37 søkjarar har fått til saman over 22 millionar kroner i oppreising

Den samla oppreisingssummen er på 22 400 000 kroner.

Oppreisingsordninga var i drift frå 1. januar 2011 til 1. januar 2013 og var eit samarbeid mellom alle kommunane i fylket og fylkeskommunen. Føremålet har vore å gje ei oppreising på moralsk grunnlag, og søkjarane har fått utbetalt summar på inntil 725 000 kroner.

Ordninga omfatta plasseringar gjort av kommunane fram til 1. januar 1993, uavgrensa tilbake i tid.

Overgrep under kommunal omsorg

Personane som har fått oppreising, var plasserte på til dømes skuleheim, spesialskule eller i fosterheim av kommunane, og dei opplevde omsorgssvikt eller overgrep her.

Søkjarane har fått oppreising for fysiske og psykiske overgrep, seksuelle overgrep og omsorgssvikt. Oppreisingssummane fordeler seg slik:

 

Overgrep/omsorgssvikt Oppreisingssum pr. sak Søknadar innvilga Sum oppreising
Fysiske / psykiske og seksuelle overgrep

725 000 kr

20

14 500 000 kr

Fysiske og psykiske overgrep

500 000 kr

14

7 000 000 kr

Omsorgssvikt

300 000 kr

3

900 000 kr

Sum  

37

22 400 000 kr


Opphoping på enkelte institusjonar

Det kjem fram at ved nokre institusjonar og tiltak har det vore ei opphoping av born som vart plasserte og som har fått oppreising.

Følgjande institusjonar er døme på plasseringar med slik opphoping:

  • Sogn barneheim, Leikanger i Sogn
  • Eikelund spesialskule, Bergen
  • Barnesanatorium
  • Fosterheim i og utanfor fylket.

57 søknadar til saman

Det har kome inn til saman 57 søknadar om oppreising, og 37 av desse har blitt innvilga. Det er ulike årsaker til at søkjarar ikkje har fått oppreising. Enkelte har ikkje stetta vilkåra i ordninga, medan det i andre tilfelle ikkje er sannsynleggjort at søkjaren var utsett for omsorgssvikt eller overgrep.

To klagesaker er per dags dato til handsaming i kommunane sitt eige klageorgan.

Alle kommunane har hatt saker til ordninga, med unntak av Askvoll, Solund, Gulen, Gaular, Hornindal og Aurland.

Sluttrapport

Sluttrapport for den kommunale oppreisingsordninga i Sogn og Fjordane

For meir informasjon

Arvid Mellingen
leiar for oppreisingsutvalet
tlf.: 57 62 88 50 / 900 82 541
e-post: arvid@advokat-tollefsen.no

Karen Steingildra
konsulent i sekretariatet for oppreisingsordninga
tlf.: 57 65 61 45 / 481 77 249
e-post: karen.kristine.steingildra@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut