35 millionar til bulyst i 2013

Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) har i år løyvd 35 millionar kroner til prosjekt som kan skape bulyst. Alle offentlege og private aktørar og verksemder kan søkje innan fristen 8. mars.

Bulyst-midlane skal blant anna leggje til rette for meir attraktive lokalsamfunn. Departementet ønskjer også å få vite meir om kvifor folk buset seg der dei gjer.

KRD prioriterer følgjande tema i tildeling av midlane:

  • Inkludering av innvandrarar i distriktsområda
  • Utviklingsprosjekt retta mot ungdom
  • Tilflyttingsprosjekt

Fylkeskommunen samordnar søknadane i Sogn og Fjordane, og vil i tillegg leggje vekt på om prosjekta er forankra i fylkeskommunale og kommunale planar. Søknadane må gjelde eit hovudprosjekt med konkrete mål og tiltak.

Meir om bulystmidlane og kontaktinformasjon

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut