Tre personar står ute ved eit turskilt der det står Soleide 2,5 km. Frodige buskar og skog bak dei.
Tre personar står ute ved eit turskilt der det står Soleide 2,5 km. Frodige buskar og skog bak dei.

Frå venstre Atle Skrede (Sogn og Fjordane fylkeskommune), Astrid Kalstveit (Sogn og Fjordane Turlag) og Pål Fidjestøl (Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane) ved eit eksempel på skilt som er av den nasjonale turskiltnormen. Foto: Kristian Helle/Sparebanken Sogn og Fjordane

300 000 kroner til turskilt og stibygging

Turstiar skal utbetrast og skiltinga skal bli lik i heile fylket. Til dette vert det gitt ei gåve på 300 000 kroner frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

– Betre tilrettelegging av turtilbod gir stor auke i turaktivitet, som igjen gir betre folkehelse. Difor er det veldig kjekt for oss å vere med å bidra til dette prosjektet, seier Pål Fidjestøl.

Han er kultursjef i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som gir gåva på 300 000 frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

Prosjektet er eit samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune, kommunane i fylket og Sogn og Fjordane Turlag. Det går ut på at det skal bli betre skilting langs stiar i Sogn og Fjordane, og at sjølve stiane også skal utbetrast. 

Like skilt i heile fylket

Turskilt-delen av prosjektet går ut på å skilte turstiar heilt frå kommunesentera og parkeringsplassar, og fram til både dagsturhytter og andre turmål. Skilta vil vere i tråd med den nasjonale turskiltnormen, som betyr like skilt til alle turmål.  Det er også ein del av prosjektet at turstiane vert registrerte digitalt i Kartverket sine turkart, i tillegg til ut.no.

Til denne skiltinga er 200 000 kroner av den totale gåva på 300 000 gitt til kommunane.

– Sogn og Fjordane fylkeskommune har i tillegg fått godkjenning frå Kulturdepartementet om at vi kan søkje om spelemidlar til prosjektet på vegne av heile fylket, seier Atle Skrede, rådgjevar i nærings- og kulturavdelinga i fylkeskommunen. Han held fram:

– Gåva frå sparebankstiftinga, dugnad frå turlaga og spelemidlar på 50 prosent av kostnaden, gjer at dette kan gjennomførast utan kostnad for kommunane, forklarer Skrede.

100 000 reservert til materialar

Når det gjeld den andre delen av prosjektet, stibygging, har Sogn og Fjordane Turlag gjort ein kjempejobb på dette feltet i mange år, men Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane ser at mykje av tida går på å hente inn finansiering til materialar.

100 000 kroner av gåva er difor reservert til Sogn og Fjordane Turlag for nettopp dette. Nye stiar, utbetring av stiar, og gjere det meir framkomeleg med bruer og klopper over myr, er eksempel på kva midlane skal brukast på.

– Behovet er stort for materialar som kan vere med og skåne terrenget, og tole presset frå stadig aukande turglede i distrikta. Turlaga ønskjer at folk flest skal få oppleve naturen og bli kjent i sitt eige nærområde, seier dagleg leiar i Sogn og Fjordane Turlag, Astrid Kalstveit.

– Vi i Sogn og Fjordane Turlag er takksame for dei tildelte midlane til turstiar, som turlag i fylket ryddar og held ved like på dugnad, avsluttar Kalstveit.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut