32 søkjarar til ei traineestilling

Det kom inn til saman 81 søknadar til dei 14 traineestillingane Framtidsfylket lyste ut for verksemder og organisasjonar i Sogn og Fjordane i år. Av dei vil heile 32 arbeide med kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Fylkeskommunen er ein attraktiv arbeidsgjevar. Det syner søknadstala til traineestillingane våre. I fjor var det 46 søkjarar til to traineestillingar, i år er det 32 søkjarar til ei stilling.

Søkjarane har varierande bakgrunnar, men dei held seg innan fagområdet humaniora. 14 av søkjarane har utdanning på masternivå. Arkitektar, arkeologar, kulturvitarar og samfunnsplanleggjarar er blant dei som har søkt på stillinga.

Traineen som vert tilsett, får arbeidsstaden sin i kulturavdelinga i fylkeskommunen. Hovudarbeidsoppgåva vert arbeidet med lokale kulturminneplanar. Dette er eit prosjekt fylkeskommunen startar opp hausten 2012.

Meir om traineeordninga til Framtidsfylket.

For meir informasjon

Jan Erik Weinbach
jan-erik.weinbach@sfj.no
tlf. 57 65 64 31

Del dette:

Relaterte lenker