42 vil utforme formidlingsbygg i Gulen

Fylkeskommunen har ansvaret for ein open plan- og designkonkurranse for utforminga av eit formidlingsbygg ved tusenårsstaden Gulatinget på Flolid i Gulen. Då fristen gjekk ut, hadde det kome inn 42 prosjektframlegg frå arkitektfirma både innanlands og utanlands.

Fristen for å kome med framlegg til prosjekt gjekk ut 29. april, og juryen startar arbeidet med å evaluere dei 42 framlegga i Eivindvik 5. mai. Prosjektleiar Torolf Norheim er med i juryen og melder om mange spennande prosjektframlegg.

– At det er kome inn så mange framlegg, viser at det er stor interesse for dette spesielle prosjektet på Gulatingsstaden på Flolid, seier Norheim.

Rom for lokal og regional kulturaktivitet

Eit slikt formidlingsbygg er eitt av fleire tiltak for å utvikle tusenårsstaden Gulatinget. Dette skal vere eit fleirbrukshus med rom for utstilling og formidling av historia knytt til Gulatinget, samstundes som det er tenkt å vere ein arena for møte, konferansar og både lokal og regional kulturaktivitet. Bygget skal vere på om lag 1000 m2.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har teke på seg arbeidet med å reise formidlingsbygget, men det er føresett at både Gulen kommune og staten deltek i finansiering.

I tillegg til prosjektleiar Torolf Norheim sit også arkitektfagleg sekretær Rune Tangstad ved Arkitektkontoret Vikøren AS i Vik i juryen. Juryen reknar med å ha avgjort kven som skal teikne formidlingsbygget i løpet mai eller tidleg i juni.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00