6 kurs i "Fiskesprell" for barnehagar, SFO og grunnskular i fylket!

"Fiskesprell" er eit fleireårig prosjekt i regi av Helsedirektoratet med fylkeskommunane som samarbeidspart. Målsettinga er at barn og unge skal ete meir fisk i sitt daglege kosthald.

Alle barnehagane i fylket har dei siste to åra vore invitert til å bli med i prosjektet, og det har vore gjennomført fleire kurs kvart år for å gje både praktisk og teoretisk kunnskap og rettleiing. Dette har resultert i 60 fiskesprellbarnehagar og nokre SFO-fiskesprellarar. Fleire kommunar er "Fiskesprell-kommune" der alle barnehagane er med. Dei som deltek i Fiskesprell innfører fisk og fiskeprodukt i alle måltida sine. Kursa vert arrangert i alle regionane i fylket, og invitasjonen er gått til barnehagar, SFO og grunnskular.

Fylkeskommunen v/plan- og samfunnsavdelinga inviterer igjen til Fiskesprellkurs fleire stader i fylket - 2 kurs i haust og 3 kurs på nyåret. Kursa er gratis. Alle utgifter vert dekka av Helsedirektoratet som også har utarbeidd mykje nyttig materiell som kursdeltakarane får med seg. Prosjektet er del av partnarskap for folkehelse der Fylkesmannen og fylkestannlegen er viktige samarbeidspartar. Kurshaldar er Gry Tokvam. Interesserte kan ta kontakt med henne på e-post gry.tokvam@sfj.no for påmelding eller spørsmål.

Sjå invitasjonsbrev PDF document ODT document med tid og stad for dei ulike kursa og kursprogram PDF document ODT document .

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette