Tre personar står på brua ved elvi utanfor Fylkeshuset i sola.
Tre personar står på brua ved elvi utanfor Fylkeshuset i sola.

Foto: Anne Silje Sylvarnes/Sogn og Fjordane fylkeskommune

25 millionar til spennande ny forsking på Vestlandet

Regionalt forskingsfond Vestlandet gir 25 millionar kroner til ny og spennande forsking i landsdelen. Sogn og Fjordane fylkeskommune og Njøs Næringsutvikling i Leikanger er blant dei som får ferske forskingsmidlar.

Styret i Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFF Vestlandet) har vedtatt å gi 25 millionar kroner til ni nye forskingsprosjekt i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.

– Kvaliteten på søknadene i år var høgare enn nokon gong tidlegare, og vi skulle gjerne hatt midlar til fleire enn dei som no får støtte. Mange som får avslag, har fått særs gode karakterar av fagpanel oppnemnte av Noregs forskingsråd, og kunne gitt viktige bidrag til innovasjon og verdiskaping i landsdelen. Dette viser at tida er moden for å styrke dei regionale forskingsfonda økonomisk, slik eit regjeringsutnemnt ekspertutval allereie har gått inn for. Fylkeskommunane har vist seg meir enn kapable til å forvalte forskingsmidlar på vegner av fellesskapen, seier Jenny Følling, fylkesordførar i Sogn og Fjordane og styreleier for RFF Vestlandet.

Ny giv for norsk pæreproduksjon

Njøs Næringsutvikling i Leikanger får tre millionar til forsking som skal gi viktig draghjelp til norske pæredyrkarar. Konsumet av pære i Noreg har gått ned dei seinare åra, og skal ein lukkast med å snu trenden, trengst nye sortar som slår an i marknaden. På Njøs har dei dyrka fram den nye sorten Celina, som er tatt i bruk av fruktbønder i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Pæra er velsmakande, innbydande raudkinna og ganske fast i kjøtet, slik at ho er meir transportdyktig enn mange andre sortar.

Forskarane skal finne dyrkingsmetodar som gir høge, årvisse avlingar og metodar for transport og produkthandtering som sørgjer for førsteklasses produkt ut til forbrukarane. Dei skal sjå på effektane av ulike metodar for pollinering, gjødsling og vatning og gjere feltstudiar for å finne ut korleis en sikrar ein freistande raudfarge på frukta. Det er også ei viktig målsetting å spreie kunnskapen til fruktdyrkarar, landbruksrådgjevarar og relevante forskingsmiljø, slik at ringverknadene av forskinga vert størst mogleg.

– I dag vert det ikkje ein gong dyrka ei pære årleg per innbyggjar i Noreg. Det er synd, for vi har eigentleg klimatiske føresetnader for å vere «høge på pæra». Det er truleg rom for mykje meir norsk pære i marknaden seinhaustes, og dersom ein lukkast med denne forskinga, kan det bidra til at norsk pæreproduksjon kjem seg opp frå den bølgjedalen han har vore nede i, seier Følling.

Njøs Næringsutvikling vil gjennomføre forskinga i samarbeid med Universitetet i Oslo, Hardanger Fjordfrukt SA, Sognefrukt SA og Graminor AS. Graminor har som samfunnsoppdrag å utvikle plantesortar til jordbruks- og hagenæringa, og står bak kultiveringa av pæresorten Celina.

Nytt verktøy for miljøgiftkartlegging

Klimaendringane vil gi meir nedbør og hyppigare ekstremnedbør med mykje regn på kort tid. Dette aukar faren for at miljøgifter frå til dømes jordbruk, avfallsdeponi og industri finn vegen ut i elvene, sjøane og fjordane våre. Sogn og Fjordane fylkeskommune får 2,9 millionar til å utvikle nye verktøy som skal gjere miljø- og vassforvaltinga betre i stand til å vurdere denne risikoen – og til å samarbeide om gode førebyggingstiltak.

I samspel med forskarar, ei nasjonal ekspertgruppe og partnarar på tvers av sektorar og forvaltingsnivå, vil fylkeskommunen mellom anna utvikle eit digitalt verktøy for identifisering av lokale miljøgiftkjelder. Denne «miljøgiftkartleggaren» skal gjere det lettare for lokal og regional miljøforvalting å få oversikt over potensielle forureiningskjelde. Prosjektet skal også utvikle metodar for å analysere risikoen for og konsekvensane av spreiing av miljøgifter som følgje av klimaendringar.

– Det finst mykje forsking som viser at ekstremnedbør vaskar miljøgifter ut i vatnet. Dette kan ha alvorlege konsekvensar for menneske og miljø. Vi treng meir kunnskap om korleis klimaendringane kan spreie forureining, om korleis ulike miljøgifter påverkar vasskvaliteten og om korleis forvaltinga kan bruke denne kunnskapen aktivt, seier Jone Engelsvold, sekretariatsleiar for RFF Vestlandet.

Samarbeidspartnarar i prosjektet er Stiftinga Vestlandsforsking, NTNU, Fylkesmannen i Vestfold, Fylkesmannen i Trøndelag, Tønsberg kommune og fylkeskommunane Vestfold, Telemark og Trøndelag.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut