Logoen til Regionalt forskingsfond Vestlandet på kvit bakgrunn.
Logoen til Regionalt forskingsfond Vestlandet på kvit bakgrunn.

37 millionar til ny forsking på Vestlandet

Regionalt forskingsfond Vestlandet gir 36,6 millionar kroner til nye forskingsprosjekt i landsdelen. Førde kommune, WoodInWest AS i Høyanger og Sogn og Fjordane fylkeskommune er blant dei som får støtte.

Styret i Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFF Vestlandet) har vedtatt å løyve 36,6 millionar kroner til ny forsking i Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland. Tildelinga omfattar 26,7 millionar til ti større forskingsprosjekt i næringsliv og kommunal sektor og kvalifiseringsstøtte på 4,9 millionar til vidareutvikling av elleve prosjekt som er i startblokkane. For første gong gir fondet også midlar – 5 millionar – til eit forskarprosjekt som skal bidra til auka forståing av grunnleggande drivkrefter bak og hinder for regional innovasjon og utvikling.

 Vi har valt å ha berre ei utlysing av hovudprosjektmidlar i år, og da er det gledeleg å sjå at responsen har vore så god. 51 søknader frå bedrifter og kommunar er meir enn i noka tidligare utlysing, og mange søknader hadde svært god kvalitet, seier Solveig Ege Tengesdal, fylkesordførar i Rogaland og styreleiar for RFF Vestlandet.

Nettverksbygging i demensomsorga

Førde kommune får 2,9 millionar kroner til å utvikle eit nytt, nettbasert verktøy for styrka samhandling med og blant pårørande til personar med demens.

Forsking viser at tidleg involvering av pårørande er viktig for best mogleg oppfølging av personar med demens. Ein veit også at tett samspel med – og ikkje minst mellom – pårørande kan bidra til at personar med demens vert buande lenger heime, i tråd med det dei fleste ønskjer. Samtidig viser det seg at mange stader i landet – ikkje minst på Vestlandet – kan noko så enkelt som geografisk avstand gjere nettverksbygging og informasjonsutveksling vanskeleg. Førde kommune vil derfor lage eit verktøy som fremjar involvering og samarbeid innan familien og nettverket til personar med demens. Verktøyet skal vere tilgjengeleg uavhengig av bustad og enkelt kunne skreddarsyast ulike behov.

 Gode og brukarvenlege løysingar som fremjar kommunikasjon og læring blant pårørande, er etterspurte både av kommunale aktørar i demensomsorga og av støtteapparat og interesseorganisasjonar. Ein fast struktur for informasjonsutveksling i eit personleg nettverk kan gjere samarbeid og avlastning enklare og meir effektivt og vere ein fordel for både dei demente sjølve, deira pårørande og dei som yter offentlege tenester, seier Tengesdal.

Førde kommune har med seg Norsk Regnesentral, Conexus AS og Høgskulen på Vestlandet, nærregion Sogn og Fjordane, som partnarar i prosjektet.

For meir informasjon om prosjektet

Kurt Even Andersen
kommunalsjef helse og omsorg i Førde kommune
970 10 770

Siri Ytrehus
professor ved Høgskulen på Vestlandet
482 54 522.

Elleve får kvalifiseringsstøtte

Elleve søkjarar frå næringsliv og kommunal sektor får til saman 4,9 millionar kroner i kvalifiseringsstøtte frå RFF Vestlandet i denne tildelinga.

 Dette er ei ordning vi har hatt sidan fondet vart oppretta i 2010, for å bidra til at flest mogleg bedrifter og kommunar på Vestlandet skal kunne ta i bruk forsking som middel til innovasjon og utvikling. Interessa har vore overveldande; mange ser kvalifiseringsstøtta som ein kjærkomen moglegheit til å omsette gode idear og viktige problemstillingar til konkrete forskingsprosjekt, seier Tengesdal.

WoodInWest AS i Høyanger får ein halv million kroner til å kartleggje logistikkløysingar som kan bidra til auka industrialisering og lokal foredling av råvarer i skogbruksnæringa på Vestlandet. Prosjektet skal mellom anna leggje til rette for systematisk analyse av korleis ulike metodar for hogst og transport kan kombinerast i ein landsdel med utfordrande terreng og lange avstandar til transportknutepunkt. Det langsiktige målet er auka verdiskaping frå vestlandsk granskog gjennom heilskaplege og effektive verdikjeder som er tilpassa lokale forhold.

Sogn og Fjordane fylkeskommune får 472 000 kroner til eit prosjekt der målet er å lage ein modell for offentlege anbod som kan sikre god innføring av lavutsleppsløysingar i offentleg hurtigbåttrafikk. Ein skal særleg sjå på moglegheitene for å kutte klimagassutslepp og lokale utslepp ved å ta i bruk hydrogen som drivstoff. I prosjektet skal ein mellom anna finne ut kva hurtigbåtruter i Sogn og Fjordane og Nordland som er eigna for bruk av hydrogen og brenselsceller og utvikle forslag til miljøkriterium for offentlege anbod innan hurtigbåttrafikk.

Første tildeling til regionalt forskarprosjekt

For første gong har RFF Vestlandet lyst ut midlar til omfattande forskarprosjekt som kan bidra til ei betre forståing av drivkreftene i utviklinga av landsdelen.

 Fondet er blitt ein viktig reiskap for finansiering av forsking med regional relevans. Vestlandet står no overfor store utfordringar med omsyn til omstilling og fornying, og vi ønskjer å bidra til forsking som kan gje oss heilt grunnleggande kunnskap om kva drivkrefter og mekanismar som hemmar og fremjar slik omstilling, seier Tengesdal.

Etter vurdering av fire søknader, har fondsstyret vedtatt å løyve fem millionar kroner til eit forskarprosjekt leia av Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling ved Høgskulen på Vestlandet. Hovudmåla med prosjektet er å forstå kompleksiteten i økonomisk restrukturering og regional omstilling og å identifisere og utforske drivarane og hindra for fornying og nyskaping i viktige næringar i landsdelen.

Forskarane skal mellom anna kartlegge næringsstruktur og arbeidsstyrke på Vestlandet og sjå korleis etablerte verksemder tilpassar seg endringar. Dei skal også studere utviklinga av nye verksemder og næringsvegar og analysere eksisterande virkemiddelpolitikk og tiltak for regional restrukturering.

 Dette er eit ambisiøst prosjekt der ein mellom anna tek sikte på publisering av ti vitskaplege artiklar. Vi har også god tru på at forskarane skal bidra med ny innsikt som vil gjere det lettare å utvikle treffsikre politiske omstillingstiltak som er tilpassa akkurat vår region, seier Tengesdal.

Bak prosjektet står eit konsortium med Mohnsenteret i Bergen og IRIS AS/Universitetet i Stavanger – leiande norske fagmiljø innan studiar av innovasjon og regional utvikling – i spissen. Dei vil samarbeide med sterke internasjonale fagkrefter frå Universiteit Utrecht (Nederland), Queensland University of Technology (Australia), London School of Economics og University of Manchester.

For meir informasjon om prosjektet

Stig-Erik Jakobsen
leiar for Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling ved Høgskulen på Vestlandet
934 87 524.

Nye utlysingar

RFF Vestlandet har laupande mottak av søknader om kvalifiseringsstøtte. Nye søknader mottekne innan 15. august, vert behandla innan utgangen av september. Neste utlysing av forskingsmidlar til regionale bedriftsprosjekt og regionale offentlege prosjekt i kommunal sektor vil få søknadsfrist 14. februar 2018.

For meir informasjon

Kontakt sekretariatet på forsking@hfk.no eller ta kontakt med

Solveig Ege Tengesdal, styreleiar RFF Vestlandet, tlf. 907 22 027
Randi Lotsberg, seniorrådgivar RFF Vestlandet, tlf. 412 17 015

Sjå også heimesida til fondet.

Regionalt forskingsfond Vestlandet

Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFF Vestlandet) er ein viktig pådrivar for forskingsdriven innovasjon i næringsliv og offentleg sektor på Vestlandet. Fondet gir økonomisk støtte til forsking som utnyttar vestnorske fortrinn og løyser viktige utfordringar for landsdelen. RFF Vestlandet er ei felles ordning for fylkeskommunane Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland og samarbeider tett med Noregs forskingsråd. Dei tematiske prioriteringane er vedtekne av fylkestinga i fondsregionen. Sidan 2010 har fondet støtta vestnorsk forsking med over 280 millionar kroner.

Ny kunnskap driv Vestlandet framover!

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00