 2016 har valt nytt ungdomspolitisk utval for 2016/2017.

Les meir ›
Scene frå Kinnaspelet.

Midlar til kulturarbeid

08. april 2016

Sogn og Fjordane fylkeskommune har no fordelt kulturmidlar for 2016. Assisterande fylkesdirektør for næring og kultur, Ingebjørg Erikstad, fortel at det totalt er løyvd 4 885 000  kr til 62 tiltak.

Les meir ›
Ungdomspolitisk utval (UPU) i Sogn og Fjordane. F.v. Dag Henrik Nygård, Madlen Lehmann, Dorthea Keilegavlen Grane (nestleiar), Sofie Sundberg (leiar), Rune Holsen Nygård, Oline Nave (vara), og Ruben Skrede (vara).

Fylkesting for ungdom 2016

06. april 2016

Helga 8. til 10. april er ungdommar frå heile fylket samla på Skei for å delta på fylkesting for ungdom. Fylkesting for ungdom er ungdommen i Sogn og Fjordane sitt øvste talerøyr. Ungdom frå alle ungdomsråda og kommunane i fylket, fylkesdekkande ungdomsorganisasjonar og polistiske ungdomsparti er inviterte til tinget.

Les meir ›
Bandet Indigo Child frå Eid under UKM-festivalen 2016 i Førde

Vellykka UKM-festival

04. april 2016

Under UKM-festivalen Sogn og Fjordane 2016 har 250 ungdommar frå heile fylket fylt Førdehuset med liv og røre frå start til slutt. Det har vore sceneframsyningar, utstilling, workshops, konsert på Skywalken i Førde sentrum og mykje leik og moro ut i dei små timar.

Les meir ›
To som syng i mikrofon

Syng for statsråd

01. april 2016

Førde internasjonale kor reiser neste veke med 50 songarar til Oslo for å synge for blant andre Sylvi Listhaug på den nasjonale integreringskonferansen «Flykt ikke fra frivilligheten».

Les meir ›
Mann på bibliotek

Bibliotek for inkludering

31. mars 2016

Biblioteket er kanskje det kulturtilbodet som er mest nytta av innvandrarar. Kva er det som dreg innvandrarane til biblioteket, og korleis kan vi vidareutvikle tenestene til desse brukarane? Fylkesbiblioteksjef Siri Ingvaldsen skriv på kulturbloggen denne veka.

Les innlegget på kulturbloggen
Firda Crew står på scena under UKM 2015, med musikarar og vokalist

UKM-ungdom møtest i Førdehuset

30. mars 2016

2. – 3. april møter du Electric Ladyland frå Vågsøy, Isak og Jonas Nordgulen frå Jølster,  kunstverket Circle frå Solund, Ronja Bøe Øygard frå Sogndal og mykje mykje meir i Førdehuset. Då vert nemleg året UKM-festival for Sogn og Fjordane arrangert.

Les meir ›
Publikum på Gulatingsstaden under Gulatingsmarkeringa sommaren 2014. Foto: David Zadig.

Kulturkonferansen 2016

29. mars 2016

Fylkeskommunen inviterer til kulturkonferanse på Scandic Sunnfjord Hotel fredag 1. april og laurdag 2. april 2016. Det er framleis høve til å melde seg på!

Les meir ›
Somarstova på heimdalstrand

5 mill. til freda kulturminne

17. mars 2016

Freda bygningar og anlegg i fylket fekk fordelt fem mill. kr under møte i hovudutval for næring og kultur 15. mars. Størst tilskot gjekk til Sommarhuset på Heimdalstrand i Balestrand.

Les meir ›
Scene frå Kinnaspelet.

Kulturfylket Sogn og Fjordane

17. mars 2016

Sogn og Fjordane har i dag eit godt kulturtilbod, men dette kjem ikkje av seg sjølv. Vi som er innbyggjarar i fylket treng å få oppleve kunst og kultur, men arrangørane treng også oss. Kva er det som avgjer kven som lukkast i å trekke publikum? Sissel Lillebø Aarseth jobbar med kulturutvikling i fylkeskommunen og skriv på kulturbloggen denne veka.

Les innlegget på kulturbloggen
Portrett av Iselin Solheim med blå bakgrunn

Ung kultur møtest i april

11. mars 2016

2. – 3. april vert den første UKM-festival i Sogn og Fjordane arrangert i Førdehuset, med Iselin Solheim i juryen. Festivalen samlar 300 ungdommar frå heile fylket.

Les meir ›
Folketog. Markering av  FN-dagen 2015.

Kultur kostar

09. mars 2016

Å vere elev i kulturskulen kostar, fotballsko kostar, kontingentar kostar og treningskle kostar. Kulturliv og kulturaktivitetar kan gi meining, glede og tilhøyrsle i kvardagen. Men er kostnadane med på å ekskludere framfor å integrere? Anita Nordheim er kultursjef i Høyanger og skriv om utfordringar ein møter på i arbeidet for ein inkluderande kultursektorkultur.

Les innlegget på kulturbloggen
Bilete av tre personar.

"Fjols til fjells" og integrering

04. mars 2016

Tidlegare på kulturbloggen skreiv fylkesdirektør Ingebjørg Erikstad om korleis kunst og kultur kan spele ei viktig rolle i arbeidet med integrering. Denne veka får vi høyre om eit konkret tiltak i Florø, der lågterskeltilbod skapar band mellom menneske.

Les innlegget på kulturbloggen
UKM logo

UKM-festival Sogn og Fjordane

29. februar 2016

Den har nytt namn, men byr framleis på kreativ ungdom. 2.-3. april blir det ei heil helg med framsyningar, utstilling og workshops med ungdom frå heile fylket. Velkomen til UKM-festivalen!

Les meir ›
Bilete av Kristin Hatledal, biblioteksjef ved Stryn biblioetek.

Drøymer om bibliotekressursar

26. februar 2016

Folkebiblioteka rundt om i kommunane er taparar i kampen om budsjettkronene. Biblioteka er ein viktig arena for formidling og debatt, og er ofte den einaste møteplassen som er gratis og open for alle. Gjestebloggaren på  kulturbloggen denne veka, biblioteksjef Kristin Hatledal ved Stryn bibliotek, drøymer om meir ressursar til folkebiblioteka. For å forklare kvifor dette er så viktig viser Hatledal til forsking som seier at for kvar krone som blir tilført biblioteka får samfunnet fire tilbake. 

Les innlegget på kulturbloggen
Bilete av at nokon ser på historiske bilete frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane på ein iPad.

Digital eldreomsorg

24. februar 2016

Høgskulen i Sogn og Fjordane, Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester og Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til konferansen «Digitale verkty i miljøbehandling» i Førde 12. april. Tema er miljøbehandling i eldreomsorga. 

Les meir ›
Skulevegen, Nybø Skule, Leikanger ca 1980. Foto Åsmund Espe

Friminutt som kulturarv

19. februar 2016

Har du høyrt om elevar som sigla på isflak til skulen? Eller skaut med sprettert? I arkiva finn vi informasjon om fag, karakterar, elevtal og liknande. Men kva med friminutta, skulevegen og relasjonen til lærarar, korleis skal vi ta vare på desse minna for framtida? På Kulturbloggen denne veka skriv Sigrun Espe om prosjektet "Skulen min" og korleis vi skal ta vare på gamle skuleminne.

Les blogginnlegget
Bilete av hender og ein kaffikopp.

Integrering og møteplassar

12. februar 2016

Fylkesdirektør for kultur, Ingebjørg Erikstad, meiner at kunst og kultur kan spele ei viktig rolle i arbeidet med integrering i Sogn og Fjordane. Vi trenger fleire møteplassar mellom menneske og mellom kulturar. Vi trenger også ressurspersonar, og Erikstad håper at alle vil bidra til å utvikle fylket vårt til eit meir inkluderande samfunn.

Les innlegget på Kulturbloggen
Undredal ungdomshus i Undredal, Aurland kommune

Ditt lokale kulturbygg

05. februar 2016

Kva minner har du frå ditt lokale kulturhus? Kan du hugse kaffilukta og dei gode kakene, spenninga frå basarane, juletreet som strekte seg heilt opp i taket eller kanskje ungdomsfestane? Det er ingen tvil om at desse samlingshusa er og har vore viktige for lokalsamfunnsutvikling i fylket vårt. Ingunn Nyheim frå Huset i Bygda" har skrive ein hyllest til husa og til eldsjelene som driv dei på Kulturbloggen. 

Les meir ›
Bilete av ein person med kamera som går ut ein port på eit annleggsområde. Tittel på biletet: Replanted Identity, Tre logoar: Sogn og Fjordane fylkeskommune, Flora kommune og IlealLab.

Identitet i bevegelse

04. februar 2016

Kan kunst og design bidra til større forståing av identitet, inkludering og integrering? Seminaret «Dele – tilpasse – tilhøyre» hadde som mål å samle erfaringar om migrasjon og arbeidsinnvandring frå kunstprosjektet Ideal Lab og samtidig sjå på utfordringar samfunnet vårt står overfor.

Les meir ›
UKM logo

Vil utvikle UKM

02. februar 2016

Hovudutval for næring og kultur har vedtatt strategi  for arbeidet med UKM - Ung kultur møtast - i Sogn og Fjordane i perioden 2016 til 2019. UKM skal bli den viktigaste møteplassen for ung kultur i Sogn og Fjordane.

Les meir ›
tre dansarar

70 000 kr til UKM

28. januar 2016

Fem prosjekt frå Sogn og Fjordane har fått til saman 70 000 kroner i stimuleringsmidlar frå UKM Norge i tildelinga i januar 2016.

Les meir ›
BIlete frå Fylkesting for ungdom 2013.

Fylkesting for ungdom 2016, praktisk informasjon

27. januar 2016

Fylkesting for ungdom 2016 vert arrangert 8. til 10. april, ved Thon Hotel Jølster.

Les meir ›
Bilete av Pål Fidjestøl, kultursjef, og Kjell Sandnes administrerande direktør i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane (bak sofa). Sitjande i sofa: Ingunn Nyheim, Huset i Bygda og Guro Høyvik, fylkeskommunen.

Meir til lokale kulturbygg

22. januar 2016

Frå 2016 får dei organisasjonseigde kulturbygga i fylket fleire moglegheiter til å søkje midlar til ombygging, modernisering og utvikling. Huset i bygda, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og  Sogn og Fjordane fylkeskommune går no saman for å løfte og styrkje dei over 400 organisasjonseigde kulturbygga i fylket.

Les meir ›
Bilete av natur i Sogn og Fjordane

Fråflyttarfylket?

20. januar 2016

Det er mange ulike meiningar om Sogn og Fjordane, og eit viktig tema som ofte vert debattert er fråflytting. Korleis kan vi hindre fråflytting og få fleire heim- og tilflyttarar? På Kulturbloggen denne veka skriv Dag Henrik Nygård (21) frå Florø om kvifor han meiner Sogn og Fjordane er eit fylke for framtida. 

Les meir ›
Ny leiar Hans Erik Ringkjøb og ny nestleiar Jan Ove Tryggestad i Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap.

Ny leiing i verdsarvråd

08. januar 2016

Dei to ordførarane Hans Erik Ringkjøb og Jan Ove Tryggestad vart i desember valt til ny leiar og nestleiar av Verdsavrådet for Vestnorsk fjordlandskap 2016-2016. Sentralt for rådet er arbeidet med å iverate verdsarvstatusen tildelt Nærøyfjord- og Geirangerfjordområdet.

Les meir ›
Vera & Kyte, Subsea Coffee; Ralston & Bau, Storm; Signe Solberg, The Wrestler

Seminar om migrasjon

21. desember 2015

Korleis møter lokalsamfunnet og byen innvandrarane, korleis blir vi påverka av dette møtet – dei som bur her og dei som kjem? Og kva gjer vi for å gjere møtet betre? Velkomen til "Dele – tilpasse – tilhøyre: Eit seminar om migrasjon" fredag 15. januar klokka 10:00 – 15:00 i Florø.

Les meir ›
Karen Marie Hjelmeseter og Terje Lyngstad

Utvalsleiar takkar teatersjefen

17. desember 2015

Terje Lyngstad sluttar ved Sogn og Fjordane teater etter 12 år som teatersjef. Sogn og Fjordane fylkeskommune eig 80% av aksjane i teateret, og leiar i hovudutval for næring og kultur Karen Marie Hjelmeseter takka Lyngstad for innsatsen desse åra.

Les meir ›
Born syng på Gulatinget.

Fylkeskommunale tilskot til kulturarbeid

17. desember 2015

Fylkeskommunen lyser no ut tilskot til allment kulturarbeid og kunstnar- og etablerarstipend for 2016.

Les meir ›
Ny teatersjef ved Sogn og Fjordane teater Bodil Kvamme og koordinator for Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane Øyvind Høstaker framfor plakaten til "Ung 2016".

Ny scenekunst til skulane

16. desember 2015

Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane teater samarbeider tett den kommande våren. Heile tre av teateret sine seks prosjekt det kommande året er slikt samarbeid, og skal spelast for og av elevar over heile fylket.

Les meir ›
Kulturfestival 2016 brosjyre framside

Kulturfestival for 28. gong

15. desember 2015

11. til 13. mars 2016 er det klart for den 28. festivalen for utviklingshemma i Sogn og Fjordane. Sjå program og meld deg på. 

Les meir
Nærøyfjorden sett frå båt, med turistar og det norske flagg.

Konferanse for berekraftig fjord

11. desember 2015

Nærøyfjorden Verdsarvpark arrangerte dialogkonferanse for å avdekke utfordringar og finne framtidsretta løysningar for ein berekraftig fjord.

Les meir ›
Hilde Bjørkum tek i mot fylkeskulturprisen 2015 frå leiar av hovudutval for kultur og næring Karen Marie Hjelmeseter (t.h.) og fylkesordførar Jenny Følling (t.v.).

– Skapar møteplassar

07. desember 2015

Hilde Bjørkum fekk tysdag utdelt fylkeskulturprisen og mange gode ord for å ha bygd opp «den tydelegaste kulturelle merkevaren i Sogn og Fjordane».

Les meir ›
UKM 2012. Foto: Martin Andreas Aasen Vikesland.

Vil du vere arrangør for UKM?

03. desember 2015

Sogn og Fjordane fylkeskommune lyser etter arrangørar for UKM-festivalen Sogn og Fjordane (tidlegare fylkesmønstringa) frå 2017.

Les meir ›
Musikkgruppa Iver, Halvor, Håvard og Oliver på scena under fylkesmønstringa for UKM i 2015. Det er mørkt på scena, og vokalisten i dongeribukse og kvit t-skjorte gjer eit splithopp. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

UKM 2016 er i gang

01. desember 2015

Påmeldinga til UKM 2016 opna i dag, 1. desember. No kan alle mellom 10 og 20 år, som ønskjer å delta, melde seg på.

Les meir ›
Foto frå stronda Grotlesanden i Bremanger. Sanden er nesten kvit i sola, og vi ser småbølgjene slå inn. I bakgrunnen har vi høge fjell, som skyene sig innover. Foto: Linda H. Knudsen, www.flickr.com

Kartlegg universell utforming

30. november 2015

Anlegg for fysisk aktivitet bør vere tilgjengelege for alle. No har fylkeskommunen kartlagt tilgjenge til 24 badeplassar og 20 skianlegg i fylket.

Les meir ›
fellesbilete2

Møteplasskonferansen 2015: ein viktig møteplass

26. november 2015

Laurdag 24. oktober var 120 menneske frå heile fylket samla til dialog for betre inkludering. Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterte saman med Frivillighet Norge organisasjonane til Møteplasskonferansen 2015, og det var mykje engasjement hjå deltakarane. 

Les meir ›
Hilde Bjørkum.

Fylkeskulturprisen til Bjørkum

24. november 2015

Hilde Bjørkum har sidan starten i 1990 bygd opp Førde internasjonale folkemusikkfestival til ein av dei sterkaste kulturmerkevarene fylket har i dag, heiter det i grunngjevinga. Fylkeskulturprisen 2015 blir delt ut under fylkestinget 8. desember

Les meir ›
Kari Støfringsdal mottek fylkeskulturprisen frå hovudutvalsleiar Nils Gjerland og fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Kven får fylkeskulturprisen?

23. november 2015

24. november avgjer hovudutval for næring og kultur kven som får fylkeskulturprisen for 2015.

Les meir ›
Unge stupar i bassenget på Trivselshagen, Stryn.

Meir til anlegg og aktivitet

19. november 2015

Fylkesrådmannen føreslår å setje av 98 millionar kroner i spelemidlar til nye idrettsanlegg dei neste fire åra. Satsinga på fysisk aktivitet og friluftsliv skal halde fram.

Les meir ›
Foto frå fylkesting for ungdom 2013, vegg med innspel til framtidsverkstad for Sogn og Fjordane

Nettverkssamling for ungdomsråd 2015

17. november 2015

21. og 22. november 2015 er det nettverkssamling for ungdomsråd på Thon Hotel Jølster på Skei. Ungdomspolitisk utval (UPU) og Sogn og Fjordane fylkeskommune er vertskap for samlinga, som i hovudsak handlar om opplæring for dei som sit i ungdomsråda i kommunane i fylket.

Les meir ›
Bilete av dei ti nynorskbloggarane

Ungdom bloggar på nynorsk

04. november 2015

Ti engasjerte ungdomar bloggar i haust for Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Les meir ›
Foto frå dokumentarfilmen Drone. Vi ser ein amerikansk soldat og ein ung gut som sit framføre ein pc og spelar dataspel. Pressefoto.

Skuleturné med dronefilm

21. oktober 2015

Korleis er det å leve under dronane? Og korleis er det å drepe menneske på andre sida av jorda med ein joystick? Det får førsteklassingane på dei vidaregåande skulane i fylket no innblikk i.

Les meir ›
Portrettfoto som syner komikar, spaltist og føredragshaldar Shabana Rehman fotografert på Aker brygge i Oslo. Ho har på seg ei fleirfarga lue og svart jakke. Pressefoto.

Stor konferanse om inkludering

02. september 2015

Vi sparkar i gang ei ny satsing på inkludering med dialogkonferansen Møteplass i Førde 24. oktober. Dette er staden for å vere kreative saman. Det blir idédugnad, speeddate, og vi set oss saman for å finne nye måtar å samarbeide på.

Les meir ›
Foto av to små jenter med musefletter og stripete, fargerike gensarar, som sit og ser i ei bok på eit bibliotek. Foto: Alexander Klanderud, Kongsvinger kommune/www.flickr.com

Barnelitterære fagdagar

09. oktober 2015

Kva rører seg innan barne- og ungdomslitteraturen for tida? Det får vi svar på når Fylkesbiblioteket inviterer til barnelitterære fagdagar i Førde 28. og 29. oktober.

Les meir ›
ordsky

Kulturblogg i ny drakt

09. oktober 2015

Kulturbloggen skal vere ein arena for kulturdebatt og for å fremje aktuelle tema innanfor det store og omfattande området «kultur». Vi ønskjer gjestebloggarar velkomne.

Les meir ›
Foto frå utdelinga av fylkeskulturprisen 2014. Prisvinnar Kari Støfringsdal held diplom og blomsterbukett og står mellom prisutdelarane Nils Gjerland og Åshild Kjelsnes. Foto: Marit Brennset/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fylkeskulturprisen 2015

01. oktober 2015

Kjenner du nokon som fortener ekstra merksemd for kulturinnsatsen sin? No ynskjer vi framlegg til kandidatar til fylkeskulturprisen 2015.

Les meir ›
Bilete som syner sommarhuset på eigedomen Heimdalstrand i Balestrand. Huset er brunt og med tydeleg dragestil. Foto: Arlen Bidne/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Ny fredingssak i Balestrand

05. oktober 2015

Sogn og Fjordane fylkeskommune varslar no oppstart av freding av eigedomen Heimdalstrand, gb.nr. 10/81, i Balestrand.

Les meir ›
Foto som syner deltakarar på konferansen Felles barn, felles ansvar i september 2015. Dei er samla rundt eit bord, der dei byggjer ein modell av ein by ved hjelp av treklossar.

Diskuterte felles utfordringar

22. september 2015

Den kulturelle skulesekken (DKS), ungdomens kulturmønstring (UKM) og kulturskulane i fylket samla 150 deltakarar til konferansen «Felles barn, felles ansvar» på Skei 17. og 18. september 2015.

Les meir ›
Foto frå tildelinga av prisen Vakre vegar 2014 til Kongevegen over Filefjell. Sju personar, blant dei fylkesordførar Åshild Kjelsnes, står ved skiltet med prisen og ei informasjonstavle om Kongevegen.

Pris til Kongevegen

21. september 2015

Kongevegen over Filefjell har fått prisen Vakre vegar 2014.

Les meir ›
Foto av Klokkargarden, også kalla Jakob Sande-tunet, i Dale. Fotoet viser renovering av huset, med eit stilas på framsida og ein mann i stilaset og ein på plenen nedanfor. Foto: Stig Nordrumshaugen

Kurs i søknadsskriving

18. september 2015

Har du eit kulturminne eller kulturbygg du vil setje i stand? Då er det fleire stønadsordningar du kan søkje tilskot frå. Vi arrangerer gratis kurs i søknadsskriving i Dale 30. september.

Les meir ›
Gruppebilde

Ungt engasjement

17. september 2015

Kva er viktig for ungdom i Sogn og Fjordane og kva skal til for at desse tema vert sett på dagsorden? Møt dei ti ungdomane som deltek på prosjektet "Mine meiningar på mitt språk".

Les meir ›
Foto frå stronda Grotlesanden i Bremanger. Sanden er nesten kvit i sola, og vi ser småbølgjene slå inn. I bakgrunnen har vi høge fjell, som skyene sig innover. Foto: Linda H. Knudsen, www.flickr.com

Satsar på universell utforming

09. september 2015

Sogn og Fjordane fylkeskommune har fått 100 000 kr frå Kartverket til å styrke arbeidet med universell utforming og tilgjengelegheit i friluftsområde.

Les meir ›
Bilete av hender som skriv, skriveblokker og datamaskiner

Bloggstipend til ti ungdomar

03. september 2015

Ungdomspolitisk utval (UPU) har plukka ut ti ungdomar til å delta på bloggprosjekt i regi av fylkeskommunen. Dei ti får eit gratis kurs og eit stipend på 5000 kroner kvar. 

Les meir ›
Foto som syner ei dame som les høgt frå ei bok for tre eldre kvinner og ein eldre mann. Dei set ved eit bord, medan ho som les, står ved enden av bordet. Foto: Leser søker bok

No kan du bli leseombod

27. august 2015

Eit leseombod er ein som les høgt for andre, men det er òg så mykje meir. Sogn og Fjordane treng leseombod, og du kan bli med på kurs i Florø onsdag 21. oktober.

Les meir ›
Foto av det raude Hennebygda samfunnshus. Det står tre bilar parkerte framfor huset, to mørke og ein kvit. Foto: Huset i bygda

3,9 millionar til kulturbygg

25. august 2015

Hovudutvalet for kultur fordelte 25. august nesten fire millionar kroner til kulturbygg ulike stadar i fylket.

Les meir ›
Foto av 16-årige Jenny Hatlelid Holsæter på kunstutstillinga under UKM-fylkesmønstringa i Førdehuset i april 2015.

Jenny tek over etter Henrik

24. august 2015

Jenny Hatlelid Holsæter (16) frå Årdal representerer Sogn og Fjordane i ungdommens ressursgruppe (URG) dei neste to åra.

Les meir ›
Jente med kamera

Bloggkurs og bloggstipend

20. august 2015

Ungdom mellom 15 og 27 kan søke om å delta på kurs for å lære om foto, skriving og formidling på nett. Deltakarane får også bloggstipend for å blogge i etterkant av kurset. Fristen for å søke går ut om éi veke.

Les meir ›
Øyvind Høstaker, koordinator i Den Kulturelle Skulesekken (DKS) står smilande framfor ein reklameplakat/rollup for DKS. Foto.

Prisvinnarar til skulen

19. august 2015

Koordinator Øyvind Høstaker er stolt over programmet for Den kulturelle skulesekken (DKS) i Sogn og Fjordane komande skuleår. Han lokkar med sirkus, eksotisk musikk, teater og hemmelege heltar og – ikkje minst – prisvinnande film og teater.

Les meir ›
Bilete av mor og baby på kurs i babysong.

Kurs i baby- og småbornsong

18. august 2015

Bli med på kurs for å lære å arrangere og leie babysong og småsong i Førde 18. september. Kurset er retta mot faggrupper som arbeider med born, og passar både for nybyrjarar og for erfarne.

Les meir ›
Vingen vakthytte i Bremanger har torvtak og er plassert godt i terrenget, rett ved vatnet. Hytta har òg ei brygge. Foto: Birgit Tanseøy/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Vakthytte er freda

17. august 2015

Klima- og miljødepartementet sin landsverneplan er ferdigstilt. Landsverneplanen omfattar freding av bygningar på 18 anlegg fordelt over heile landet. I Sogn og Fjordane er vakthytta i Vingen omfatta av fredingsvedtaket.

Les meir ›
Foto av fylkesordførar Åshild Kjelsnes under opninga av Norsk Country Treff 2015. Ho står ved to roll up-ar med reklame for festivalen og har på seg svart kjole og ordførarkjeda.

Imponert over countrydugnad

10. juli 2015

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes roste dugnadsinnsatsen under opninga av Norsk Country Treff 2015, men la også vekt på at dugnadsånd ikkje kan bere festivallasset aleine.

Les meir ›
Foto av Sturla Stålset, Ivar Eimhjellen, Lavleen kaur og Knut Olav Åmås som debatterer friviljugliv under Førdefestivalen 2015. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Frivilligliv og kultur

06. juli 2015

Er frivilliglivet i endring, og korleis påverkar det i så fall samfunnet og kulturlivet? Forskarar, organisasjonsfolk og representantar frå det frivillige debatterte temaet på Førdekonferansen 2015.

Les meir ›
Sofia Hyttedalen syng frå scena i Olavshallen i Trondheim på UKM-festivalen i 2015. Scena er lyst opp med lilla lyskastarar. Foto:Maria Høydal/UKM

Store opplevingar på UKM

26. juni 2015

Frå 19. til 23. juni deltok 19 ungdommar frå Sogn og Fjordane på UKM-festivalen i Trondheim.

Les meir ›
ydt 84nfk 7x

Konferanse: møteplass for inkludering

02. juli 2015

Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer saman med Frivillighet Norge til møteplasskonferanse i oktober.

Les meir ›
 2zbkdpccuz

Bloggstipend for ungdom

22. juni 2015

Er du mellom 15 og 27 år har du no sjansen til å søke om bloggstipend på 5000 kroner gjennom prosjektet "Mine meiningar på mitt språk". Inkludert i stipendet er også eit bloggkurs i september og påfølgjande skriving. Alle som likar å skrive og formidle på nynorsk kan søke.

Les meir ›
uxd 4v 7uzuj

Programmet er klart

22. juni 2015

No kan du sjå alle dei ulike produksjonane som skal ut på turné til skulane i fylket neste skuleår. Den kulturelle skulesekken (DKS) sin digitale katalog har informasjon om alle tilboda kommande skuleår, og du kan ta ein kikk på den allereie no.

Les meir ›
Fylkesdirektør for kultur, Ingebjørg Erikstad, og styreleiar i Gloppen musikkfest, Kjell Arnesen, feirar utviklingsavtalen mellom dei to organisasjonane. Dei to held avtalen mellom seg. Foto: Sissel Aarseth/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Nye utviklingsavtalar

19. juni 2015

Sogn og Fjordane fylkeskommune har no inngått to nye utviklingsavtalar med frivillig sektor – ein med Sogn og Fjordane idrettskrins og ein med Gloppen musikkfest.

Les meir ›
Foto av stablar av myntar som ligg på ein spegel, slik at heile speglbiletet syner òg. Foto: Tax Credits/www.flickr.com

Søk om momskompensasjon

19. juni 2015

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,2 milliard kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2015.

Les meir ›
Foto som syner to unge jenter i ein klatrepark. Dei er sikra med selar og wirar, og har på seg hjelm. Dei står på ei plattform som eg bygd litt oppe i eit tre. Foto: 4H Rogaland/www.flickr.com.

Gratis spelemiddelkurs

16. juni 2015

Vil du etablere eit anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv eller vidareutvikle eit kulturbygg, men treng finansiering? Bli med på spelemiddelkurs i august.

Les meir ›
Musikkgruppa Iver, Halvor, Håvard og Oliver på scena under fylkesmønstringa for UKM i 2015. Det er mørkt på scena, og vokalisten i dongeribukse og kvit t-skjorte gjer eit splithopp. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Klare for UKM-festivalen 2015

16. juni 2015

19 ungdommar frå Sogn og Fjordane reiser 19. juni til UKM-festivalen i Trondheim – 30 år etter at den første landsmønstringa for UKM vart arrangert i Førde.

Les meir ›
Foto som syner ein liten gut med oransje armringar og kvit badebukse i svevet frå eit av stupebrettet i badeanlegget i Trivselshagen på Sandane. Foto: Edvin-Andre Hugvik.

Konferanse om idrettsanlegg

16. juni 2015

Sogn og Fjordane fylkeskommune arrangerer idrettsanleggskonferanse i Førde 15. oktober 2015. Tema er idrettshallar og symjebasseng, med særleg vekt på rehabilitering av symjebasseng. 

Les meir ›
Foto som syner fem ungar og ein vaksen rundt noko som kanskje skal førestille eit bål. Biletet er frå eit arrangement i regi av Den kulturelle skulesekken og føregår inne i ein gymsal. I bakgrunnen ser vi fleire ungar. Foto: David Zadig

«Felles barn, felles ansvar»

08. juni 2015

Fylkeskommunen ved Den kulturelle skulesekken (DKS) og UKM inviterer saman med kulturskulane til kulturkonferansen «Felles barn, felles ansvar» 17. og 18. september 2015.

Les meir ›
Åtte rulleskiløparar trenar på rulleskiløype med skog i bakgrunnen. Dei er kledde treningsklede og hjelm. Foto: Ola Matsson/Skistar Trysil

Fordelte årets spelemidlar

02. juni 2015

Sogn og Fjordane fekk i år meir spelemidlar enn nokon gong – heile 37 millionar kroner. 2. juni fordelte hovudutvalet for kultur pengane til anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv over heile fylket.

Les meir ›
Foto frå Førdekonferansen på Sunnfjord Hotell i 2014. Konferansesalen på hotellet er så godt som full, og fremst ser vi føredragshaldaren med power point bak seg. Tilhøyrarane følgjer med og noterer. Foto: Førdefestivalen

Førdekonferansen 2015

02. juni 2015

Torsdag 2. juli vert Førdekonferansen arrangert for sjette gong. Konferansen er ein del av Førdefestivalen, og i år vert kulturen, frivilliglivet og tillit sett på dagsorden.

Les meir ›
Sofia Hyttedalen frå Gloppen skal representere fylket i landsmønstringa for UKM 2015 med sang. Foto: 1MK Hafstad vidaregåande skule

Desse går vidare i UKM

20. april 2015

Om lag 240 ungdomar deltok på fylkesmønstringa for ungdomens kulturmønstring (UKM) i Førde i helga. Ti av innslaga skal representere Sogn og Fjordane på landsmønstringa i Trondheim i juni.

Les meir ›
Ungdomar spelar fotball på kunstgrasbana i Lærdal. Det eine laget har gule vestar, det andre har vanlege t-skjorter. Det er sommar og grønt på trea og på fjella i bakgrunnen. Foto: Guro Høyvik

Samling om spelemidlar

21. mai 2015

18. juni arrangerer kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune den årlege samlinga for dei som har ansvar for tema kring spelemiddelordninga og anlegg for fysisk aktivitet i kommunane. I år er også kulturbygg eit tema på samlinga.

Les meir ›
Ein kvernstein i Kvernsteinsparken i Hyllestad. Steinen ligg ute i graset og er dekt av mose.

Tilrår omarbeiding av verdsarvsøknaden

18. mai 2015

UNESCO meiner vikingstader bør inn på verdsarvlista, men vil at forslaget som no ligg føre, vert gjennomgått og omarbeidd. Kvernsteinsbrota i Hyllestad er del av verdsarvsøknaden for vikingstader.

Les mer
ylm 7jv 2lb 2

Del friluftsbileta dine i friluftslivets år

08. mai 2015

Sogn og Fjordane har fantastiske rammer for friluftsliv. 2015 er friluftslivets år, og vi vil gjerne invitere alle til å vere med å vise fram det flotte fylket vårt.

Les mer

37 millionar kroner i spelemidlar til Sogn og Fjordane

24. april 2015

Regjeringa har løyvd 37 millionar kroner av spelemidlane til Sogn og Fjordane. Det er om lag ni millionar meir enn i 2014. Spelemidlane vert fordelte i juni og skal gå til anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv i heile fylket.

Les mer

I dialog om fysisk aktivitet

24. april 2015

Sogn og Fjordane fylkeskommune og Sogn og Fjordane idrettskrins har i april delteke på dialogmøte om revisjon av kommunale planar for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv.

Les mer

Klart for UKM fylkesmønstring – noko for alle

21. april 2015

Til helga er det igjen duka for Ungdommens kulturmønstring (UKM) i Førdehuset. Frå laurdag kl. 11.00 står ungdommar frå heile fylket klare for å vise kva dei er gode for. Og variasjonen er stor.

Les mer

Medieelevar nye aktørar på fylkesmønstringa

21. april 2015

Til helga – 18. og 19. april – brakar det laust i Førdehuset når ungdom frå heile fylket skal delta på UKM fylkesmønstring. Ungdommane får høve til å vise seg fram innan ulike kunst- og kulturuttrykk. Nytt i år er at ein heil medieklasse deltek med fotooppdrag under mønstringa.

Les mer
Kvernsteinparken i Hyllestad

Omarbeiding av verdsarvsøknad

22. mai 2015

UNESCO meiner vikingstader bør inn på verdsarvlista, men vil at forslaget som no ligg føre, vert gjennomgått og omarbeidd. Kvernsteinsbrota i Hyllestad er del av verdsarvsøknaden for vikingstader.

Les meir ›

Desse går vidare til UKM landsmønstringa

20. april 2015

Om lag 240 ungdomar deltok på fylkesmønstringa for ungdomens kulturmønstring (UKM) i Førde i helga. Ti av innslaga skal representere Sogn og Fjordane på landsmønstringa i Trondheim i juni.

Les mer

Sjølvplaging, slektsgransking og globalt ansvar på biblioteka

17. april 2015

Desse tre temaa er i følgje Marta Norheim tendensar i den norske samtidslitteraturen anno 2015. Norheim gjestar fleire bibliotek i fylket no i slutten av april, for å fortelje om kva som kjenneteiknar den nye, norske romanen.

Les mer

Internasjonal pris til kunstmuseet i Førde

16. april 2015

Sogn og Fjordane Kunstmuseum sitt signalbygg i Førde har fått ein internasjonal pris for arkitektur, planlegging og design som aukar livskvaliteten for eit lokalsamfunn.

Les mer

Teater på bibliotek i heile fylket

16. april 2015

I april kan du få ei teateroppleving på eit bibliotek nær deg. Aldateateret er no på turné i 14 kommunar med teaterstykket «Herr Kurz og damene». Stykket fekk svært god mottaking då det hadde premiere våren 2014.

Les mer

5,4 millionar frå Norsk kulturminnefond til prosjekt i Sogn og Fjordane

15. april 2015

37 istandsetjingsprosjekt i Sogn og Fjordane har fått til saman 5,4 millionar kroner frå Kulturminnefondet. Gamlastova på Nedre Ljøsne i Lærdal er det prosjektet i fylket som har fått mest.

Les mer

Ein halv million kroner til verneverdige bygningar

31. mars 2015

Norsk Kulturminnefond har innvilga tilskot til prosjekt der omsøkt beløp er under kroner 100 000 kroner. På styremøtet den 8. april handsamer styret dei øvrige søknadane.

Les mer

Drøfta framtida til fjordfylket

30. mars 2015

Det var stort engasjement då ungdommar i frå heile fylket var samla på fylkesting for ungdom (FFU) denne helga. Nokre av sakene som stod på dagsorden var innsparingskrava til fylkeskommunen, ny handlingsplan for Ungdomspolitisk utval (UPU) og val av nytt UPU.

Les mer

Kulturmidlar 2015

23. mars 2015

Hovudutval for kultur skal i møte 25. mars fordele kulturmidlar til dei frivillige kulturorganisasjonane i fylket, festivalar, arrangement og tiltak.

Les mer

Fylkesting for ungdom 2015

13. mars 2015

20.- 22. mars er ungdommar frå heile fylket samla på Skei i Jølster for å delta på fylkesting for ungdom. Fylkesting for ungdom er ungdommen i Sogn og Fjordane sitt øvste talerøyr. Alle ungdomsråda i fylket og fylkesdekkande ungdomsorganisasjonar er invitert til tinget.

Les mer

Korleis lukkast med kultur for alle?

13. mars 2015

Er vi i Sogn og Fjordane flinke nok til å ivareta utviklingshemma sine rettar i eit aktivt kulturliv? Kan vi bli betre? Norsk Forbund for Utviklingshemma (NFU) Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til konferanse i Førde 20. Mars. Meld deg på her.

Les mer

Vestlandet føregangsområde for musikkterapi

13. mars 2015

Sogn og Fjordane fylkeskommune er med når forskarar og klinikarar på Vestlandet no går saman for å utvikle gode musikkterapitenester.

Les mer

Fylket får 1,230 mill. kr til verdiskapingsprosjekt

11. mars 2015

Stortingsmeldinga «Leve med kulturminner» slår fast at kulturminne og kulturmiljø i større grad må takast i bruk for å utvikle levande lokalsamfunn og vere ressursar for verdiskaping i næringslivet. Sogn og Fjordane har no fått tilskot til tre prosjekt.

Les mer

Lagar draumeplassar i naturen

09. mars 2015

Drøymer du om å skape ein naturmøteplass i lokalmiljøet? No kan du vinne arkitekttenester, prosjekthjelp og 50 000 kr.

Les mer

Satsar på frivillig sektor, kulturarv og profesjonell kultur

17. februar 2015

Kulturstrategi for Sogn og Fjordane fylkeskommune er no vedteken, saman med eit handlingsprogram for 2015. Kulturstrategien gir retning til og prioriteringar for fylkeskommunen sitt kulturabeid dei næraste åra. Visjonen er: Kulturaktivitet og kulturoppleving gir oss eit rikare liv og bygger identiteten vår!

Les mer

Inspirerande fagdagar i Florø

13. februar 2015

Omsorgssektor saman med kultur ynskjer å starte eit prosjekt for å gje betre innhald i kvardagen til seniorar.

Les mer

Søknader til verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet

11. februar 2015

Det er interessant og spanande at kulturminne i stadig aukande grad vert vurdert som ein verdifull ressurs i nærings- og samfunnsutviklinga. Prosjekta som er sett i gong i Sogn og Fjordane har fått stor oppslutnad både lokalt og regionalt og kan vise til god framdrift og resultatoppnåing. No ynskjer fylkeskommunen å vidareføre dette arbeidet og søker om støtte til tre prosjekt i 2015.

Les mer
Felleskoret på Gulatinget. Grunnlovsjubileet 2014. Dirigent Boris Kuprjanov i dress og raudt slips. Foto: David Zadig

Inviterer til seminar

11. februar 2015

Seminaret har i år fått tittelen «Verktøy til ein lettare arrangørkvardag», og vi har valt ut tre tema som alle arrangørar, uavhengig av storleik, sjanger, geografisk plassering og kulturaktivitet, har nytte av.

Les meir ›

Nasjonal nynorsk leseaksjon?

10. februar 2015

Fredag 6. februar var mange gode nynorskkrefter samla i Førde for å planleggje ein nasjonal nynorsk leseaksjon.

Les mer

Inviterer kulturarrangørar til seminar

10. februar 2015

Norsk Countrytreff, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Gloppen kommune inviterer til det årlege arrangørseminaret for dei som driv festivalar, konsertar, stemne og andre arrangement.

Les mer

Musikk frå livets begynnelse

06. februar 2015

Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til kurset "Musikk frå livets begynnelse" 10. april 2015. Kurset gjev kompetanse til å leie grupper i musikk og samspel med foreldre og barn.

Les mer

Storfint besøk på Sogndal Filmfestival

04. februar 2015

Skodespelar Anders Baasmo Christiansen og NRK-journalist og regissør Arve Uglum, kjem til fagdagen på Sogndal Filmfestival 24. mars.

Les mer

Kommunane er gode på kulturskule, Den kulturelle skulesekken og frivillig arbeid.

04. februar 2015

Norsk kulturindeks viser kulturtilbodet og kulturaktiviteten i kommunane. Rapporten for Sogn og Fjordane i 2014 viser alle kommunane i fylket sin plassering innan 10 kategoriar av kulturaktivitet.

Les mer

Lagar kulturminneplanar

28. januar 2015

Kommunetilsette frå heile fylket er denne veka samla for å jobbe med lokale kulturminneplanar under rettleiing frå Riksantikvaren og fylkeskommunen. Målet med dette arbeidet er at alle kommunar i fylket skal få sine eigne kulturminneplanar.

Les mer

Fotball for alle?

27. januar 2015

Kva er det som får ein tidlegare profesjonell fotballspelar til å skrive spennande bøker for barn? Og kvifor har ein journalist med tidlegare laber fotballinteresse no oppdrag for ein av dei største klubbane i verda, Liverpool FC? 12.februar i Hafstadparken kan du møte begge to.

Les mer

Tilskotsmidlar til turskiltprosjekt

26. januar 2015

Fylkeskommunen har, saman med Gjensidigestiftelsen, sett av tilskotsmidlar til merking og gradering av turløyper i fylket. No kan du søke om desse midlane.

Les mer

Søknadsrekord i Sogn og Fjordane

26. januar 2015

Førebelse tal syner at det i år er søkt om spelemidlar til anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv for om lag 160 millionar kroner i Sogn og Fjordane.

Les mer

Kulturminneplansamling for tilsette i kommunane

23. januar 2015

«Lokale kulturminneplanar» er ei satsing frå Sogn og Fjordane fylkeskommune på registrering og utvikling av lokale kulturminneverdiar.

Les mer

Sigrid Moldestad på skuleturné med songar frå «Årets album 2014»

23. januar 2015

26. januar legg Sigrid Moldestad ut på turné for Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane. Ho skal besøke dei vidaregåande skulane med ein konsert basert på plata "Brevet til kjærleiken". Songane på plata har tekstar av Jan-Magnus Bruheim, tonesette av Moldestad.

Les mer

Blues med sus i Jostedal

22. januar 2015

Tysdag kveld heldt Good Time Charlie grendakonsert i ungdomshuset Dølaheimen i Jostedalen, saman med elevar frå Jostedal oppvekstsenter.

Les mer
Utsikt frå Svarthilleren og utover fjorden. Molden, 2011.

Coast Alive-prosjektet

16. januar 2015

Målet med prosjektet var å utvikle strategiar for å få fleire til å bruke lokale stiar og utandørsfasilitetar til rekreasjon og trening.

Les mer

Samarbeid om film, musikk, kultur og helse

15. januar 2015

Musikkterapi er fagområdet der kultur og helse møtes. Eit samarbeid mellom kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune og Høgskulen i Sogn og Fjordane har resultert i to korte filmar med tema «kultur for alle».

Les mer

Utlysing arkeologisk feltarbeid

12. januar 2015

Sogn og Fjordane fylkeskommune, kulturavdelinga, lyser ut arkeologisk feltarbeid i mellombelse stillingar.

Les mer

Turnéstart for «Vaffelhjarte»

08. januar 2015

Tysdag 6. januar starta den fylkesdekkande turneen med teaterstykket «Vaffelhjarte». Den kulturelle skulesekken (DKS) i Sogn og Fjordane sender i samarbeid med Sogn og Fjordane teater stykket ut på turné for alle elevar i barneskulen i fylket. Dette er ei storsatsing, og den mest omfattande turneen nokon gong i DKS i Sogn og Fjordane.

Les mer

Spelemidlar

06. januar 2015

Søknadar om spelemidlar til ordinære idretts-, friluftslivs-, og nærmiljøanlegg skal i sendast til kommunen der anlegget er plassert eller er planlagt oppført.

Les mer

Lokale kulturbygg

06. januar 2015 Les mer

Fartøyvern

06. januar 2015 Les mer
Fem studentar arbeider med digitale forteljingar.

Brukar digitale verkty for å formidle flyktninghistoriar

18. desember 2014

I løpet av to praksisveker skal fem studentane frå Høgskulen i Sogn og Fjordane bruke digital historieforteljing for å fortelje og formidle historiene til flyktningar, asylsøkarar og eldre.

Les meir ›
Kari Støfringsdal tek imot diplom, blomar og ein sjekk frå fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Fylkeskulturpris til Kari Støfringsdal

18. desember 2014

Årets vinnar, jølstringen Kari Støfringsdal, har i ei årrekkje tatt vare på og lært vidare lokale mattradisjonar.

Les meir ›
To eldre sit i ein park ved ei elv.

Sentrumsnære turvegar

18. desember 2014

Fylkeskommunen har fått 150.000 kroner frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet til vidareføring av arbeidet som starta i 2013, med kartlegging av turvegar i eller nær sentrum som er, eller kan bli, universelt utforma.

Les meir ›

Sjumilsstegkonferansen 2015

16. desember 2014

Fylkesmannen og Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer den 10. og 11. mars til Sjumilsstegkonferansen 2015 på Alexandra Hotel i Loen.

Les mer

Nye tilskotsordningar i 2015

12. desember 2014

Det er kommen ei ny tilskotsordning for 2015, frå Klima- og Miljødepartementet. Målgruppa for ordninga er frivillige organisasjonar som er registrert i Einheitsregisteret og interkommunale friluftsråd som arbeider med aktivitetsfremjande tiltak for friluftsliv.

Les mer

Fylkeskulturpris til Kari Støfringsdal

09. desember 2014

Føremålet med fylkeskulturprisen er å løfte fram kulturarbeidet i Sogn og Fjordane. Årets vinnar, jølstringen Kari Støfringsdal, har i ei årrekkje tatt vare på og lært vidare lokale mattradisjonar.

Les mer

Fylkesbiblioteket får midlar til spanande prosjekt

08. desember 2014

Nasjonalbiblioteket har tildelt utviklingsmidlar til biblioteka for 2015. Fylkesbiblioteket hadde inne to søknader, og har fått støtte til begge, til saman 820 000 kroner.

Les mer

Musikarane i fylket

03. desember 2014 Les mer

Fylkeskulturpris gjekk til Kari Støfringsdal

03. desember 2014

Hovudutval for kultur har i dag bestemt at årets fylkeskulturpris går til bondekone, husstellærar og kokebokforfattar, Kari Støfringsdal.

Les mer

UKM 2015 er i gang

01. desember 2014

Påmeldinga til UKM 2015 opna i dag, 1. desember. No kan alle mellom 10 og 20 år, som ønskjer å delta, melde seg på.

Les mer

Brukar digitale verkty for å formidle flyktninghistoriar

27. november 2014

Fem studentar frå sjukepleiarutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har for tida praksis hjå kulturavdelinga i fylkeskommunen, med temaet musikkterapi. I løpet av to praksisveker skal studentane bruke digital historieforteljing for å fortelje og formidle historiene til flyktningar, asylsøkarar og eldre.

Les mer

Vik fengsel er freda

27. november 2014

Forskrift om freding av staten sine kulturhistoriske eigedomar i justissektorens verneplan er blitt vedtatt av Riksantikvaren.

Les mer

Kulturfestivalen 2015

26. november 2014 Les mer

Prisvinnande regissør på turné med sterk og aktuell film

19. november 2014

Denne veka og neste er regissør Hisham Zaman på turne med sin film «Brev til Kongen» på dei vidaregåande skulane i fylket, som ein del av tilbodet i Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane.

Les mer

Bornas verdsdag i Førdehuset

07. november 2014

Bornas verdsdagar er ein internasjonal familiefestival – ein fargerik møteplass med kulturutrykk frå ulike stader i verda – med verkstader, førestillingar, konsertar, mat og utstillingar for born i alle aldrar. Og alt er gratis.

Les mer

Feirar den nynorske barne- og ungdomslitteraturen

06. november 2014

Onsdag 12. november inviterer fylkesbiblioteket til ein inspirerande dag med fagleg påfyll som set søkjelyset på det viktige arbeidet med barn, ungdom og lesing.

Les mer

Natur- og kulturarven på dagsorden

05. november 2014

Jenny Følling, fylkesvaraordførar i Sogn og Fjordane, opna konferansen med å seie at det er utfordrane tider for fylket for tida. Akkurat det fekk ein ekstra dimensjon etter naturkreftene sine herjingar i indre Sogn dagen før.

Les mer
Nærøyfjorden

I pilegrimane sine fotspor

31. oktober 2014

Prosjektet Kystpilegrimsleia har som mål å skape eit autentisk nettverk og reiselivsprodukt for moderne pilegrimar, basert på den gamle hovudfartsåra for pilegrimar til Nidaros.

Les meir ›

I pilegrimane sine fotspor

30. oktober 2014

Prosjektet Kystpilegrimsleia har som mål å skape eit autentisk nettverk og reiselivsprodukt for moderne pilegrimar, basert på den gamle hovudfartsåra for pilegrimar til Nidaros.

Les mer

Biskopar i Bjørgvin bispedømme etter Reformasjonen - oversyn

30. oktober 2014

Reformasjonen i Noreg - overgangen frå katolsk til evangelisk-luthersk kyrkje - skjedde ved kongevedtak på ein riksdag i København hausten 1536. Ved kongebrev vart Geble Pederssøn same året utnemnd til å styra Bergen stift (bispedømme). Året etter vart han ordinert til biskop. Biskopen i Bjørgvin år 2008, Ole Danbolt Hagesæther, er nummer 33 i bisperekkja. Oversynet nedanfor er laga med ein artikkel av Karl Martinussen (1948) som hovudkjelde.

Les mer

Førde Seniorkor på film

24. oktober 2014

Førde seniorkor har fått produsert ein film som vi ynskjer å vise, den kan fortelje litt om kva positive verknader musikk og song har for helse og livskvalitet.

Les mer

Fylket har bestemt seg

23. oktober 2014

Vegar Sårheim frå Breim er valt ut som Sogn og Fjordane sin kandidat til Frivilligprisen 2014.

Les mer

Tilskot til ostebu og fjøs på Nedbergo i Aurland

23. oktober 2014

Nedbergo er eit av dei bygningsmiljøa som i Forvaltningsplan for Vestnorsk fjordlandskap – delområde Nærøyfjorden har blitt vurdert som særs verdifullt.

Les mer

English presentation

17. oktober 2014 Les mer

Tilsette musikkterapi

17. oktober 2014 Les mer

Lufta idear og henta inspirasjon

17. oktober 2014

16. oktober var kommunekontaktane og fylkeskontakten for Ungdommens kulturmønstring (UKM) samla i Førde til det årlege nettverksmøtet.

Les mer

Spelemidla 2015 – felles løft

17. oktober 2014

I veke 43 skal det vere tre samlingar i fylket med mål om å heve kompetansen for å betre kvaliteten på spelemiddelsøknadane.

Les mer

Bokbåten Epos på haustturné

15. oktober 2014

Epos er som vanleg fullasta med bøker for alle aldersgrupper, og i nynorskfylket Sogn og Fjordane er det spesielt lagt vekt på å ha med nynorske barnebøker.

Les mer

Natur- og kulturarven skal sette fylket på kartet

15. oktober 2014

30. og 31. oktober 2014 inviterer fylkesmannen, distriktssenteret og fylkeskommunen til konferansen «Gull, gråstein og ruinar: korleis skape verdiar av å oppleve natur og kultur».

Les mer

Ein million kroner til kunst- og kulturtiltak for eldre i Sogn og Fjordane

26. september 2014

Hovudutval for kultur har i møte 23.09 tildelt til saman 1 million kroner frå ordninga «Den kulturelle spasertokken». Det er kommunane som samordnar ulike tiltak til ein samla søknad for sin kommune.

Les mer

Tilrettelegging av kulturminne for auka verdiskaping

25. september 2014

Denne veka er Sogn og Fjordane fylkeskommune vertskap for ei gruppe fagfolk frå Italia.

Les mer

Tusenårsstaden Gulatinget - vegen vidare

22. september 2014

Vil fornye internasjonale kontaktar og få auka bruk.

Les mer

Riksantikvaren har løyvd brannsikringsmidlar til fire verneverdige tette trehusmiljø i Sogn og Fjordane

19. september 2014

Riksantikvaren har løyvd til saman kr 3 200 000,- til brannsikringstiltak for dei fire kommunane Lærdal, Aurland, Luster og Eid. Alle desse kommunane har kulturhistorisk svært verdifulle tette trehusmiljø som det tidlegare er utarbeida brannsikringsplanar for.

Les mer

Unikt smedgravfunn frå vikingtida

19. september 2014

Alle arkeologar drøymer om å gjere eit rikt funn frå vikingtida. Denne veka vart draumen verkelegt. Funnet kom for dagen takka vere ein viktig telefon frå ein årvaken grunneigar. No kan vi dokumentere det som kan vise seg å vere tiårets smedgravfunn frå vikingtida.

Les mer

5,6 millionar til lokale kulturbygg

17. september 2014

Sogn og Fjordane har fått tildelt vel 4,2 millionar i rammetilskot for 2014 til lokale kulturbygg. Hovudutval for kultur skal i møte 23. september fordele desse midlane, i tillegg til midlar som stod att frå søknadsrunda i 2013.

Les mer

Gjorde seg kjend med kultursatsinga i Fjaler

15. september 2014

Sist veke kom leiar i familie- og kulturkomiteen på Stortinget, Svein Harberg (H) til Fjaler på besøk.

Les mer

Her budde eidsvollsmennene

15. september 2014

Fem eidsvollsmenn frå Sogn og Fjordane får presentert heimane sine i ny bok.

Les mer

Den kulturelle spaserstokken

08. september 2014

Den kulturelle spaserstokken er ei ordning for kulturformidling til eldre. Fram til i år har kommunane søkt Kulturdepartementet om støtte til tiltak. No er dette lagt om.

Les mer

Digitale forteljingar

04. september 2014

Denne veka var kulturfolk i fylket samla til kurs på Nordfjordeid. På dagsordenen sto blant anna ein storm i Gulen, ei gamal stampe frå Nordfjord, ei sjøbod i Vågsøy og eit gamalt fotografi i oval ramme.

Les mer

Besøksforvaltning i verdsarvområda

01. august 2014

Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap, dvs. Geirangerfjord- og Nærøyfjordområdet, ynskjer å gå i gang med eit stort og omfattande FoU-prosjekt for ei heilskapleg besøksforvaltning. Sogn og Fjordane fylkeskommune ser dette arbeidet som eit viktig tiltak for reiselivsutviklinga i fylket, og støttar oppstart av landskapskartlegginga som dannar grunnlaget for det vidare arbeidet. Feltarbeidet byrjar neste veke.

Les mer

Over 2,5 millionar kroner frå Norsk Kulturminnefond til prosjekt i Sogn og Fjordane

31. juli 2014

Norsk Kulturminnefond er eit statleg forvaltningsorgan direkte underlagt Klima- og miljødepartementet, som gjev økonomisk og fagleg støtte til å ta vare på kulturminne.

Les mer

Historisk tettstadsmiljø i nasjonalt register

29. juli 2014

Tre utvalde deler av Nordfjordeid sentrum er no kome på det nasjonale registeret over historiske bymiljø/tettstader med nasjonale kulturminneinteresser. Fredag 25.juli besøkte riksantikvar Jørn Holme Nordfjordeid og fekk omvising i dei historiske gatene.

Les mer

Kystpilegrimsleia lansert på Selja

28. juli 2014

Laurdag 26. juli, i eit strålande sommarver, vart starten på prosjektet Kystpilegrimsleia markert på klosterøya Selja.

Les mer

Knutepunktstatusen må førast vidare for festivalane våre

11. juli 2014

Fylkesordføraren omtalte desse festivalane som kulturjuvelar i Sogn og Fjordane, knutepunktfestivalar som er vidt kjent for sin kvalitet og varme. Dei er begge leiande innan sin sjanger.

Les mer

Kystpilegrimsleia.no er lansert!

10. juli 2014

Den flotte nettsida til prosjektet Kystpilegrimsleia, www.kystpilegrimsleia.no, vert lansert i dag 8. juli. - Eg er stolt over å lansere så flotte nettsider, og eg håpar mange vil vere med å like og dele. Det er viktig at vi spreier ordet om kystpilegrimsleia på kryss og tvers av landet, seier prosjektleiar Anette Hellsaa Christiansen.

Les mer

Fylkeskommunen og museumsøkonomi

04. juli 2014

Musea i Sogn og Fjordane har mange utfordringar knytt til forvaltning, drift og utvikling. Fylkestinget sitt vedtak frå desember 2013 om å auke opp tilskotet til Musea i Sogn og Fjordane er ikkje endra.

Les mer

Feira Grunnlova i heimen til eidsvollsmannen Ole Elias Holck

04. juli 2014

Futegarden Alværn var heimen til eidsvollsmannen Ole Elias Holck. Han var den mest markante av representantane frå Nordre Bergenhus amt, dagens Sogn og Fjordane. Arrangementet gav smakebitar av både verda Holck levde i og av historia til garden Alværn frå 1773 og fram til i dag.

Les mer

Sogn og Fjordane feira Grunnlova på Gulatinget

30. juni 2014

På det meste var rundt 2000 personar samla på den store markeringa av grunnlovsjubileet på Gulatinget 28. juni. Dagen vart akkurat den folkefesten arrangørane håpte på – med god stemning, strålande sol, konsertar, eit historisk tilbakeblikk og mykje meir.

Les mer

Folkefest på Gulatinget laurdag 28. juni

30. juni 2014

Arrangementet i Gulatingsparken er Sogn og Fjordane si offisielle markering av Grunnlovsjubileet.

Les mer

Grunnlovsjubileum med besøk i verda til eidsvollsmannen Ole Elias Holck

24. juni 2014

Alværn var heimen til eidsvollsmannen Ole Elias Holck. Han var den mest markante av representantane frå Nordre Bergenhus amt, dagens Sogn og Fjordane. Med arrangementet vil vi gje smakebitar av både verda Holck levde i og av historia til garden Alværn frå 1773 og fram til i dag.

Les mer

Byggeskikkpris til Sogn og Fjordane kunstmuseum

20. juni 2014

Førde kommune sin byggeskikkpris for 2014 gjekk til Sogn og Fjordane kunstmuseum, som vart opna hausten 2012. Bygget er eigd av Sogn og Fjordane fylkeskommune og Førde kommune.

Les mer

Hovudutval for kultur til Lærdal

18. juni 2014

Hovudutval for kultur hadde møte i Lærdal 17. juni. Møteboka frå møtet er no klar.

Les mer

Kurs i digitale forteljingar 1. og 2. september

16. juni 2014

Sogn og Fjordane fylkeskommune i samarbeid med NCE Tourism og Eid kommune inviterer til todagarskurs i digitale forteljingar. Målet med kurset er å produsere forteljingar om kulturarv og lokale kulturminne i kommunane i Sogn og Fjordane og publisere desse på digitaltfortalt.no, Kulturrådet si satsing på digital formidling av kulturarv.

Les mer

Hovudutvalsleiaren gratulerer med opninga av plasthoppbakkar i Stryn

12. juni 2014

Onsdag 11. juni opna dei to nye plasthoppbakkane på Vangen skisenter i Stryn. Fylkeskommunen har løyvd 250 000 kroner til anlegget, som i tillegg har fått spelemidlar. Leiar for hovudutvalet for kultur, Nils Gjerland, håpar dette kan bidra til endå større interesse for hoppsporten.

Les mer

Er du klar for å setje sjøbein?

10. juni 2014

23. juli går Nordstjernen frå kai i Stavanger og legg ut på ei unik reise i norsk kyst- og fjordlandskap. Du kan framleis sikre deg billett til seilasen.

Les mer

Norsk-polsk samarbeid om lokale kulturminneplanar

04. juni 2014

25 representantar frå kommunar og kulturminneforvaltning i Polen besøker Hordaland og Sogn og Fjordane denne veka. Besøket er del av eit EØS-samarbeid mellom Riksantikvaren og National Heritage Board i Polen. Sogn og Fjordane fylkeskommune deltek i samarbeidet.

Les mer

Stipend til kunstnarar

02. juni 2014

Hovudutval for kultur har tildelt kunstnarstipend til fem kunstnarar i fylket, kvart på 30 000 kr. Det er også tildelt eit etablerarstipend på 50 000.

Les mer

Klyngjetunet på Osmundnes i Gloppen er freda

22. mai 2014

Riksantikvaren har vurdert klyngjetunet på Osmundes til å vere eit kulturminne av nasjonal verdi og har difor freda bygningane i tunet og eit område rundt. Målet er å ta vare på det som eit kulturhistorisk viktig døme på eit gamalt klyngjetun i Nordfjord.

Les mer

Fylkeskommunen vil sikre fleire spelemiddel-kroner til fylket

22. mai 2014

Sogn og Fjordane går kvart år glipp av fleire millionar i spelemidlar på grunn av for svake søknadar. Fylkeskommunen, kommunane og lag og organisasjonar vil endre dette, og måndag heldt fylkeskommunen kurs i søknadsskriving i Førde. Seinare i mai vert det tilsvarande kurs på Eid og i Sogndal.

Les mer

Fylkesordføraren gratulerer med nasjonaldagen i jubileumsåret for Grunnlova

16. mai 2014

Det er i år 200 år sidan vi fekk Grunnlova, som igjen gav oss nasjonaldagen. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes ser fram til markeringa av grunnlovsjubileet i Gulen 28. juni. Ho håpar at mange vert med på feiringa på Tusenårsstaden.

Les mer

Vikingstad Oppstryn år 800 opna i Stryn

15. mai 2014

Oppstryn har no fått ein eigen vikingstad, som del av Jostedalsbreen Nasjonalparksenter. Vikingstaden vart opna på ekte vikingvis og i flott vårvêr 13. mai.

Les mer

Kurs i å skrive søknad om spelemidlar

13. mai 2014

Skal du søkje om spelemidlar og treng hjelp med søknaden? No i mai arrangerer fylkeskommunen kurs i søknadsskriving i Førde, Sogndal og på Eid. Kursa er gratis.

Les mer

Fridomsreform i kulturpolitikken tema for Førdekonferansen 2014

07. mai 2014

Den femte Førdekonferansen vert arrangert torsdag 3. juli og har fått tittelen «Mindre pengar, men meir for pengane?» Fridomsreforma regjeringa har varsla i kulturpolitikken og konsekvensane av denne er tema.

Les mer

Fordeler ein halv million til tilskot til kulturkort for ungdom

07. mai 2014

Hovudutval for kultur skal i møte 13. april fordele nærmare 0,5 millionar kroner til ulike kulturarrangement som har søkt midlar gjennom kulturkort for ungdom. Dei fleste søknadane gjeld tilskot til musikkarrangement, og Malakoff Rockfestival kan stikke av med største potten til festivalpass.

Les mer

Lyser ut tilskot til kulturkort for ungdom

07. mai 2014

Arrangørar av teater, festivalar, konsertar, kino, idrettsarrangement og andre kulturtilbod kan no søkje om tilskot for å kunne tilby rabatterte billettar for ungdom mellom 16 og 20 år. – Det er ungdomen sjølv som har teke initiativet til dette, og no håpar vi at både ungdom og arrangørar nyttar seg av tilbodet, seier Sissel Loen (H), som er leiar for hovudutval for kultur.

Les mer

Fjaler-band frå UKM-landsmønstringa til festival i Mosambik

07. mai 2014

Bandet Meanwhile at Firda Billag frå Fjaler skal representere Noreg på Music Crossroads InterRegional Festival i Mosambik. Dei vart plukka ut etter å ha delteke på landsmønstringa til ungdommens kulturmønstring (UKM) i Trondheim i fjor haust.

Les mer

Frå stev til punkrock på UKM

07. mai 2014

Nesten 300 ungdommar frå heile Sogn og Fjordane samlast i Operahuset Nordfjord 20.–22. april. Dei skal vise fram 102 sceneinnslag og 69 utstillingsgjenstandar på Ungdommens kulturmønstring (UKM).

Les mer

Sogn og Fjordane godt representert på UKM-festivalen 2013

07. mai 2014

Årets UKM-festival går føre seg i Larvik og vart opna av statsråd Inga Marthe Thorkildsen 24. juni. Mange unge talent frå Sogn og Fjordane deltek, med både scenekunst og med utstillingar.

Les mer

Klart for ny vestlandskonferanse om framtida for levande bygder og lokalsamfunn

05. mai 2014

«Ekte begeistring må komma innanteifrå, den kan ikkje vedtakast», seier vossingen Linda Eide. Ho er ein av dei som kjem til den store vestlandskonferansen Vestlandsk Vidsyn i Stavanger 17. og 18. september.

Les mer

Variert nynorskdag med kulturministeren

30. april 2014

Kulturminister Thorhild Widvey var 29. april på plass i Førde, for å delta på fagdagen om nynorsk. Her fekk ho innsyn i den nynorske språkkvardagen og gjorde samstundes greie for språkpolitikken til regjeringa.

Les mer

Fylkesordføraren vil ha Grunnlova på nynorsk

28. april 2014

Stortinget skal snart ta stilling til endringar i Grunnlova. No krev fylkesordførar Åshild Kjelsnes at Grunnlova i framtida også skal finnast på nynorsk.

Les mer

Ballaktivitetar for barn på dagsorden på konferanse

28. april 2014

Den årlege konferansen om fysisk aktivitet i barnehage og skule set i år søkjelyset på ballaktivitetar, balleikar og ballspel. Konferansen vert på Fosshaugane Campus i Sogndal 6. mai.

Les mer

Lån deg ei e-bok til påske

22. april 2014

Frå 10. april kan du låne e-bøker frå biblioteka i Sogn og Fjordane. Alt du treng er ein app på nettbrettet eller smarttelefonen, og den er til og med gratis.

Les mer

Sogn og Fjordane får 28 millionar kroner i spelemidlar

14. april 2014

Regjeringa har løyvd 28 millionar kroner av spelemidlane til Sogn og Fjordane. Det har i år kome inn til saman 187 søknader i fylket, og midlane skal fordelast i mai.

Les mer

Olemic Thommessen til Gulatinget 28. juni

10. april 2014

Sogn og Fjordane fylkeskommune si hovudmarkering av Grunnlovsjubileet 1814-2014 er lagt til Tusenårsstaden Gulatinget i Eivindvik 28. juni. Stortingspresident Olemic Thommessen deltek på markeringa.

Les mer

Kulturministeren vitjar nynorskfylket Sogn og Fjordane 29. april

03. april 2014

Sogn og Fjordane fylkeskommune har invitert kulturminister Thorhild Widvey til å gjere seg nærare kjend med det vi meiner er det fremste nynorskfylket i landet. Tysdag 29. april vert statsråden med på ein variert språkpolitisk dag i Førde.

Les mer

Klima- og miljøministeren vitja Lærdal saman med riksantikvaren

21. mars 2014

Klima- og miljøminister Tine Sundtoft og riksantikvar Jørn Holme gjesta fredag 21. mars Lærdal for å bli orienterte om storbrannen i januar, og arbeidet kommunen gjer med attreising og utvikling.

Les mer

Hovudutvalet for kultur fordelte fem millionar til freda bygg og kulturminne

21. mars 2014

Hovudutvalet løyvde 19. mars til saman 3,7 mill. kr til freda bygg i privat eige og 1,3 mill. kr til kulturminne i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap i Nærøyfjorden.

Les mer

Fartøyvern på dagsorden

18. mars 2014

Hovudutval for kultur skal i møte 19. mars ta stilling til fordeling av 400 000 kroner til fartøyvern i Sogn og Fjordane. Midlane er foreslått fordelt på M/S Stangfjord, M/S Arnafjord og Galeasen Svanhild.

Les mer

Kurs i registrering av kulturminne på Eid og i Hornindal

12. mars 2014

Prosjektet Lokale kulturminneplanar hadde i går kurs i registrering av kulturminne på Eid. Det var over 25 deltakarar, og i dag er det tilsvarande kurs i Hornindal. Kursa er opne for alle som er interesserte i kulturminne, og deltakarane treng ikkje ha fagleg bakgrunn.

Les mer

Kulturminnefondet på synfaring til Gamle Innvik Ullvarefabrikk

10. mars 2014

Kulturavdelinga i fylkeskommunen var 26. februar med Sophie Noach frå Norsk kulturminnefond på synfaring til Gamle Innvik Ullvarefabrikk. Kulturminnefondet løyvde i 2013 støtte til istandsetjing av fargeriet på ullvarefabrikken og synfaringa var ei oppfylging av dette prosjektet.

Les mer

Vågsøy og Eid samarbeider med Polen om lokal kulturminneforvaltning

05. mars 2014

Kommunane Eid og Vågsøy deltek saman med Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt kulturminneplanprosjekt i eit internasjonalt samarbeid for å setje søkjelys på korleis ein kan styrke lokal kulturminneforvaltning i Noreg og Polen.

Les mer

Bokbåten Epos klar for ny turné i Sogn og Fjordane

26. februar 2014

Etter ein fantastisk jubileumstur er Bokbåten Epos no klar for ein ny tur rundt i Sogn og Fjordane. Første stopp er Svanøybukt i Flora 28. februar, og bokbåten skal så innom 47 stadar fram til 16. mars.

Les mer

Internasjonal scenekunst til fylket

24. februar 2014

Det franske kompaniet Cie Arcosm turnerer til vanleg i Frankrike og Europa med framsyningane sine. Dei neste tre vekene spelar dei framsyninga «Traverse» for elevar på 12 vidaregåande skular i Sogn og Fjordane.

Les mer

Nye oppgåver for folkebiblioteka etter lovendring

20. februar 2014

Lov om folkebibliotek slår no fast at folkebiblioteka skal drive aktiv formidling, vere ein uavhengig møteplass og leggje til rette for ordskifte og samtale. Det var i juni i fjor at Stortinget vedtok endringane, som gjeld frå 1. januar i år.

Les mer

Utlysing av arkeologisk feltarbeid i Sogn og Fjordane 2014

12. februar 2014

Kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune lyser ut arkeologisk feltarbeid for tida 22. april–31. oktober. Arbeidsoppgåvene er i hovudsak arkeologisk registrering i samband med arealplansaker.

Les mer

Fylkesdirektøren vil oppheve fredingsvedtak for totalskadde bygningar

10. februar 2014

Det freda anlegget Synneva Eris hus fekk omfattande skader etter brannen i Lærdal natt til 19. januar. No rår fylkesdirektør Ingebjørg Erikstad hovudutvalet for kultur til å oppheve vedtaket om freding og ikkje pålegge eigaren å bygge opp ein kopi av husa.

Les mer

Søk tilskot frå Musikkutstyrsordninga

10. februar 2014

Spelestadar, konsertarrangørar, øvingsanlegg og øvingsfellesskap kan no søkje tilskot frå den nasjonale Musikkutstyrsordninga (MUO). Søknadsfristen er 1. mars, og fylkesdirektør Ingebjørg Erikstad oppmodar aktørar i Sogn og Fjordane om å søkje.

Les mer

Seminar om publikumsutvikling på nett

10. februar 2014

Det er ei stund sidan det var nok med eit par plakatar, eit skilt og ein avisannonse for å nå ut til publikum. Nettverda har teke over. Er kulturaktørar og -arrangørar gode nok på heimesider og sosiale medium?

Les mer

Fjord Noreg best på marknadsføring i Europa

07. februar 2014

Fjord Noreg vann prisen for beste kampanje i sosiale medier, i tillegg til heiderleg omtale for Europas beste PR kampanje.

Les mer

Samarbeid om kulturminneprosjekt på tvers av fylkesgrenser

06. februar 2014

Kulturminne vert i aukande grad vurdert som ein verdifull ressurs i nærings- og samfunnsutviklinga. Dette er spennande, og gir nye utfordringar for oss som skal forvalte og formidle informasjon om kulturminna.

Les mer

Firda vidaregåande skule ønskjer velkomen til Beatles-musikal på Sandane og i Førde

31. januar 2014

Tredjeklassingane ved musikk, dans og drama på Firda vidaregåande skule set 6., 7. og 8. februar opp musikalen ”Across the universe” både på Sandane og i Førde. Musikalen er ei kjærleikshistorie spekka med Beatles-musikk og er inspirert av filmen med same namn.

Les mer

Sogndal Filmfestival vil ha unge filmskaparar med på laget

27. januar 2014

For niande gong arrangerer 3. klasse medium og kommunikasjon på Sogndal vidaregåande skule filmfestival. No oppmodar dei unge filmskaparar i alderen 13 til 25 år om å sende inn filmar til heile ti kategoriar.

Les mer

Til saman fire hus i verneområdet i Lærdal vart totalskadde i brannen

23. januar 2014

Det freda «Synneva Eris hus» brann ned til grunnen i storbrannen i Lærdal 18. og 19. januar. Etter ei synfaring onsdag 22. januar konstaterer fylkeskonservator Eva Moberg at ytterlegare tre hus i verneområdet er totalskadde.

Les mer

Velkomen til kulturfestival med Grease-feber

23. januar 2014

Norsk Forbund for Utviklingshemma (NFU) Sogn og Fjordane inviterer i samarbeid med fylkeskommunen til ny kulturfestival for menneske med utviklingshemming. Festivalen vert på Rica Sunnfjord Hotel i Førde 4.–6. april.

Les mer

Fylkeskonservatoren vil gjere synfaring på Lærdalsøyri

21. januar 2014

Fylkeskonservator Eva Moberg og ein representant for Riksantikvaren vil onsdag 22. januar reise til Lærdal for å få oversikt over skader på freda og verneverdig busetnad i det brannherja sentrumet.

Les mer

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00