300 000 kroner til profileringsfilm

– Skal ein treffe ungdom, så gjer ein ikkje det med eit rundskriv. Og det er ungdomen vi er ute etter, seier utvalsleiar Kjartan Longva, etter at det vart klart at hovudutval for plan og næring løyver 300 000 kroner til filmen "Framtidsfylket Sogn og Fjordane".

Hovudutval for plan og næring har fordelt regionale utviklingsmiddel i dag 22. september, og blant dei som fekk tilskot er profileringsfilmen for ungdom, "Framtidsfylket Sogn og Fjordane".

Filmen er eit samarbeidsprosjekt mellom blant andre andre Sogn og Fjordane fylkeskommune, Framtidsfylket og NHO og skal marknadsføre Sogn og Fjordane som eit attraktivt fylke å bu og arbeide i.

I veke 39 blir det klart kva filmselskap som skal lage filmen.

100 000 til reiselivsforsking

Hovudutvalet vedtok også å løyve middel til ei rekkje andre prosjekt. Blant desse er Nærøyfjorden Verdsarvpark som får eit tilskot på 400 000 kroner til prosjektet "Verdiskaping skjer i møtet", og Vestlandsforsking som får 100 000 kroner til forskingsprosjektet "Andre generasjon reiseliv i Distrikts-Norge".

Hovudutvalet følgde tilrådinga til fylkesdirektøren på alle punkt utanom eitt. Dei valde nemleg å utsetje avgjersla om prosjektet "Leidang Kystlei Sognefjorden" skal få eit tilskot på 200 000 kroner for perioden 2010–2011 til utvalsmøtet i oktober, dette for å sikre seg meir informasjon om prosjektet.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00